Vikevollen sjukeheim

Avlasting

Avlastning er heimla i Helse- og omsorgstenestelova § 3-6 som omhandlar kommunen sitt ansvar ovanfor pårørande som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.

*Tenestebeskrivinga skal opp til politisk handsaming, tar atterhald om endringar.

Kven får tildelt avlasting

Avlastning vert gitt til pårørende eller verge som utfører særlig tyngende omsorgsarbeid.

Omsorgsarbeidet må vera fysisk og/eller psykisk krevjande, kan føre til nattarbeid eller avbrot i søvn, har vart over tid, skjer i periodar eller heile tida og fører til isolasjon og mangel på ferie og fritid.

Dette er ein rett for pårørande og ikkje den som har behov for omsorg.

Avlastning skal gi pårørande moglegheit for å oppretthalde gode familierelasjoner, bevara sosialt nettverk, samt regelmessig fritid og ferie.

Avlastning erstatter ikkje, men vert gjeve i tillegg til tenester til den som har behov for omsorg.

 

Praktiske opplysningar

  • Avlastning kan vera på dagtid, kveld eller natt eller på timebasis i og utanfor institusjon.
  • Avlastning kan gis heime, i avlastningsbustad eller i institusjon.
  • Avlastning i institusjon er tidsbegrensa og inneheld ikkje tilbod om medisinsk utgreiing, behandling eller rehabilitering.
  • Ein må søke spesielt om avlastning for born på dagar dagar skule eller barnehage er stengt.
  • Brukar må ha med seg naudsynt personleg utstyr, medisinar og hjelpemiddel til avlastning.

Avlastning vert vurdert opp mot andre tenester og tiltak som kan avlaste pårørande.

 

Pris

Avlasting er kostnadsfritt, men kommunen kan krevje betaling for institusjonsopphald som har grunnlag i helsehjelp.