Årsplan for Tyssedal barnehage 2024-25
Vedteke i SU 18.06.24
Bakgrunn
Årsplan
Lov om barnehage § 2 (ledd 9) barnehagens innhold:
Med utgangspunkt i rammeplan for barnehagen skal samarbeidsutvalget for hver barnehage fastsette en årsplan for den pedagogiske virksomheten.
Ullensvang kommune
Hovudmål: Personalet skal arbeida med å fremja eit trygt og inkluderande miljø i barnehage og skule. Vi skal førebyggja, stoppa og følgja opp diskriminering, utestenging, mobbing, krenkingar og uheldige samspelsmønster.
1. Verdigrunnlaget til barnehagen
1.1 Visjon
Oppvekst Ullensvang kommune: Ulike utgangspunkt – like sjanser.
Visjonen til Tyssedal barnehage: Alle barn skal kvar dag oppleva meistring, inkludering og læring i Tyssedal barnehage.
1.2 Verdiar
Barna skal oppleva glede og latter saman med barn og vaksne, og føla at dei tilhøyrer eit fellesskap. Barna skal få god omsorg i samspel med positive vaksne. Barna skal oppleva å bli sett og høyrt og ha rett til medråderett. Vaksne skal vera omsorgsfulle og lydhøyre for meiningane til barna. Enkeltindividet skal stå i fokus og kvart enkelt barns behov skal varetakast. Det skal vera rom for at alle er ulike og alle møtest med positivitet og respekt. Vaksne skal vera gode rollemodellar for barna og fokuset skal vera på moglegheitene, ikkje avgrensingane. Vaksne skal samarbeida til barnet sitt beste, utfylla kvarandre og gi positive tilbakemeldingar til kvarandre. Vaksne skal gi barna utfordringar med utgangspunkt i interessene, kunnskapane og meistringsnivåa til barna.
1.3 Barn og barndom
Barnehagen skal annerkjenna og ivareta eigenverdien frå barndommen. Å bidra til at alle barn som går i barnehage, får ein god barndom prega av trivsel, vennskap og leik, er fundamentalt. Barnehagen er også ei førebuing til aktiv deltaking i samfunnet og bidreg til å leggja grunnlaget for eit godt liv.
Alle handlingar og avgjerder som berører barnet, skal ha barnets beste som grunnleggjande omsyn, jf. Grunnlova § 104 og barnekonvensjonen art. 3 nr. 1. Dette er eit overordna prinsipp som gjeld for all barnehage verksemd. Jf. Rammeplan for barnehage
I Tyssedal barnehage vil vi gi alle barn opplevinga av den gode barndommen. Trivsel og utvikling skal stå i fokus, vi legg til rette for gode relasjonar og leik i barnehagen.
1.4 Demokrati
Auka mangfald og individualisering gir behov for demokratiforståing, respekt for forskjellighet og positive haldningar til å leva saman i fellesskap. Gjennom å delta i fellesskapet til barnehagen skal barna få høve til å utvikla forståing for samfunnet og den verda dei er ein del av. Barnehagen skal fremja demokrati og vera eit inkluderande fellesskap der alle får høve til å ytra seg, bli høyrt og delta. Alle barn skal kunna få oppleva demokratisk deltaking ved å bidra og medverka til innhaldet i barnehagen, uavhengig av kommunikasjonsevner og språklege ferdigheiter. Jf. Rammeplan for barnehage.
Det å kunna ytra seg og si si meining er viktig i barnehagen vår. Barna erfarer at stemma deira blir høyrd. Samtidig lærer barna å respektera kvarandre, ha ei inkluderande haldning og vera positive til forskjellar i fellesskapet.
1.5 Mangfald og gjensidig respekt
I barnehagen skal vi fremje respekt for menneskeverdet ved å synleggjere, verdsetje og fremje mangfald og gjensidig respekt. Barna skal få oppleve at det finst mange måtar å tenkje, handle og leve på.
I Tyssedal barnehage gjev vi rom for ulikheiter, alle er ein del av og har sin plass i fellesskapet. Alle barn er forskjellige og har ulik bakgrunn. Vi markerar FN dagen og lærer om andre land, Samane sin nasjonaldag vert markert.
