Årsplan for Utne barnehage 2024/2025Om barnehagenVerdigrunnlaget til barnehagenFormålet med og innhaldet i barnehagenArbeidsmåtane til barnehagenOvergangarSamarbeid mellom heimen og barnehagen

Årsplan for Utne barnehage 2024/2025

Godkjent i SU 05.09.2024.

Om barnehagen

Utne barnehage er ein to-avdelings barnehage, godkjent for 36 plassar. Barnehagen ligg i sentrum av Utne, med eit rikt nærområde. Me har fantastisk natur rundt oss og barnehagen nyttar denne både til korte og lengre turar. Rundt oss finn me og fjorden, gardar, ferja- og båttrafikk, matbutikk, legekontor, bibliotek, Hardanger folkemuseum, Utne hotell og kyrkja. Barnehagen er opptekne av samarbeid med nærmiljøet, og har mellom anna fast opplegg med museet og biblioteket.

Kvardagen er prega av leik, læring og glede og dei tilsette er aktive, tydelege og trygge vaksne. Me fordeler ofte i mindre grupper, for at kvart enkelt barn skal kjenne seg trygge, trivast og meistra ut i frå eigne føresetnadar.

Barnehagen har eit særskilt fokus på mat og måltid, og me serverer alle måltid i barnehagen (frukost, lunsj og frukt/grønt). Me bakar vårt eige barnehagebrød, og har smørelunsj fire dagar i veka. Ein dag i veka har me varmlunsj med fokus på fisk. Til frukost får barna servert havregraut og omelett.

Me har ei stabil personalgruppe som barna kjenner godt, med utdanna barnehagelærarar og spesialpedagog i full stilling som jobbar både med vedtak, men og førebyggjande arbeid.

 

Bilete av Utne barnehage ut fjorden. Bilete.

Avdelingar

Raud avdeling er inn fyrste døra de kjem til, og her finn ein borna frå 3-6 år. Her er leiken i særskilt fokus, og me er opptekne av tryggleik, omsorg, glede og utforsking.

Blå avdeling er inn andre døra, den blå døra, og her finn ein borna frå 10 mnd til 3 år. Me har fokus på kropp, rørsle og sansar, men og sjølvsagt omsorg, tryggleik, glede, sosial kompetanse og språk.

 

Satsingsområde: Mat og måltid i barnehagen

Barnehagen har eit særskilt fokus på mat og måltid i barnehagen, i tråd med Helsedirektoratet sine retningsliner for mat og måltid i barnehagen. Me har eit godt og variert tilbod, og barna får alle måltid i barnehagen; frukost, lunsj og frukt/grønt. Me bakar brødet i barnehagen, og har eit variert tilbod om pålegg. Ein dag i veka lagar me eit varmt fiskemåltid til lunsj. Til frukost serverer barnehagen havregraut i hovudsak, men her varierer me og med både knekkebrød, omelett mm. Bursdagsbarn får velja varm lunsj på bursdagen. Me har eit særs fokus på dette området for å vera med på å jamna ut sosiale skilnader. Også fordi det gjer mykje med oss som menneske; å vera ein del av eit fellesskap kring eit måltid.

Rammeplanen for barnehagar skriv “Vanar og handlingsmønter tek form alt frå tidleg alder av. Gode vanar som ein tileginar seg i barneahgealder, kan vare livet ut. Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur, mentalt og sosialt velvære og fysisk og psykisk helse”.

 

Utviklingsområde: Vaksenrolla i leiken

Barnehageåret 2024 / 2025 kjem me til å ha eit ekstra fokus på vaksenrolla i leiken, og barnas psykososiale miljø.

I Rammeplanen for barnehagar står det at “leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre.

Dei tilsette skal

  • organisere rom, tid og leikemateriale for å inspirere til ulike typar leik
  • bidra til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik og leggje til rette for utvikling av leiketema
  • fremje eit inkluderande miljø der alle barna kan delta i leik og erfare glede i leik
  • observere, analysere, støtte, delta i og gjere leiken meir verdifull på barna sine premissar
  • rettleie barna dersom leiken medfører uheldige samspelsmønster
  • vere bevisste på og vurdere si eiga rolle og deltaking i leiken
  • ta initiativ til leik og aktivt bidra til at alle kjem inn i leiken

Barnehagen startar opp eit verdiarbeid der me ser på verdiane som er viktige,, og kva dei tydar for oss. Me vil nytta praksisforteljingar i dette arbeidet, og reflektera i lag.

 

Sosial kompetanse – sentralt for trivsel og meistring

Synar til Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver som seier at sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungera godt i lag med andre. Dette handlar om ferdigheiter, kunnskap og haldningar som utviklast gjennom sosialt samspel.

