Årsplan for Utne barnehage 2023/2024Verdigrunnlaget til barnehagenFormålet med og innhaldet i barnehagenArbeidsmåtane til barnehagenOvergangarSamarbeid mellom heimen og barnehagen

Årsplan for Utne barnehage 2023/2024

Årsplan
Lov om barnehage § 2 (ledd 9) barnehagens innhold:
Med utgangspunkt i rammeplan for barnehagen skal samarbeidsutvalet for kvar barnehage fastsetje ein årsplan for den pedagogiske virksomheiten.

Rammeplan for barnehage

Barnehagen skal utarbeide ein årsplan. I tillegg skal det utarbeidast planar for kortare og lengre tidsrom og for ulike barnegrupper etter behov. Årsplanen er ein arbeidsreiskap for barnehagepersonalet og dokumenterer vala og grunngivingane til barnehagen. Årsplanen kan gi informasjon om barnehagens pedagogiske arbeid til myndigheitsnivåa, samarbeidspartane til barnehagen og andre interesserte.

Styraren skal leie prosessen med å utarbeide årsplanen. Årsplanen skal fastsetjast av samarbeidsutvalet i barnehagen. Årsplanen skal vise korleis barnehagen vil arbeide for å omsetje formålet og innhaldet i rammeplanen og dei lokale tilpassingane i pedagogisk praksis. Årsplanen skal mellom anna vise korleis barnehagen arbeider med omsorg, leik, danning og læring. Her må også progresjon tydeleggjerast. Ein skal synleggjera korleis medverknaden frå barn og foreldre blir teken inn i planleggingsarbeidet, og korleis barnehagen vurderer det pedagogiske arbeidet sitt. Det skal og komme fram korleis barnehagen arbeider med tilvenjing av nye barn og sikrar samarbeid og samanheng med skulen.

I samiske barnehagar skal årsplanen byggje på den samiske årstidskalenderen. Årsplanen skal vise korleis barnehagen knyter det pedagogiske arbeidet til årets gang og endringane i naturen (Rammeplan for bhg).

 

Ullensvang kommune

Hovudmål: Personalet skal arbeida med å fremja eit trygt og inkluderande miljø i barnehage og skule. Vi skal førebyggja, stoppa og følgja opp diskriminering, utestenging, mobbing, krenkingar og uheldige samspelsmønster.

 

Bilete av Utne barnehage ut fjorden. Bilete.

Verdigrunnlaget til barnehagen

1.1 Visjon

Visjonen til Utne barnehage er: Ein god start – gje alle barna i Utne barnehage opplevinga av den gode barndom.

 

1.2 Verdiar

Omsorg: Å vere tilstades her og no. Merksemd: Det å sjå og ta imot barna på ein god måte ved levering og gjennom dagen. Gje trøyst, eit fang å sitje på. Snakka med og ikkje til, vere lyttande, anerkjennande. Behandle alle individuelt ut frå behov i forhold til alder, modnad.

Likeverd: Vere inkluderande og oppmerksame, sjå barna for den dei er. Respekt for enkeltbarn, vise omsorg. Vere ein god rollemodell.

Respekt: Ta barna på alvor,tru på det barna seier, vere lyttande, ha ein anerkjennande veremåte, snakke med og ikkje til, behandle barna likt uavhengig av sosial bakgrunn.

Tryggleik: Vere trygg base når barna treng det, fleksible og lyttande vaksne, sjå enkeltbarn, vere tilstades og «på», ha tid, ha omsorg for, faste rutinar og føreseielege, gode overganger, positive haldningar til barn/foreldre, godt samarbeid mellom personale/barna/foreldre.

 

1.3 Barn og barndom

I Rammeplan for barnehagen 2017 står det: “Barnehagen skal anerkjenne og verne om eigenverdien til barndommen. Å bidra til at alle barn som går i barnehage, får ein god barndom som er prega av trivsel, vennskap og leik, er fundamentalt.”

I Utne barnehage vil me gje alle barn opplevinga av den gode barndom. Me vil at barna og personalet skal trivast og ha eit godt og utviklande miljø.