Alle barn skal oppleve å kjenne seg sett og anerkjent ved at personalet møter barn på ein inkluderande måte og arbeider for å inkludera det enkelte barn i fellesskapet. Personalet har eit ansvar for å etablere relasjon til barnet, verdsetje kvart enkelt barn og glede oss over det dei bidreg med til fellesskapet.
1.6 Likestilling og likeverd
Barnehagen skal byggja verksemda si på prinsippet om likestilling og ikkje-diskriminering og bidra til at barna møter og skaper eit likestilt samfunn. Alle skal ha like høve til å bli sett, høyrt og oppmuntra til å delta i fellesskap i alle aktivitetar i barnehagen. Personalet må reflektera over sine eigne haldningar for best mogleg å kunna formidla og fremja likeverd og likestilling. Jf. Rammeplan for barnehage
Likestilling i barnehagen skal ikkje handla om at alle skal vera like, men at alle skal ha like moglegheiter. Like høve til å delta i alle aktivitetar i barnehagen. Like høve til læring gjennom leik. Likestilling handlar om relasjonar og om å sjå og leggje forholda til rette for pedagogisk verksemd som ikkje reproduserer tradisjonelle kjønnsrollemønster.
Personalet i Tyssedal barnehage reflekterar jamnleg kring problemstillingar som; Kva rammer set vi for kva kvart enkelt barn kan gjera? Gir vi gutar og jenter like moglegheiter?
1.7 Berekraftig utvikling
Barna skal læra å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen.
Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor ei viktig oppgåve i å fremja verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn.
Berekraftig utvikling handlar om at menneske som lever i dag, får dekt dei grunnleggjande behova sine utan å øydeleggja framtidige generasjonars høve til å dekkja sine. Det handlar om å tenkja og handla lokalt, nasjonalt og globalt. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at dagens handlingar har konsekvensar for framtida. Jf. Rammeplan for barnehage
I Tyssedal barnehage bruker vi naturmateriale til skapande arbeid med barna. Vi kjeldesorterer og lærer barna om dette. Vi plukkar boss og vi sår blomar og grønsaker kvar vår og barna får ta med seg heim det dei sår. Vi gir barna naturopplevingar og gjer dei kjend med naturens mangfold. Vi gir barna erfaringar med å ta vare på naturen kring oss.
1.8 Livsmeistring og helse
Folkehelsearbeidet skal fremja helsa til befolkninga, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å førebyggja psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding. Jf. «Lov om folkehelsearbeid»
Barnehagen er ein viktig arena for å fremja folkehelsa i kommunen. Arbeid med måltid og fysisk aktivitet i barnehagen er ein del av folkehelsearbeidet til kommunen. Barnehagar, og kommunen som barnehageeigar, har eit ansvar for å leggja til rette for at barnehagen er ein helsefremjande arena og bidreg til ei utjamning av sosiale forskjellar. Den fysiske og psykiske helsa til barna skal fremjast i barnehagen. Barnehagen skal også bidra til at barna utviklar ei grunnleggjande forståing for korleis dei kan ta vare på eiga helse. Dette er nedfelt i Barnehageloven, Rammeplan for innhald i barnehagen og oppgåver og Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular mv.
Barnehagen utgjer ein unik læringsarena utanfor heimen og har ein viktig helsefremjande og førebyggjande funksjon. Måltida i barnehagen har ein viktig miljøskapande verdi og har noko å seia for mellom anna helse, trivsel og læring. Måltid og matlaging i barnehagen skal gi barna eit grunnlag for å utvikla matglede og sunne helsevanar. I barnehagen får barna tilbod om mat og drikka som er i tråd med offentlege tilrådingar. Vidare får barna høve til å vera fysisk aktive både inne og ute. Dette rustar barna og legg grunnlaget for varige, sunne vanar. Vi ynskjer å leggje til rette for at barna får oppleve matglede og matkultur, og at dei får medverka i mat og måltidsaktivitetar der dei vert oppmoda og motivert til å ete sunn mat, og at dei kan få ein forståing for korleis sunn mat kan bidra til god helse.