  1. Sjølvkjensla: å oppleva eigenverd, akseptera seg sjølv, kjenna seg akseptert, oppleva indre styrke og ha ein positiv haldning til seg sjølv.
  2. Empati: å ha forsåing for andre sine perspektiv, tankar og kjensler, kunne leva seg inn i andre sin situasjon, visa medkjensla, ta hensyn og kunne tolke og forstå kjensøeuttrykk.
  3. Prososial åtferd: å ha positive, sosiale haldningar, og å kunne utføra handlingar som å oppmundra, bry seg om, syna omsorg, hjelpa til og dela med andre.
  4. Sjølvhevding: å kunne hevda seg sjøv og eigne meiningar på ein god måte. Våge å stå mot gruppepress, ta initiativ og bli med på leik og samtalar.
  5. Sjølvkontroll: å kunne tilpasse seg ulike situasjonar, takle konfliktar og utsetja eigne behov og ønskjer i situasjonar som krev turtaking, kompromiss og felles avgjersler.

 

1. Verdigrunnlaget til barnehagen

1.1 Visjonen til Utne barnehage er

Ein god start – gje alle barna i Utne barnehage opplevinga av den gode barndom. Barnehagen setjer fokus på barndommen som ein eigen verdi.

 

1.2 Hovudmål

  • Barna i Utne barnehage skal trivast og ha eit godt og utviklande leike- og læringsmiljø.
  • Føresette i barnehagen skal oppleve at dei har eit godt barnehagetilbod for seg og barna.
  • Personalet skal trivast og arbeide for barna sitt beste, med fokus på einskild barn og barnegruppa.

 

1.3 Verdiar

Verdiane byggjer på Rammeplanen for barnehagar, årsplan og dei tilsette sine verdiar og skal spegla dagleg drift i barnehagen. Barnehagen har jobba med verdiane, og kome fram kva dei betyr for oss, heilt konkret.

Omsorg: å vera tilstade her og no. Gje trøyst, eit fang å sitje op, snakka med og ikkje til, vera lyttande og anerkjennande. Behandle alle individuelt etter alder og modnad.

Likeverd: å vera inkluderande og oppmerksame, sjå barna for den dei er. Respekt for enkeltbarn, syna omsorg. Vera ein god rollemodell.

Respekt: Ta barna på alvor, tru på det barna seier, vera lyttande, ha ein anerkjennande veremåte, snakke med og ikkje til, behandle barna likt uavhengig av sosial bakgrunn.

Tryggleik: å vera trygg base når barna treng det, fleksible og lyttande vaksne, sjå enkeltbarn, vera til stade og “på”, ha tid, ha omsorg for, faste rutinar og gode overgongar, positive haldningar til barn/foreldre, godt samarbeid mellom personale/barn/foreldre.

 

1.4 Barn og barndom

Barnehagen skal anerkjenne og ivareta barndomens eigenverdi. I Utne barnehage er me opptekne av å gje alle barn opplevinga av den gode barndom. Dette barnesynet tar utgangspunkt i at kvart barn er kompetent og eit likeverdig medmenneske. Barna lærer og utvikler seg i samspel med andre, og dei vaksne skal leggja til rette for dette. Barna skal møtast med respekt og empati. Me er bevisste på at barn skal få vera barn, leik er noko av det viktigaste me gjer i barnehagen, og dei vaksne har fokus på gode relasjonar i leiken.

Me vil at barn og vaksne skal trivast og ha eit godt og utviklande miljø.

Slik ser ein dette i praksis:

  • Dei tilsette er støttande og tilstade, og ser kvart behov.
  • Dei tilsette skal leggja til rette for meistring, der barnet er i utvikling.
  • Dei tilsette skal leggja til rette for utvikling, både for indivitet og for fellesskapen.
  • Barna medverkar til sin kvardag.
  • Dei tilsette jobbar med å skapa eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø.
  • Dei tilsette og foreldra har eit tett og opent samarbeid.
  • Innbydande fysisk leikemiljø.

 

1.5 Demokrati

I følgje Rammeplanen skla barnehagen fremja demokrati og vera eit inkluderande fellesskap. Mellom anna skal barna få oppleva at dei får bidra og medverka til innehaldet i barnehagen uavhangig av kommunikasjonsevner og språk. Barna må difor gjevast moglegheit for å ytra seg, verta høyrd og få delta. Barna erfarer at deira stemme vert høyrd og at det vert gjennomført det dei kjem med ynskje om. Dei vil få ei forklaring om utfallet ikkje vert som dei ønskjer, om deira forslag ikkje vert møtt.