Kva legg me i barndommen sin eigenverdi:

  • Vere bevisst på å la barn vere barn, leik er viktig, unngå unødige vaksenstyrte aktivitetar
  • Trivsel, vennskap og leik er det viktigaste innhaldet i barnehage-kvardagen
  • Vaksne legg til rette for gode relasjonar og leik mellom barna

Korleis legg me til rette for ein god barndom som er prega av trivsel, vennskap og leik:

  • Ein god tilvenning er viktig for å gje barna den tryggleiken som barn må ha for å utforske og bli kjent med andre menneske
  • Me har fokus på vennskap gjennom heile barnehage-året
  • Dei vaksne blir kjent med, respekterer og ser kvart enkelt barn og deira behov
  • Dei vaksne er tilstades og påskrudd, og ser ein verdi av å undre seg, oppleve og erfare saman med barna

 

1.4 Demokrati

Det er viktig å lære barna at det er fleirtalet som bestemme, men at dei skal få seie si meining i vårt fellesskap. Me gjev barnet og barnegruppa val i kvardagen innanfor visse rammer. Dei får då råderett under rettleiing. Barna erfarer at deira stemme vert høyrt og at det vert gjennomført det dei kjem med ynskje om. Dei vil få ein forklaring om utfallet ikkje vert som dei ynskjer, om deira forslag ikkje vert imøtekome. Dei vaksne er lyttande vaksne som bidreg til å lære barna å respektere kvarandre. I vårt fellesskap har me ein inkluderande haldning og er positiv til ulikheiter i vårt fellesskap.

 

1.5 Mangfald og gjensidig respekt

I barnehagen skal me fremje respekt for menneskeverdet ved å synleggjere, verdsetje og fremje mangfald og gjensidig respekt. Barna skal få oppleve at det finst mange måtar å tenkje, handle og leve på.

I Utne barnehage gjev me rom for ulikheiter, alle er ein del av og har sin plass i fellesskapet. Alle barn er forskjellige og har ulik bakgrunn. Me markerar ulike høgtider som er representert i barnegruppa, Samenes nasjonaldag vert og markert. Me er med på FORUT Barneaksjonen kvart år, der barna får lære om barn i andre land. Me synleggjer og eit mangfald i familieformer, og sørgjer for at alle i barnehagen får spegla sin familie.

Alle barn skal oppleve å kjenne seg sett og anerkjent ved at personalet møter barn på ein inkluderande måte og arbeider for å inkludera det enkelte barn i fellesskapet. Personalet har eit ansvar for å etablere relasjon til barnet, verdsetje kvart enkelt barn og glede oss over det dei bidreg med til fellesskapet.

 

1.6 Likestilling og likeverd

Likestilling handlar om relasjonar og om å sjå og leggje forholda til rette for pedagogisk virksomheit som ikkje reproduserer tradisjonelle kjønnsrollemønstre. Alle barn må få like moglegheiter til å bli sett og høyrt, og barnehagen må leggje til rette for at barna vert oppmuntra til å delta i fellesskap i alle aktivitetar i barnehagen. Korleis me vaksne i barnehagen møte barna, korleis og kva me gjev merksemd til har betydning for kva barna lærer om kven dei er og kan bli i framtida.

 

1.7 Berekraftig utvikling

Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen.

I Utne barnehage har me hatt fokus på berekraftig utvikling dei siste åra. Me nyttar vårt flotte nærmiljø til turar der me har plukka mykje bos, noko av boset har me laga kunstverk av, og synt fram på barnehagedagen for å visa foreldra og andre kor mykje bos me finn, både i fjøro og langsmed vegane. Barna vert medvitne om kva som skjer blant anna med plast, som ikkje vert nedbrote i naturen. Me har og ein transparent kompostbehaldar inne, der barna kan sjå kva som vert kompostert av bananskal, papir og plastkopp. Me brukar og naturmateriale til skapande arbeid med barna, til dømes så har me laga insektshotell. Me har og farga garn med navlelav og bjørkebladar, laga te av nyper, granskuddsirup osb., etter initiativ frå barnegruppa. Me har fokus på tema: Frå jord til bord, frå bord til jord, som inneber at me lagar jord av matrestar (Bokashi), me sår gulrøtter kvar vår, og kvar haust får barna dra fine gulrøtter opp av jorda, som me brukar i matlaging og til mellommåltid i barnehagen. Me sår og både blomar, andre grønsaker og urter, og barna får og med seg noko heim av det dei sår.