Rammeplanen for barnehagen legg stor vekt på fysisk aktivitet. Tyssedal barnehage legg vekt på uteleik og friluftsliv. Det blir tilrådd at barn i barnehage er fysisk aktive i minst 60 minutt kvar dag i form av uteleik eller annan fysisk aktivitet. Tilrådinga er basert på at det er ein klar og sterk samanheng mellom regelmessig fysisk aktivitet og god helse. Barnehagen legg derfor til rette for at barna får tilstrekkeleg tid til leik og variert fysisk aktivitet gjennom dagen i barnehagen.
2. Formålet med og innhaldet i barnehagen
2.1 Omsorg
Omsorg er ein føresetnad for tryggleiken og trivselen til barna, og for utvikling av empati og nestekjærleik. Barnehagen skal gi barna høve til å utvikla tillit til seg sjølv og andre. I barnehagen skal alle barna oppleva å bli sett, forstått, respektert og få den hjelpa og støtte dei har behov for. Barnehagen skal aktivt leggja til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet og mellom barna, som grunnlag for trivsel, glede og meistring. Personalet skal arbeida for eit miljø som ikkje berre gjer barna til mottakarar av omsorg, men som også verdset barna sine eigne omsorgshandlingar.
I Tyssedal barnehage jobbar vi med omsorg på følgjande måte:
- Vi ivaretek behovet til barna for fysisk omsorg, inkludert behov for ro og kvile
- Vi legg til rette for at barna kan knyta seg til personalet og til kvarandre
- Vi sørgjer for at alle barn opplever tryggleik, tilhøyrsel og trivsel i barnehagen
- Vi møter alle barn med openheit, varme og interesse og vise omsorg for kvart enkelt barn
- Vi er lydhøyre for uttrykket til barna og kjem behova deira for omsorg i møte med sensitivitet
- Vi støtter og oppmuntrar barna til å visa omsorg for andre og til sjølv å kunna ta imot omsorg
- Vi bidreg til at barna kan utvikla tillit til seg sjølv og andre
2.2 Leik
Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vera ein arena for utviklinga og læringa til barna, og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirera til og gi rom for ulike typar leik både ute og inne.
I Tyssedal barnehage jobbar vi med leik på følgjande måte:
- Vi organisera rom, tid og leikemateriale for å inspirera til ulike typar leik
- Vi bidreg til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik og legg til rette for utvikling av leiketema
- Vi fremjer eit inkluderande miljø der alle barna kan delta i leik og erfara glede i leik
- Vi observerer, analyserer, støttar, deltek i og berikar leiken på premissane til barna
- Vi rettleier barna viss leiken medfører uheldige samspelmønster
- Vi er klar over og vurderer eiga rolle og deltaking i leiken til barna
- Vi tek initiativ til leik og aktivt bidreg til at alle kjem inn i leiken.
2.3 Danning
Danning er ein prosess som barnet sjølv er ein aktiv deltakar i. Ein kan tenkje seg at danning er det å verte seg sjølv som menneske, i samspel med andre. Danning er ein prosess der vaksne leiar og rettleiar barna, slik at dei gradvis tar større ansvar for seg sjølv og fellesskapet.
Barnehagen skal støtta barna i å vera prøvande og nysgjerrig til omverda og bidra til å leggja grunnlag for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap. Barnehagen skal fremja samhald og solidaritet samtidig som individuelle uttrykk og handlingar skal verdsetjast og følgjast opp. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå felles verdiar og normer som er viktige for fellesskapet. Barnehagen skal bidra til å fremja tilhøyrselen til barna til samfunnet, natur og kultur.