Slik ser ein dette i praksis:

  • Me observerer og fanger opp barnas interesser og tilretteleggjer deretter.
  • Barna vert oppmuntra til å koma med innspel om korleis dei vil ha det i barnehagen, og får oppleva at dei tilsette høyrer på dei, og tek dei på alvor.
  • Barna får bestemme sjølv konkrete ting i kvardagen.
  • Dei tilsette snakkar om demokrati på ein måte som er forståeleg.
  • Dei tilsette prøvar å forstå barnet sine handlingsmønster, og prøvar å setja seg inn i deira situasjon.
  • Dei tilsette han ein grunnleggjande forståing for barndomens eigenverdig.
  • Dei tilsette jobbar for eit inkluderande barnehagemilj.
  • Dei tilsette ser barna sine ulikheter som ein styrke.
  • Dei tilsette ser ressursane til alle og bygger vidare på desse.
  • Dei tilsette gjer rom for at alle barn får bidra og medverka, uavhengig av utrykksform.
  • Dei tilsette set rammer, men let barna styra retninga i ulike prosjekt.
  • Dei vaksne legg til rette for balanse mellom det vaksenstyrte/barnestyrte.
  • Fokus på inkludering
  • Dei tilsette anerkjenner alle barn der dei er.

 

1.6 Mangfald og gjensidig respekt

I barnehagen skal me fremje respekt for menneskeverdet ved å synleggjere, verdsetje og fremje mangfald og gjensidig respekt. Barna skal få oppleve at det er mange måtar å tenkja, handle og leve på.

I Utne barnehage gjev me rom for ulikheiter, alle er ein del av og har sin plass i fellesskapen. Alle barn er forskjellege og har ulik bakgrunn. Me markerer ulike høgtider som er representert i barnegruppa, samenes nasjonaldag, Rockesokk mm. Me synleggjer og eit mangfald i familieform, og sørgjer for at alle i barnehagen får spegla sin familie.

Alle barn skal kjenne seg sett og annerkjend ved at dei tilsette møter dei på ein inkluderande måte og arbeider å inkludere det enkelte barn i fellesskapen. Dei tilsette har eit ansvar for å etablere relasjon til barnet, verdsetje kvart enkelt barn og gleda seg over det dei bidreg med inn mot fellesskapen.

Slik ser ein dette i praksis:

  • Samtale og undre seg saman med ungane om likskap og ulikskap i dagleg dialog.
  • Anerkjenne likskap og ulikskap i barnehagen.
  • Familieplakat
  • Synleggjera eit mangfald i familieform
  • Sjå og snakke om kvar barna bur
  • Markere viktige høgtider i dei ulike religionene som er representert i gruppa.
  • Sjå ulikheit som ein styrke.
  • Jobba for at me skal akseptera og respektera at me er ulike.
  • La alle barna få vera i fokus; vekas hjelper, barnesamtalar mm.
  • Fokus på lokale tradisjonar og kulturarv

 

1.7 Likestilling og likeverd

Likestilling handlar om relasjonar og om å sjå og leggje forholda til rette for pedagogisk verksemd som ikkje reproduserer tradisjonelle kjønnsrollemønstre. Alle barn skal ha lik moglegheit til å bli sett og høyrd, og barnehagen må leggja til rette for at barna blir oppmuntra til å delta i fellesskapen. Dette betyr ikkje at alle skal vera like, men at alle skal ha like moglegheiter. Me har alle med oss ulike verdiar og haldningar, noko er me bevisste, andre ikkje – og alt dette vil påverka handlingane våre. I barnehagen skal me ha ein felles praksis, og dei tilsette må difor arbeide med å reflektere over eigen praksis i møte med barna. Korleis kan me sikra at alle barna får dei same moglegheitane til å læra og utvikle seg på dei områda dei er interesserte i.

Slik ser ein dette i praksis:

  • Dei tilsette har ei bevisst haldning til val av fargar, leiker, utkledningskle, ordbrukt og litteratur.
  • Dei tilsette er bevisst si rolle og er gode rollemodellar.
  • Barnehagen jobbar med vaksenrolla på eigne møter.
  • Dei tilsette er bevisste på, og har ei felles forståing av at det ikkje finnast jente-/gutekle, fargar, leiker, bøker, yrker mm.
  • Dei tilsette gjer barn eit tilpassa tilbod slik at alle barn kan nytta seg av det allmennpedagogiske tilbodet i barnehagen.
  • Alle barn får tilbod om same mat.
  • Alle barn får tilbod om same leiker.
  • Barnehagen synleggjer mangfald gjennom leiker, til dømes ha dukker i ulike etnisitetar og kjønn.
  • Dei tilsette har fokus på barnet sine gode kvalitetar.
  • Alle barn får høve til å delta ut frå sine forutsetningar, like moglegheter, men ulike utgangspunkt.
  • Synleggjer ulike tradisjonar og høgtider som er representert i barnehageuppa, men og andre.
  • Me jobbar med sosial kompetanse i alle kvardagssituasjonar og tilrettelagte aktivitetar.
  • Brukar ulike opplegg og digitale hjelpemiddel som kan vera med på å fremja språk.