 

1.8 Livsmeistring og helse

I Utne barnehage legg me vekt på tryggleik og trivsel. Det er viktig at barna får ein oppleving av tryggleik heilt frå dei byrjar i barnehagen, og at ein arbeidar for at barna skal trivast i barnehagen. Me legg vekt på glede i kvardagen, og har aktivitetar og moro som skaper glede og humør.

Me arbeidar aktivt for å unngå krenkingar som mobbing og utestenging i barnehagen. Frå 2019 har barnehagen halde på med eit nettkurs i regi av Høgskolen i Innlandet: “Inkluderende miljø og krenkelser”, der målet er å sikre at barnehagen fyller plikta si i tråd med barnehageloven til å:

  • Lære barna å ta vare på seg sjølve og kvarandre
  • Bidra til trivsel
  • Vere ein trygg stad for fellesskap og vennskap
  • Motarbeide all diskriminering
  • Ivareta barna sine behov for omsorg

Ein barnehage som har fokus på eit godt psykososialt miljø. jobbar samtidig førebyggjande mot diskriminering og mobbing.

Kvilestund og barneyoga i barnehagen: Omsorg, ro og moglegheit til å “lada batteria” i løpet av dagen er ein viktig føresetnad for barna si utforsking, læring og utvikling. I løpet av timane barna er i barnehagen er det eit høgt aktivitetsnivå, med veksling av vaksenstyrte aktivitetar og leik. Barna tek i mot både kognitiv og sosial læring. Me vil gje barna moglegheit til å oppleva ein roleg stund, stillheit og indre fokus, og til å henta seg inn att etter mange inntrykk.

I Utne barnehage nyttar me eit psykopedagogisk verktøy som heiter Grøne tankar – glade barn. Målet med å bruke dette verktøyet er å hjelpe barna til å utvikle gode haldningar til seg sjølve og andre, og fremje evne til eigenomsorg og prososial åtferd. Barna får lære å forholde seg konstruktivt til eigne tankar, verktøyet kan hjelpe oss til å snakke om vanskelege eller rare tankar som høyrer saman med ulike kjensler, som til dømes redsel og sinne. Alle kjensler vert omtala, og barna får og kjennskap til ulike måtar å løyse vanskelege situasjonar på.

Mat i barnehagen: Vanar og handlingsmønstre tek form alt frå tidleg alder av. Gode vanar som ein tileigner seg i barnehagealder kan vare livet ut. Utne barnehage ynskjer å leggje til rette for at barna får oppleve matglede og matkultur, og at dei får medverka i mat og måltidsaktivitetar der dei vert oppmoda og motivert til å ete sunn mat, og at dei kan få ein forståing for korleis sunn mat kan bidra til god helse.
I Utne barnehage jobbar me etter Helsedirektoratet sine nasjonale faglege retningslinjer for mat og måltid i barnehagen. Me bakar brød nesten kvar dag, og har fokus på å lage mat frå botnen av.

I Utne barnehage har me:

  • Smøremåltid til lunsj med sunt og variert pålegg
  • Ein dag i veka har me varm lunsj med fisk som hovudingrediens
  • Tilbod om havregraut til frukost kvar fredag.
  • Oppskåren frukt/grønsaker kvar ettermiddag.
  • På bursdagar til barna får dei velje seg ein varmrett til lunsj
  • Innimellom lagar me varmrettar, til dømes ved markering av Samenes nasjonaldag.
  • På enkelte turar vert det laga mat ute (Raud avdeling)

 

Steinar lagt i hjerteformasjon på strand. Bilete.

Formålet med og innhaldet i barnehagen

2.1 Omsorg

  • Dekkje barna sine behov for fysisk omsorg, inklusiv behov for ro og kvile.
  • Møte barna på ein open og varm måte, vise omsorg for kvart einskilde barn.
  • Vere lydhør for kva barna uttrykkjer, prøve å oppfylle behovet deira for omsorg på ein god måte.
  • Støtte og oppmuntre barna til å vise omsorg for andre og til sjølv å ta imot omsorg.
  • Bidra til at barna kan utvikle tillit til seg sjølve og andre.
  • Sørgje for at alle barna trivast, kjenner seg trygge og kjenner tilhøyrsle i barnehagen.