I Tyssedal barnehage jobbar vi med danning på følgjande måte:
- Vi legg til rette for meiningsfulle opplevingar og støtter identitetsutviklinga til barna og positive sjølvforståing
- Vi støttar aktiviteten, engasjementet og deltakinga til barna i fellesskapet
- Vi synleggjer og verdset ulike behov, meiningar og perspektiv i fellesskapet
- Vi legg merke til, anerkjenner og følgjer opp perspektiva og handlingane til barna
- Vi utfordrar tenkinga til barna og invitera dei inn i utforskande samtalar
- Vi synleggjer og framhevar mangfald og forskjell som grunnlag for opplevingar, utforsking og læring
2.4 Fremje læring
I barnehagen skal barna oppleva eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta deira til å leika, utforska, læra og meistra. Barnehagen skal introdusera nye situasjonar, tema, fenomen, materiale og reiskapar som bidreg til meiningsfull samhandling. Nysgjerrigheita, kreativiteten og vitebegjæret til barna skal anerkjennast, verte stimulert og lagt til grunn for læringsprosessane deira. Barna skal få undersøkja, oppdaga og forstå samanhengar, utvida perspektiv og få ny innsikt. Barna skal få bruka heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine. Barnehagen skal bidra til læringsfellesskap der barna skal få bidra i eigen og andre si læring. Jf. Rammeplan for barnehage
I Tyssedal barnehage jobbar vi med læring på følgjande måte:
- Barn lærer gjennom alt dei opplever og erfarer. Barnehagen skal gi barna eit aktivt og utviklande læringsmiljø, som støttar opp om lysta deira til å leika, utforska, læra og meistra.
- Dei formelle læringssituasjonane er planlagde og leidde av personalet.
- Uformelle læringssituasjonar er knytt til kvardagsaktivitetar og her-og-nå situasjonar i leik, danning og anna samhandling.
- Ved at barnehagen legg til rette det fysiske miljøet, og gjennom planlegging og gjennomføring av ulike pedagogiske opplegg vil læringa til barna styrkjast.
- Personalet skal leggja til rette for heilskaplege læringsprosessar som fremjar trivselen til barna og allsidig utvikling.
- Vi skaper eit godt og stimulerande læringsmiljø gjennom faste rutinar og dagsrytme, føreseielegheit og gjentaking.
2.5 Vennskap og fellesskap
I Tyssedal barnehage skal vi jobba med vennskap og fellesskap på følgjande måte:
I barnehagen skal alle barn kunna erfara å vera viktige for fellesskapet og å vera i eit positivt samspel med barn og vaksne. Barnehagen skal aktivt leggja til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap.
Personalet skal:
- støtta initiativet til barna til samspel og bidra til at alle kan oppleva vennskap og læra å behalda venner.
- førebyggja, stoppa og følgja opp diskriminering, utestenging, mobbing, krenkingar og uheldige samspelsmønster.
2.6 Kommunikasjon og språk
I Tyssedal barnehage skal vi jobba med kommunikasjon og språk på følgjande måte:
Barnehagen skal vera klar over at kommunikasjon og språk påverkar og blir påverka av alle sider ved utviklinga til barnet.
Personalet skal:
- anerkjenna og respondera på barna sitt ulike verbale og nonverbale uttrykk og støtta språkutviklinga deira.
- stimulera til kommunikasjon og leggja til rette for at alle blir involverte.
- sørgja for at alle får varierte og positive erfaringar med bruk av språket som kommunikasjonsmiddel og reiskap for tenking og uttrykk for tankar og kjensler.
- fanga opp og støtte barn som har ulike former for kommunikasjonsvanskar, som er lite språkleg aktive eller som har sein språkutvikling.
- vera medvite rolla si som språkleg førebilete.
- bidra til at språkleg mangfald blir ein stimulans for heile barnegruppa.
- nytta språkgrupper, bevegelsesleik, sang, musikk, eventyr, rim og regler aktivt i språkarbeidet.
- nytta bøker og bibliotek i arbeidet med språk.
- ha fokus på gode kvardagssamtalar.
3. Arbeidsmåtane til barnehagen
3.1 Arbeidsmåtar
Rammeplan for barnehagar gir oss konkrete haldepunkt i forhold til utforming av det pedagogiske innhaldet i barnehagen. Planen angir sju fagområde som barna i løpet av eit år skal ha erfaring med. Gjennom dei ulike fagområda får barna erfaringar som går på sansing, opplevingar, tenking og kommunikasjon på ulike plan. Den naturlege utforskingstrongen til barna og nysgjerrigheit skal ivaretakast.
Avdelingane legg til rette for skapande aktivitetar, gjennom kreativ utfalding og eksperimentering. Dei vaksne skal ta vare på og stimulera lysta til barnet til vidare utforsking. Det er viktig at dei vaksne er lyttande og tek vare på lysta til barnet og engasjement på ulike område.