 

1.8 Berekraftig utvikling

Barnehagen har eit stort fokus på berekraftig utvikling. Med det har me fokus på at me menneske imøtekjem dagens behov utan å øydeleggja for at komande generasjonar skal få dekka sitt behov. Me vaksne har ei viktig oppgåve å læra barna om dette, mellom anna korleis me tek vare på oss sjølv, ta vare på naturen og omgivnadene rundt oss. Me nyttar nærmiljøet mykje i dette arbeidet. Målet med dette er at me vil bidra til at barna vert glad i, kjenner seg heima og ønskjer å ta vare på naturen, slik at menneska som bur her etter oss skal få oppleva det same. Nyfikne og undrande barn vil ta med seg desse erfaringane til seinare i livet og kunne handla og nyttiggjera seg av naturen og ressursane på ein god og berekraftig måte.

Slik ser ein dette i praksis:

  • Dei tilsette har fokus på å skape gode vanar for barna som dei tek med seg vidare i livet.
  • Barna får erfaring med gjenbruk og bruk av naturmateriale i ulike aktivitetar.
  • Behandla leiker og utstyr på ein måte som gjer at dei varar.
  • Vera bevisste på kor mykje mat me kastar og reflektera over kva me kan gjera for å minske matsvinnet.
  • Me nyttar Bokashi til matsortering
  • Me kjeldesorterar alt
  • Barna får kjennskap til naturen som ressurs, kortreist mat
  • Me dyrker våre eigne grønsaker. Kjøkenhage
  • Vera undrande, interesserte og nysgjerrige vaksne.
  • Leggja til rette for gode naturopplevingar slik at barna trivast og vil ta vare på naturen og miljøet.
  • Gjere barna bevisste på samanhengar, til dømes kva som kan skje om det ligg søppel i naturen.
  • Gjenbruk

 

1.9 Livsmeistring og helse

I Utne barnehage legg me vekt på tryggleik og trivnad. Det er viktig at barna får ei oppleving av tryggleik heilt frå start, og at ein arbeidar for at barna skal trivast i barnehagen. Me legg vekt på glede i kvardagen, og har aktivitetar som skapar glede og godt humør.

Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å utjemna sosiale skilnader. Livsmeistring handlar om å utvikle ferdigheiter og tileigna seg praktisk kunnskap som hjelper den enkelte til å handtera medgang, motgang, personlege utfordringar, alvorlege hendingar og konflikter på best mogleg måte. Gjennom å ha fokus på livsmeistring og helse skal me førebyggja krenking og mobbing, og førebyggja og oppdaga barn som er utsett for omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Like viktig som den fysiske helsa er og den psykiske helsa – barnehagen skal bidra til barna sin trivnad, livsglede, meistring og kjensle av eigenverdi.

Slik ser ein dette i praksis:

  • Tilretteleggja for at alle opplever meistring
  • Dei tilsette tilpasser aktiviteter etter det enkelte barnets utvikling, og stiller krav slik at alle barn vert utfordra – men og får meistringskjensle.
  • Dei tilsette stiller tydlege og klare forventningar som barna forstår.

 

2. Formålet med og innhaldet i barnehagen

2.1 Omsorg

Det viktigaste for barns trivsel, utvikling og læring er å kjenna seg trygge. For å skapa tryggleik for barna treng me vaksne som synar omsorg, rettleiier, set grenser og er gode førebilete gjennom haldningar og veremåte. Dei tilsette arbeider for å vera vaksne som ser barnet som eit unikt og kompetent menneske som medverkar til å skapa sitt eige tilvære- Her skal alle barna oppleva at dei vert sett, høyrd, forstått og respekterte, og dei skal få den hjelpa og støtten dei treng.

Slik ser ein dette i praksis:

  • Dei tilsette har fokus på å byggja grunnleggjande gode relasjonar med barna.
  • Dei tilsette ser kvart enkelt barn, og deira ulike behov
  • Barna blir møtt på sine premiss og med sine føresetnader
  • Dei tilsette er varme og trygge vaksne
  • Dei tilsette oppmuntrar og støttar barna til å uttrykkja kjenslene sine
  • Dei tilsette er sensitive for kva barna uttrykker, og følgjer opp behovet deira for omsorg.

 

2.2 Leik

For barn er leiken ein naturleg tilstand og eit mål i seg sjølv. Gjennom leiken utforskar og prøver barnet ut eigen evne til omsorg, handling, mot og innleving. Difor er det viktig å ikkje berre sjå leiken som eit pedagogisk verkemiddel for å fremja læring og utvikling. Ut frå nyare forsking veit me at i barn si utvikling er leiken det som best utviklar barnas ibuande moglegheiter, og at leik og utvikling påverkar kvarandre gjensidig.