 

2.2 Leik

Leiken er ein livs- og læringsform som barn kan uttrykkje seg gjennom. Samspel i leiken er viktig for barna sin allsidige utvikling, og alle barn må og skal difor få moglegheit til å delta i leik.

  • Vaksne som er tilgjengelege, som kan leggje til rette for variert leik som rørsleleik, rolleleik, regelleik, fantasileik, konstruksjonsleik
  • Vaksne som startar, vernar og vidareutviklar leik
  • Inkluderande og anerkjennande vaksne som kan hjelpe barn som har vanskar med å kome inn i leik
  • Vaksne som observerar barna sin leik, med utgangspunkt i ynskje om å forstå kva som skjer i leiken
  • Vaksne som rettleiar i konfliktløysning
  • Vaksne som observerar relasjoner og iverkset tiltak ved uheldige samspelmønstre

 

2.3 Danning

Danning er ein prosess som barnet sjølv er ein aktiv deltakar i. Ein kan tenkje seg at danning er det å verte seg sjølv som menneske, i samspel med andre. Danning er ein prosess der vaksne leiar og rettleiar barna, slik at dei gradvis tar større ansvar for seg sjølv og fellesskapet. Noko av det viktigaste i danningsprosessen er å gje barna god sjølvkjensle, og at dei gjennom den kan forstå seg sjølve og andre. Barna skal våge å hevde seg sjølve og sine meiningar, men og respektere at andre tenkjer annleis og har eigne behov.

 

2.4 Fremje læring

Læring om seg sjølv, om andre menneske, om samspel og om den fysiske verda omkring er prosessar som er med på å skape meining i barn sine liv. Barnehagen skal styrke barn sin læring i formelle og uformelle læringssituasjonar. Dei formelle er planlagd og leia av personalet, dei uformelle er i her og no situasjonar, som leik og anna samhandling. Barn lærer gjennom alt dei opplever og erfarer. Korleis me vaksne møter barna sine uttrykk gjennom kropp, språk, kjensler og sosiale relasjoner har betydning for barnet sin læring.

Eit godt og stimulerande læringsmiljø i Utne barnehage er:

  • Gjentakingar/repetisjonar
  • Leik
  • Spegling – vaksne som rollemodellar
  • Observasjon – lære av å sjå
  • Erfaringar – praksis
  • Tryggleik
  • Nytte sansane
  • Gje barna felles opplevingar ved vaksenstyrte aktivitetar
  • Ha nok rekvisittar
  • Faste rutinar og dagsrytme
  • Snakke medan me gjer
  • Bøker
  • Motorikk, nytta nærmiljøet

 

2.5 Vennskap og fellesskap

I Utne barnehage har me vennskap som tema gjennom heile barnehage-året. Alle kan ikkje vere bestevenner, men alle kan vere vennlege mot kvarandre.

Sosial kompetanse er ein forutsetnad for å fungere godt i lag med andre. Grunnlaget for å utvikle sosial kompetanse inneber at barna må få anledning til å ta i mot og å gje omsorg til andre. Sosial kompetanse utviklast gjennom heile livet, gjennom leik og samhandling med andre menneske. Barna må øve på å tolke andre sine signal, både kroppsleg og verbalt, samtidig som dei skal ha støtte til å styrke sin eigen sjølvkjensle. Danning skal setje barna i stand til å tenkje sjølv, søkje kunnskap, reflektere over og vurdere påståtte sanningar, stille spørsmål og yte motstand på eigne og andre sine vegne. Barn må forstå at felles verdiar og normer er viktige for fellesskapet.

 

2.6 Kommunikasjon og språk

I Utne barnehage har me fokus på språk og kommunikasjon. Barna får eit mangfaldig og rikt språkmiljø gjennom:

  • Gode kvardagssamtalar – språkutviklande samtalar/aktive språkbevisste vaksne
  • Deltaking i leik
  • Opplevingar
  • Språkgrupper
  • Aktivitetar med bevegelse (grunnlaget for språket ligg i det musiske: Rytme, bevegelse, lyd)
  • Sang og musikk
  • Samlingsstund, dagsplan, Kims leik
  • Eventyr, rim og regler, vekas dikt
  • Bøker, besøk på biblioteket
  • Dialogisk lesing
  • Digitale verktøy

 

Arbeidsmåtane til barnehagen

3.1 Arbeidsmåtar

I Utne barnehage tek me utgangspunkt i barna sine interesser som kjem til uttrykk i leik, samtalar og turar i naturen. Me tek inn alle fagområda frå Rammeplanen og jobbar tverrfagleg. Me gjev barna varierte inntrykk, stimulerer til undring og evne til å stille spørsmål og å uttrykkje seg på ulike måtar. Me brukar nærmiljøet vårt, og har gode samarbeid med Hardanger folkemuseum, biblioteket, musikkskulen og Utneheimen.