Tyssedal barnehage har valt å nytta seg av dei moglegheitene nærmiljøet gir oss. På denne måten gir vi barna inntrykk, utgangspunkt for undring og høve til bearbeiding av det vi ser, høyrer, opplever og finn. Vi har industrihistoria med alle minnesmerke, vi har moglegheit for fysisk utfalding ved bruk av Tyssohallen, gymsal og naturopplevingar.
Metodikken frå “Være sammen” med fokus på den autoritative vaksenrolla og grensesetjing, samt “Se barnet innenfra” ligg til grunn for arbeidet i barnehagen. “Se barnet innenfra” har fokus på korleis Trygghetssirkelen kan danna utgangspunkt for omsorg i barnehagen. Samt korleis dei vaksne kan auka sitt medvit om og kompetanse i å skapa tryggleik, syna godhet, regulera barns følelsar og hjelpa til i leik og vennskap.
“E D GREITT?”
Frå hausten 2024 skal alle barnehagar i kommunen delta i prosjektet E d greitt? «E D GREITT?» er ein del av prosjektet «Kompetanseløft – vald og seksuelle overgrep», som er eit samarbeidsprosjekt mellom Kvinnherad og Ullensvang kommune. Prosjektet er finansiert ved midlar frå Stats Forvaltaren i Vestland.
Mange barn og unge får ikkje kunnskap om vald og overgrep, og mange veit ikkje at det dei opplev ikkje er greitt. Barn treng å vite kva som er lov og ikkje, kva vald og overgrep er, at ein kan seie i frå og lære å setje grenser for eigen kropp. Det er i dag tilfeldig kva barnehagar og skular som underviser i teamet.
Dette prosjektet vil difor sikre at alle barnehagar og skular skal gje undervisning, og sikre at barn og unge får kunnskap om vald og overgrep. Alle barn i kommunen får lik kunnskap til same tid. Prosjektet vil og sikre at tilsette i barnehage og skule får meir kompetanse, og blir trygge på å snakke med barn om desse tema, samtidig som dei får auke handlingskompetanse når dei får mistanke om eller barn fortel om vald og seksuelle overgrep.
«E D GREITT?» blir eit førebyggjande arbeid på tvers i kommunen, og er eit samarbeid mellom barnehage, skule, helsestasjon og barnevern.
Barna sitt verneombod – alle skular og barnehagar i Kvinneherad og Ullensvang skal ha ein representant som skal vera barna sitt verneombod. Barna sitt verneombod skal sikre at ein held oppe arbeidet med temaet vald og seksuelle overgrep.
3.2 Tilvenning
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggja til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpassa rutinar og organisera tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjend, etablera relasjonar og knytte seg til personalet og til andre barn. Når barnet byrjar i barnehagen, skal personalet sørgja for tett oppfølging den første tida slik at barnet kan oppleva tilhøyrsel og tryggleik til å leika, utforska og læra. Jf. Rammeplan for barnehage.
I Tyssedal barnehage vil vi gjere vårt beste for at barn og foreldre skal få ein trygg og god tilvenning. Den tida som vert brukt til å verte kjent er viktig for å skape den tryggleiken som ligg til grunn for at barna skal trivast i barnehagen. Tilvenningsperioden må tilpassast kvart enkelt barn sine individuelle behov.
Vi legg tilrette for:
- Tidleg foreldremøte for nye barn
- Besøksdag
- Oppfordrar til besøk gjennom sommaren og bruk av uteområdet for å bli kjend
- Gjer tilbod om tidleg foreldresamtale
3.3 Progresjon
Progresjon i barnehagen inneber at alle barna skal utvikla seg, læra og oppleva framgang. Alle barna skal kunna oppleva progresjon i innhaldet i barnehagen, og barnehagen skal leggja til rette for at barn i alle aldersgrupper får varierte leike-, aktivitets- og læringsmoglegheiter. Personalet skal utvida og byggja vidare på interessene til barna og gi barna varierte erfaringar og opplevingar. Barnehagen skal leggja til rette for progresjon gjennom val av pedagogisk innhald, arbeidsmåtar, leiker, materiale og utforming av fysisk miljø. Barn skal få utfordringar tilpassa erfaringane sine, interesser, kunnskapar og ferdigheiter. Jf. Rammeplan for barnehage
I Tyssedal barnehage arbeider vi mot at personalet skal:
- oppdaga, følgja opp og utvida det barna allereie er oppteke av.