Barn som ikkje har erfaring, eller kunnskap om leik kan ha det vanskeleg for å sjå, og forstå leikesignala. Dette kan føre til at dei ikkje deltet i leiken og i fellesskapet. Dei tilsette må vera støttende stillas for barna, og læra dei ulike måtar å leika på slik at dei kjem inn i leiken på sine premiss- Grunnleggjande for dette arbeidet er at barna kjenner seg trygge og versett slik at dei torer å prøva, utforska, oppdaga og lytta til kva andre formidlar. Det er samstundes viktig at ein jobbar med å ha eit inkluderande og aksepterande klima i barnegruppa.

Slik ser ein dette i praksis:

  • Dei tilsette er støttande stillas for barna i leiken, lærer dei ulike måtar å leika og å koma inn i leiken på.
  • Dei tilsette vernar om leiken og er bevisst leiken sin verdi
  • Dei tilsette er tilgjengelege i leiken, både som deltakande vaksne, men og som observatør eller rettleiiar.
  • Det fysiske miljøet er tilrettelagt for ulike typar leik og barna har tilgang til eit rikt utval av leiker og materiell.
  • Dei tilsette observerer kva barna er interessert i og tilrettelegg rom og miljø ut i frå dette, og vidare inspirerer barna til å utvikle leiken.
  • Dei tilsette har gode rutinar for observasjon slik at det vert fanga opp om barn har behov for ekstra støtte.
  • Dei tilsette har god dialog med føresette om kva og med kven barnet deira leikar med.

 

2.3 Danning

Danning er ein prosess som foregår heile livet og handlar mellom anna om å utvikla evna til å reflektera over eigne handlingar og veremåtar. Det handlar om å setja barna i stand til å tenka sjølv, søkja kunnskap, reflektere over og vurdera vedteke sanningar, stille spørsmål og yte motstand på eigne og andre sine vegne. Danning er å utvikle kunnskap, verdiar og haldningar saman, gjennom dialog der alle vert anerkjent som sjølvstendige menneske med kjensler og tankar i ein felles prosess.

Slik ser ein dette i praksis:

  • Dei tilsette synar respekt for barna sin kommunikasjon og synar interesse for det barnet uttrykker.
  • Dei tilsette reflekterar i lag med barna
  • Dei tilsette har fokus på å gje barna ei god sjølvkjensle.

 

2.4 Læring

Læring om seg sjølv, om andre menneske, om samspel og om den fysiske verda omkring er prosessar som er med på å skape meining i barn sine liv. Barnehagen skal styrke barn sin læring i formelle og uformelle læringssituasjonar. Dei formelle er planlagd og leia av personalet, dei uformelle er i her og no situasjonar, som leik og anna samhandling. Barn lærer gjennom alt dei opplever og erfarer. Korleis me vaksne møter barna sine uttrykk gjennom kropp, språk, kjensler og sosiale relasjoner har betydning for barnet sin læring.

Slik ser ein dette i praksis:

  • Dei tilsette tek utgangspunkt i det barna allereie er interessert i og byggjer vidare på dette.
  • Dei tilsette legg vekt på ein anerkjennande veremåte i høve barna si læring
  • Dei tilsette er merksame på interessene til barna og legg til rette for læring i ulik situasjonar og aktivitetar
  • Barna får rike og varierte opplevingar, og dei tilsette nyttar spontane moglegheiter til læring
  • Dei tilsette skapar eit stimulerande miljø på avdelinga som innbyr til utforsking og undring
  • Dei tilsette nyttar digitale verkty fir p fubba ubfirnashib saman med barna
  • Barna får ulike erfaringar i nærmiljøet der me vert invitert til å delta i ulike aktivitetar.

 

2.5 Vennskap og fellesskap

Barnehagen er ein viktig del av barnas sosialiseringsprosess. Dette handlar om å utvikla seg som individ, fungera i gruppe, og i samspel med andre. Eit aktivt og tydeleg personale er nødvendig for å skapa eit varmt og inkluderande sosialt miljø. Å anerkjenna, tillit og trygghet er grunnleggande element for utvikling av sosial kompetanse. Sosial kompetanse er eit sett av ferdigheiter, kunnskaper og haldningar me treng for å meistra ulike sosiale miljø. (KD 2017). Det handlar blant anna om å kommunisera, og å kunna samhandla godt med andre i ulike situasjonar. Eit barn som samhandlar godt med andre kan både tilpassa seg fellesskapet og vera ein synlig deltakar som hevder sin plass.