 

3.2 Tilvenning

I Utne barnehage vil me gjere vårt beste for at barn og foreldre skal få ein trygg og og god tilvenning. Det kan vere lurt å gjere seg kjent med barnehagen på førehand, ein kan besøke barnehagen i opningstida, og ein kan vere i uteområda til barnehagen om ettermiddagen. Den tida som vert brukt til å verte kjent er viktig for å skape den tryggleiken som ligg til grunn for at barna skal trivast i barnehagen. I Utne barnehage har me vanlegvis sett av tre dagar til tilvenning, men tilvenningsperioden må tilpassast kvart enkelt barn sine individuelle behov. Me tilbyr foreldra ein oppstartsamtale, ein samtale som er grunnleggjande for at foreldra og barnehagen saman kan skape eit så godt tilbod som mogleg for barnet. Målet for oppstartsamtalen er å utveksla viktig informasjon og å bli betre kjent.

 

3.3 Progresjon

Barna skal få utvikle seg og møte meistring og utfordringar ut frå eigne forutsetnader. Personalet må:

  • Oppdage, fylgje opp og utvide det barna allereie er opptatt av
  • Planleggje og leggja tilrette for progresjon i innhald for alle barn
  • Bidra til at barna får meistringsopplevingar og samtidig får noko å strekkje seg etter
  • Leggje til rette for fordjuping, gjenkjenning og gjentaking i barnehagen sitt innhald og arbeidsmåtar
  • Gje barna nye erfaringar og leggja tilrette for nye opplevingar
  • Sørgje for progresjon i bevisst bruk av materialar, bøker, leiker, verktøy og utstyr, og å gjere det tilgjengeleg for barna.

 

3.4 Barns medverknad

Barn som vert lytta til og tekne på alvor vert motivert for læring og utviklar tillit til seg sjølv og andre. Personalet skal ta utgangspunkt i barna sine interesser, initiativ og uttrykksmåtar. Samtidig skal personalet utøva ein autoritet og gje vern og omsorg. Barna skal oppleve at dei kan utøve at dei er sjølvbestemt og uttrykkje eigne intensjonar. Samtidig som dei skal øve på å regulere eigne kjensler i forhold til omgjevnadane og sjå andre sine behov. I Utne barnehage er relasjonen vaksen – barn likeverdig, men ikkje likestilt. Det inneber at den vaksne og barnet er like mykje verd, men det er den vaksne som har ansvar for relasjonen.

 

3.5 Barnehagemiljø

I Utne barnehage vil me at alle barn skal ha det trygt og godt. Me vil at alle barn skal trivast, og at dei skal oppleve inkludering og meistring kvar dag. Det inneber at personalet i barnehagen må vite korleis dei kan arbeide for at barn trivast og er inkludert i leik og samspel. Dei siste åra har det vore eit auka fokus på mobbing som eit betydeleg samfunnsproblem i Norge, og at mobbing og skjer i barnehagen.

1. januar 2021 fekk barnehagen eit nytt regelverk for barnehagemiljøet. Den nye loven skal sørgje for at alle barn får ein trygg og god barnehagekvardag.

Kva er nytt i loven?

  • Barnehagen har eit ansvar for å følgje med på korleis alle barna har det.
  • Alle ansatte har ein plikt til å gripa inn, om eit barn ikkje har det bra.
  • Barnehagen må undersøkje, og setje inn tiltak om eit barn ikkje har det bra.
  • Alle som jobbar i barnehagen skal melde frå til styrar, om dei får mistanke om at eit barn ikkje har det trygt og godt.
  • Barnehagen må laga ein skriftleg plan, om eit barn ikkje har det bra i barnehagen.
  • Barnehage-eigar har ansvar for at barnehagane følgjer reglane, og må leggje til rette for at barnehagen oppfylle krava i loven.