- planleggja og leggja til rette for progresjon i innhaldet i barnehagen for alle barn.
- bidra til at barna får meistringsopplevingar og samtidig har noko å strekkja seg etter.
- leggja til rette for fordjuping, attkjenning og gjentaking i innhalda og arbeidsmåtane til barnehagen.
- introdusera nye perspektiv og leggja til rette for nye opplevingar og erfaringar.
- sørgja for progresjon gjennom medviten bruk av materiale, bøker, leiker, verktøy og utstyr og gjera desse tilgjengeleg for barna.
3.4 Barns medverknad
Barnehagen skal ivareta retten barna har til medverknad ved å leggja til rette for og oppmuntra til at barna kan få gitt uttrykk for sitt syn på den daglege verksemda til barnehagen, jf. barnehageloven § 1 og § 3, Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon art. 12 nr. 1. Barna skal jamleg få høve til aktiv deltaking i planlegginga og vurderinga av barnehageverksemda. Alle barn skal få erfara å få innverknad på det som skjer i barnehagen.
Barnehagen skal vera klar over dei ulike uttrykksformene til barna og leggja til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alder, erfaringar, individuelle føresetnader og behov. Også dei yngste barna og barn som kommuniserer på andre måtar enn gjennom tale, har rett til å gi uttrykk for synspunkta sine på eigne vilkår. Barnehagen må observera og følgja opp alle barns ulike uttrykk og behov.
Synspunkta til barna skal tilleggjast vekt i samsvar med deira alder og modnad. Barna skal ikkje overlatast eit ansvar dei ikkje er rusta til å ta. Jf. Rammeplan for barnehage.
I Tyssedal barnehage skal vi jobba med barn si medverknad på følgjande måte:
Vi vil ha fokus på god kommunikasjon med barn og foreldre. Ta det følelsesmessige uttrykket til barna på alvor og oppmuntre barna til å gi uttrykk for eigne tankar, meiningar og ønske, og dessutan respondera på desse så godt som mogleg. Det er viktig få fram at det er dei vaksne som er ansvarlege for det som skjer i barnehagen og vi skil mellom omgrepa medråderett og sjølvråderett.
Tiltak – barn si medråderett:
- Barnesamtalar med førskule barna, der vi snakkar med barna om trivsel, leikekameratar, kva dei liker/ikkje liker, relasjon til vaksne, kva dei synest dei får bestemma etc. Dette dannar grunnlag for planlegging og vurdering.
- Gruppesamtalar rundt ulike tema for resten av gruppa.
- Barnemøte der barna er med og planlegg kva mat vi skal ha til smørjemåltidet, der vi skal gå på tur, kjem med ønske om innkjøp av leiker og ulike aktivitetar dei ønskjer å ha i barnehagen. Desse forslaga blir tekne med i planane til barnehagen.
- Vi organiserer innreiing og rom på avdelingane etter det vi ser barna trivast med og kva dei bruker av utstyr. Leikar og utstyr er mest mogleg tilgjengeleg for barna. Dette er ein kontinuerleg prosess der vi heile tida tilpassar avdelingane til barna.
- Barna blir oppmuntra til aktivt til å gi uttrykk for sine tankar og meiningar og møter anerkjenning for uttrykka sine.
- Barn si følelsesmessige uttrykk skal bli teke på alvor.
- Barna skal erfara tydelege og ansvarsfulle vaksne som tek omsyn til heile gruppa.
3.5 Barnehagemiljø
I Tyssedal barnehage vil vi at alle barn skal ha det trygt og godt. Vi vil at alle barn skal trivast, og at dei skal oppleve inkludering og meistring kvar dag. Det inneber at personalet i barnehagen må vite korleis dei kan arbeide for at barn trivast og er inkludert i leik og samspel.