 

2.6 Kommunikasjon og språk

Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehageinnhaldet. Erfaringar og opplevingar, samtalar og uttrykk er viktig for å utvikla eit godt språk, både verbalt og kroppsleg. Små barn utan verbalt språk kommuniserer ved hjelp av andre uttrykk som mimikk og rørsle. Barnet gir meldingar og innspel som omsorgspersonane må tolka og ta omsyn til. Korleis barnet sitt potensial for utvikling blir ført vidare er avhengig av om og korleis miljøet rundt barnet klarar å gi barnet den støtte det treng. Dette er avhengig av miljøet si evne til å ta i mot bodskapen til barnet og gi konstruktiv respons på den. Språkutviklinga skjer gjennom sosialt samspel og er ein del av barnet si kognitive utvikling. Me ynskjer å legga til rette for at barna skal kunna utvikla eit rikt og variert språk. Me legg til rette for aktiv språkbruk for alle barn, og fokuserer på at dei vaksne er gode språkmodellar.

Slik ser ein dette i praksis:

  • Samlingsstunder med eventyr, songar, regler og dikt. Me brukar ofte konkrete gjenstandar i formidlinga, gjenstandar og figurar som er relevante i forhold til det teksten handlar om.
  • Språkgrupper. Me oppmuntrar fleirspråkleg barn spesielt til språkleg aktivitet. Me støtter barn med kommunikasjonsvanskar og forsinka språkutvikling.
  • Faste lesestunder.
  • Lesing ved bruk av digitale verktøy.
  • Dagleg kommunikasjon i naturlege situasjonar.
  • Leik i eit språkstimulerande læringsmiljø.
  • Besøk på biblioteket.

 

Arbeidsmåtane til barnehagen

3.1 Arbeidsmåtar

I Utne barnehage tek me utgangspunkt i barna sine interesser som kjem til uttrykk i leik, samtalar og turar i naturen. Me tek inn alle fagområda frå Rammeplanen og jobbar tverrfagleg. Me gjev barna varierte inntrykk, stimulerer til undring og evne til å stille spørsmål og å uttrykkje seg på ulike måtar. Me brukar nærmiljøet vårt, og har gode samarbeid med Hardanger folkemuseum, biblioteket, musikkskulen og Utneheimen.

“Barnehagens innhald skal vera allsidig, variert og tilpassa enkeltbarnet og barnegruppa. I barnehagen skal barna få leika og utfolda skaperglede, undring og utforskartrang. Arbeidet med omsorg, danning, leik, læring, sosial kompetanse og kommunikasjon og språk skal sjåast i sammenheng og samla bidra til barns allsidige utvikling” (KD 2017).

 

3.2 Tilvenning

Ei god tilvenning i barnehagen er viktig for at barnet skal få ein best mogleg start i sin nye kvardag. Ein mjuk start gir eit godt grunnlag for ein god barnehagekvardag. Det er store individuelle skilnader på kor raskt eit barn venner seg til sine nye omgivnader, og der enkelte barn finn seg raskt til rette vil andre bruka noko lengre tid. Dette finn me ut av i samarbeid med heimen når barnet begynner.

Ein god start for både barn og foreldre er viktig, og ein gjensidig og varm kommunikasjon mellom personal og føresette vil ha ein positiv effekt for trivnaden til barnet. Når personalet ser barn og foreldre saman vil dei få informasjon om korleis barnet kommuniserer og barnet sine vanar. Denne informasjonen bidrar til at personalet seinare kan kjenna att signala og lettare tolka barnet sitt behov.

Slik ser ein dette i praksis:

  • Pedagogisk leiar sender ut velkomstbrev i god tid før barnet startar i barnehagen
  • Foreldra og barn kan koma innom på besøk i forkant av tilvenninga
  • Dei tilsette er tett på og sender melding til føresette for å fortelja korleis barnet har det.

 

3.3 Progresjon

Progresjon i barnehagens innhald er noko som vert vektlagt i rammeplanen. Det står mellom anna at:

«Alle barna skal kunne oppleve progresjon i barnehagens innhold, og barnehagen skal legge til rette for at barn i alle aldersgrupper får varierte leke-, aktivitets- og læringsmuligheter. Personalet skal utvide og bygge videre på barnas interesser og gi barna varierte erfaringer og opplevelser.» (KD 2017: 44).

I vår barnehage legg me vekt på at det skal vera ein naturleg progresjon mellom dei ulike avdelingane, men og at det vert tilrettelagt for progresjon i gruppa og individuelt. Det krever at personalet oppdagar kva barna er opptatt av, legg til rette for meistring og passelege utfordringar, introduserer nye perspektiv og planlegg for progresjon for alle barn.

 

3.4 Barn sin medverknad

Barn som vert lytta til og tekne på alvor vert motivert for læring og utviklar tillit til seg sjølv og andre. Personalet skal ta utgangspunkt i barna sine interesser, initiativ og uttrykksmåtar. Samtidig skal personalet utøva ein autoritet og gje vern og omsorg. Barna skal oppleve at dei kan utøve at dei er sjølvbestemt og uttrykkje eigne intensjonar. Samtidig som dei skal øve på å regulere eigne kjensler i forhold til omgjevnadane og sjå andre sine behov. I Utne barnehage er relasjonen vaksen – barn likeverdig, men ikkje likestilt. Det inneber at den vaksne og barnet er like mykje verd, men det er den vaksne som har ansvar for relasjonen.