 

3.6 Vurdering

Personalet i Utne barnehage utgjer eit team som utfyller kvarandre, og som vil at vår barnehage skal vere ein god plass å vere for små og store. Samarbeidskulturen er prega av respekt, openheit, humor og vilje til å gjere ein god jobb, og me samarbeidar om å gjere kvarandre gode. Me har 5 planleggingsdagar og omlag 8 personalmøte/avdelingsmøte i året, der heile personalgruppa er med. Her vert det laga føringar for vårt pedagogiske arbeid. Me reflekterar rundt det som skjer i barnehagen i det daglege arbeide og vurderar det pedagogiske arbeide fortløpande. Formålet med vurderinga er å sjå om det daglege virke samsvarar med Rammeplanen, lovverket og årsplanen. Vårt vurderingsarbeid baserer seg på tilbakemeldingar frå barn og foreldre, observasjonar, barnesamtalar og dokumentasjonsarbeid, i tillegg til refleksjonar i personalgruppa. Målet med vurdering i barnehagen er å skape den gode barnehage for det einskilde barn.

 

Overgangar

4.1 Heim/barnehage

Når eit barn skal byrje i barnehagen treng det å verte trygg på dei nye vaksne, verte kjent med romma, rutinar og dei andre barna som går der. Når dei oppleve at dei vaksne i barnehagen er gode nok som omsorgspersonar kan me seie at barna er trygge nok i barnehagen. Det er viktig at foreldra får godt med informasjon om rutinar, planar osb. Sjå meir under punkt 3.2 Tilvenning.

 

4.2 Internt i barnehagen

I Utne barnehage er me mykje i lag på tvers av avdelingar, og tryggleik og tillit vert etablert blant barn og personale. Barna som skal over på ny avdeling får god tid til å verte kjent med både ny avdeling og personale som arbeidar der. På våren før overgang til ny avdeling får barna vere med på nokre turar og aktivitetar, og ved nytt barnehageår vert det sett av tid til å verte kjent med barn og rutinar på ny avdeling, det å finna sin plass i gruppa.

 

4.3 Frå barnehage til skule

I Ullensvang kommune er det utarbeidd eit årshjul for overgang mellom barnehage og skule, der det står kva alle som er involvert har eit ansvar for. I Utne barnehage har me eit god samarbeid med Hauso skule. Me har blant anna ansvar for å setje barna saman i ein gruppe, med mål om å verte “ein samansveisa gjeng”. I Utne barnehage har me ein førskuleklubb, som startar opp i september og vert avslutta i juni. Det er klubb ein gong i veka, og me nyttar eit aktivitetshefte som heiter Trampoline, sjå meir på www.trampoline.no. Formålet med å ha klubb er å førebu barna mest mogleg til skulestart. Dei vert kjent med ulike fagområde gjennom leik og læring. Me legg vekt på sosial kompetanseutvikling, merksemd og konsentrasjon, førebuande matematikk, førebuande lese- og skriveaktivitetar og trafikkopplæring. Dei øve på å sitje i ro over lengre periodar, halde fokus og rekkje opp handa. Me vil at dei skal verte sjølvhjelpne, utvikle god lærelyst og logisk tankegang og at dei trenar opp evna til problemløysing. Me varierer med bruk av Trampolinehefte, spel, aktivitetar og turar slik at dei får eit godt grunnlag for eit godt fellesskap.

Me har og eit overføringsmøte med skulen, der me etter å ha fått samtykke frå foreldra gjev informasjon om barna. Dette møtet er det skulen som inviterar til, og dei som er med på møtet er pedagogisk leiar og eventuelt styrar frå barnehagen, frå skulen er det læraren som skal ha dei i første klasse, rektor og spesialpedagog.

 

Samarbeid mellom heimen og barnehagen

5.1 Forelda sin medverknad

I Utne barnehage legg me til rette for eit godt samarbeid og dialog mellom barnehagen og heimen, både på individnivå og gruppenivå. På individnivå har me tilbod om foreldresamtaler to gonger i året, og lav terskel for å ta kontakt om det er noko. Den daglege kontakten ved levering/henting er vår viktigaste kjelde til kommunikasjon. Det vert og sendt ut mail med informasjon når noko skjer, og i garderoben heng det ei tavle der personalet skriv på det som har skjedd i løpet av dagen. Det vert og sendt ut månadsbrev.