 

3.5 Vurdering

Vurdering er ein føresetnad for endring og utvikling av innhaldet i barnehagen. Ved å vurdera internt må me sjå på eigen praksis og reflektera rundt om praksisen samsvarar med måla våre. Vurderingane gjer me med utgangspunkt i tilbakemeldingar frå barn og føresette, observasjonar, barnesamtalar og personalet sine refleksjonar. I Utne barnehage vurderer me både fortløpande på ulike møtearenaer i barnehagen, og halvårleg. Målet med vurderingane er å skapa ein god barnehage for enkeltbarnet.

Personalet i Utne barnehage utgjer eit team som utfyller kvarandre, og som vil at vår barnehage skal vere ein god plass å vere for små og store. Samarbeidskulturen er prega av respekt, openheit, humor og vilje til å gjere ein god jobb, og me samarbeidar om å gjere kvarandre gode. Me har 5 planleggingsdagar og omlag 8 personalmøte/avdelingsmøte i året, der heile personalgruppa er med. Her vert det laga føringar for vårt pedagogiske arbeid. Me reflekterar rundt det som skjer i barnehagen i det daglege arbeide og vurderar det pedagogiske arbeide fortløpande. Formålet med vurderinga er å sjå om det daglege virke samsvarar med Rammeplanen, lovverket og årsplanen. Vårt vurderingsarbeid baserer seg på tilbakemeldingar frå barn og foreldre, observasjonar, barnesamtalar og dokumentasjonsarbeid, i tillegg til refleksjonar i personalgruppa. Målet med vurdering i barnehagen er å skape den gode barnehage for det einskilde barn.

Slik ser ein dette i praksis:

  • Me evaluerer eigen praksis gjennom heile året på bakgrunn av tilbakemeldingar frå barn, føresette og andre som er knytta til barnehagen.
  • Foreldremøter
  • Foreldreundersøking

 

Overgangar

4.1 Heim/barnehage

Når eit barn skal byrje i barnehagen treng det å verte trygg på dei nye vaksne, verte kjent med romma, rutinar og dei andre barna som går der. Når dei oppleve at dei vaksne i barnehagen er gode nok som omsorgspersonar kan me seie at barna er trygge nok i barnehagen. Det er viktig at foreldra får godt med informasjon om rutinar, planar osb. Sjå meir under punkt 3.2 Tilvenning.

 

4.2 Internt i barnehagen

I Utne barnehage er me mykje i lag på tvers av avdelingar, og tryggleik og tillit vert etablert blant barn og personale. Barna som skal over på ny avdeling får god tid til å verte kjent med både ny avdeling og personale som arbeidar der. På våren før overgang til ny avdeling får barna vere med på nokre turar og aktivitetar, og ved nytt barnehageår vert det sett av tid til å verte kjent med barn og rutinar på ny avdeling, det å finna sin plass i gruppa.

 

4.3 Frå barnehage til skule

I Ullensvang kommune er det utarbeidd eit årshjul for overgang mellom barnehage og skule, der det står kva alle som er involvert har eit ansvar for. I Utne barnehage har me eit god samarbeid med Hauso skule. Me har blant anna ansvar for å setje barna saman i ein gruppe, med mål om å verte “ein samansveisa gjeng”. I Utne barnehage har me ein førskuleklubb, som startar opp i september og vert avslutta i juni. Det er klubb ein gong i veka, og me nyttar eit aktivitetshefte som heiter Trampoline, sjå meir på trampoline.no. Formålet med å ha klubb er å førebu barna mest mogleg til skulestart. Dei vert kjent med ulike fagområde gjennom leik og læring. Me legg vekt på sosial kompetanseutvikling, merksemd og konsentrasjon, førebuande matematikk, førebuande lese- og skriveaktivitetar og trafikkopplæring. Dei øve på å sitje i ro over lengre periodar, halde fokus og rekkje opp handa. Me vil at dei skal verte sjølvhjelpne, utvikle god lærelyst og logisk tankegang og at dei trenar opp evna til problemløysing. Me varierer med bruk av Trampolinehefte, spel, aktivitetar og turar slik at dei får eit godt grunnlag for eit godt fellesskap.

Me har og eit overføringsmøte med skulen, der me etter å ha fått samtykke frå foreldra gjev informasjon om barna. Dette møtet er det skulen som inviterar til, og dei som er med på møtet er pedagogisk leiar og eventuelt styrar frå barnehagen, frå skulen er det læraren som skal ha dei i første klasse, rektor og spesialpedagog.

 

Samarbeid mellom heimen og barnehagen

5.1 Forelda sin medverknad

I Utne barnehage legg me til rette for eit godt samarbeid og dialog mellom barnehagen og heimen, både på individnivå og gruppenivå. På individnivå har me tilbod om foreldresamtaler to gonger i året, og lav terskel for å ta kontakt om det er noko. Den daglege kontakten ved levering/henting er vår viktigaste kjelde til kommunikasjon. Det vert og sendt ut mail med informasjon når noko skjer, og i garderoben heng det ei tavle der personalet skriv på det som har skjedd i løpet av dagen. Det vert og sendt ut månadsbrev.

På gruppenivå har me to foreldremøter i året, haust og vår.
I tillegg til at foreldra har forventningar til barnehagen, har barnehagen og forventningar til foreldra.

  • At foreldre deltek på foreldremøter og møter opp til foreldresamtalar.

Foreldrerådet består av alle foreldre/føresette som har barn i barnehagen, det skal fremje fellesinteressane til foreldra/føresette. Det skal og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø. Samarbeidsutvalet (SU) skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordna organ. SU består av foreldrerepresentantar, styrar, personalrepresentant og representant frå kommunen.

 

5.2 Planlegging og vurdering

“Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverke i desse prosessane. Målet med barnehagen som pedagogisk verksemd er å gi barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. For å oppnå dette skal barnehagen vere ein lærande organisasjon, og det pedagogiske arbeidet skal vere grunngitt i barnehagelova og rammeplanen.” (KD 2017).

Personalet i Utne barnehage planlegg tema og aktivitetar ut i frå barna sine interesser og innspel. Planlegginga er basert på observasjon, dokumentasjon, refleksjon og samtalar med barna.

Årsplanen er eit arbeidsreiskap for barnehagepersonalet og dokumenterer vala og grunngivningane til barnehagen. Årsplanen skal vise til korleis barnehagen vil arbeide for å omsetje formålet og innhaldet i Rammeplanen og dei lokale tilpassingane i pedagogisk praksis. Årsplanen vert godkjent i

Samarbeidsutvalet.
Barnehagen skal regelmessig vurdere det pedagogiske arbeidet, ved å beskriva, analysera og tolka det ut frå planane, rammeplan og lovverket. Formålet med det er å sikre at alle barn får eit tilbod som er i tråd med rammeplanen og barnehagelova. Vurderingsarbeidet byggjer på refleksjonar som heile personalgruppa er involvert i, og personalgruppa må ha kunnskap om den allsidige utviklinga og trivselen hos det einskilde barn.

Foreldremøter
I Utne barnehage er det to foreldremøter i året, haust og vår. Om hausten vert det gitt informasjon om det nye barnehageåret, tema på avdelingane og praktisk informasjon. Om våren vert det ein evaluering av barnehageåret, gjennomgang av Udir sin foreldreundersøking og ymse.

Foreldresamtalar
I Utne barnehage har me to foreldresamtalar i året, som regel i november og april. Foreldre skriv seg på ei liste som vert hengt ut i garderoben, om det ikkje passar med tidspunkta så er det lov å ta kontakt så ordne me det. På foreldresamtalane vert det tatt opp litt tilbakemeldingar om barnet sin trivsel, språkutvikling, motorisk utvikling, sosial utvikling, utfordringar, leik osb. Foreldra får og spørsmål som går på service, kommunikasjon og samarbeid, korleis foreldra oppleve barnehagen.

Udir sin foreldreundersøking
I foreldreundersøkinga får foreldre seie sin meining om barnehagetilbodet, barna sin trivsel, samarbeid heim – barnehage, informasjon og velnøye med lokaler og uteareal. Undersøkelsen vert sendt ut til foreldra og må gjennomførast frå 1. november til 20 desember kvart år.

Resultatet vert bruka av barnehagen/barnehageeigar til å vurdere og utvikle barnehagetilbodet.

 

5.3 Visma Flyt Barnehage

Visma Fly Barnehage er eit barnehagesystem som dekke alle behov for moderne administrasjon av barnehagar.

Gjennom Visma Flyt Barnehage kan kommunen tilby eit sjølvbetening og transparent barnehageopptak som og forenklar saksbehandlinga og kommunikasjon med søkjer vesentleg.

Barnehagesystemet gjer god støtte for koordinering og samordning på tvers av barnehagane, samstundes som alle prosessar vert dokumentert og arkivert.
Som styrar i barnehagen får ein god støtte til ressursplanlegging og pedagogiske aktivitetar, samstundes som det faglege arbeidet vert dokumentert og arkivert på individ og gruppenivå.

Som foresatt kan ein engasjere seg i barnet sin kvardag gjennom mobile løysingar. Dagleg kommunikasjon, samtykke og føring av fråvær er berre eit tastetrykk unna.