På gruppenivå har me to foreldremøter i året, haust og vår.

I tillegg til at foreldra har forventningar til barnehagen, har barnehagen og forventningar til foreldra.

  • At foreldre deltek på foreldremøter og møter opp til foreldresamtalar.

Foreldrerådet består av alle foreldre/føresette som har barn i barnehagen, det skal fremje fellesinteressane til foreldra/føresette. Det skal og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø. Samarbeidsutvalet (SU) skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordna organ. SU består av foreldrerepresentantar, styrar, personalrepresentant og representant frå kommunen.

 

5.2 Planlegging og vurdering, foreldremøter, foreldresamtalar, Udir. si foreldreundersøking

Planlegging og vurdering

Personalet i Utne barnehage planlegg tema og aktivitetar ut i frå barna sine interesser og innspel. Planlegginga er basert på observasjon, dokumentasjon, refleksjon og samtalar med barna.

Årsplanen er eit arbeidsreiskap for barnehagepersonalet og dokumenterer vala og grunngivningane til barnehagen. Årsplanen skal vise til korleis barnehagen vil arbeide for å omsetje formålet og innhaldet i Rammeplanen og dei lokale tilpassingane i pedagogisk praksis. Årsplanen vert godkjent i Samarbeidsutvalet.

Barnehagen skal regelmessig vurdere det pedagogiske arbeidet, ved å beskriva, analysera og tolka det ut frå planane, rammeplan og lovverket. Formålet med det er å sikre at alle barn får eit tilbod som er i tråd med rammeplanen og barnehagelova. Vurderingsarbeidet byggjer på refleksjonar som heile personalgruppa er involvert i, og personalgruppa må ha kunnskap om den allsidige utviklinga og trivselen hos det einskilde barn.

Foreldremøter

I Utne barnehage er det to foreldremøter i året, haust og vår. Om hausten vert det gitt informasjon om det nye barnehageåret, tema på avdelingane og praktisk informasjon. Om våren vert det ein evaluering av barnehageåret, gjennomgang av Udir sin foreldreundersøking og ymse.

Foreldresamtalar

I Utne barnehage har me to foreldresamtalar i året, som regel i november og april. Foreldre skriv seg på ei liste som vert hengt ut i garderoben, om det ikkje passar med tidspunkta så er det lov å ta kontakt så ordne me det. På foreldresamtalane vert det tatt opp litt tilbakemeldingar om barnet sin trivsel, språkutvikling, motorisk utvikling, sosial utvikling, utfordringar, leik osb. Foreldra får og spørsmål som går på service, kommunikasjon og samarbeid, korleis foreldra oppleve barnehagen.

Udir sin foreldreundersøking

I foreldreundersøkinga får foreldre seie sin meining om barnehagetilbodet, barna sin trivsel, samarbeid heim – barnehage, informasjon og velnøye med lokaler og uteareal.Undersøkelsen vert sendt ut til foreldra og må gjennomførast frå 1. november til 20 desember kvart år.
Resulatet vert bruka av barnehagen/barnehageeigar til å vurdere og utvikle barnehagetilbodet.

 

5.3 Visma Flyt Barnehage

Visma Fly Barnehage er eit barnehagesystem som dekke alle behov for moderne administrasjon av barnehagar.

Gjennom Visma Flyt Barnehage kan kommunen tilby eit sjølbetjent og transparent barnehageopptak som og forenklar saksbehandlinga og kommunikasjon med søkjer vesentleg.

Barnehagesystemet gjer god støtte for koordinering og samordning på tvers av barnehagane, samstundes som alle prosessar vert dokumentert og arkivert.

Som styrar i barnehagen får ein god støtte til ressursplanlegging og pedagogiske aktivitetar, samstundes som det faglege arbeidet vert dokumentert og arkivert på individ og gruppenivå.

Som foresatt kan ein engasjere seg i barnet sin kvardag gjennom mobile løsningar. Dagleg kommunikasjon, samtykke og fråværsføringar er berre eit tastetrykk unna.