1. januar 2021 fekk barnehagen eit nytt regelverk for barnehagemiljøet. Den nye loven skal sørgje for at alle barn får ein trygg og god barnehagekvardag.
Dette inneber at:
- Barnehagen har eit ansvar for å følgje med på korleis alle barna har det.
- Alle ansatte har ein plikt til å gripa inn, om eit barn ikkje har det bra.
- Barnehagen må undersøkje, og setje inn tiltak om eit barn ikkje har det bra.
- Alle som jobber i barnehagen skal melde frå til styrar, om dei får mistanke om at eit barn ikkje har det trygt og godt.
- Barnehagen må laga ein skriftleg plan, om eit barn ikkje har det bra i barnehagen.
- Barnehage-eigar har ansvar for at barnehagane følgjer reglane, og må leggje til rette for at barnehagen oppfyller krava i lova.
3.6 Vurdering
Barnehagen skal jamleg vurdera det pedagogiske arbeidet. Det betyr at det pedagogiske arbeidet skal beskrivast, blir analysert og blir fortolka ut frå planane til barnehagen, barnehageloven og rammeplanen. Hovudformålet med vurderingsarbeidet er å sikra at alle barn får eit tilbod i tråd med barnehageloven og rammeplanen.
Vurderingsarbeidet skal byggja på refleksjonar som heile personalgruppa er involverte i. Felles refleksjonar over det pedagogiske arbeidet kan gje personalet eit utgangspunkt for vidare planlegging og gjennomføring. Det kan også bidra til ein open diskusjon om formålet, innhaldet og oppgåvene til barnehagen. Faglege og etiske problemstillingar skal inngå i vurderingsarbeidet. På denne måten kan personalet læra av eigen praksis og bidra til å utvikla barnehagen som pedagogisk verksemd.
Kunnskap om barnegruppa si og enkeltbarn sin trivsel og allsidige utvikling er viktig for å gje alle barn eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehageloven og rammeplanen. Jf. Rammeplan for barnehage.
I Tyssedal barnehage vurderer vi arbeidet vårt fortløpande. Vurderingsarbeidet vårt er basert på tilbakemeldingar frå barn og foreldre, observasjonar, dokumentasjonsarbeid og refleksjonar i personalgruppa. Målet med vurderinga vi gjer er å skapa den gode barnehage for det einskilde barnet.
4. Overgangar
4.1 Heim/barnehage
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggja til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpassa rutinar og organisera tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjend, etablera relasjonar og knytte seg til personalet og til andre barn. Når barnet byrjar i barnehagen, skal personalet sørgja for tett oppfølging den første tida slik at barnet kan oppleva tilhøyrsel og tryggleik til å leika, utforska og læra. Jf. Rammeplan for barnehagen
Sjå elles pkt. 3.2. Tilvenning.
4.2 Internt i barnehagen
I Tyssedal barnehage er vi mykje i lag på tvers av avdelingar, og tryggleik og tillit vert etablert blant barn og personale. Barna som skal over på ny avdeling vert kjent med både ny avdeling og personale på ein naturleg måte gjennom året. På våren før overgang til ny avdeling får barna vere på besøk på avdelinga ein til to heile dagar. Samt at vi organiserer besøk regelmessig gjennom veka. Ved nytt barnehageår vert det sett av tid til å verte kjent med barn og rutinar på ny avdeling.
4.3 Frå barnehage til skule
I Ullensvang kommune er det utarbeidd eit årshjul for overgang mellom barnehage og skule, der det står kva alle som er involvert har eit ansvar for. I Tyssedal barnehage har me eit godt samarbeid med Tyssedal barneskule.
I Tyssedal barnehage har vi førskuleklubb, som startar opp i september og vert avslutta i juni. Det er klubb ein gong i veka, og vi nyttar blant anna eit aktivitetshefte som heiter Trampoline.
Formålet med å ha klubb er å førebu barna mest mogleg til skulestart. Dei vert kjent med ulike fagområde gjennom leik og læring. Me legg vekt på sosial kompetanseutvikling, merksemd og konsentrasjon, førebuande matematikk, førebuande lese- og skriveaktivitetar og trafikkopplæring. Dei øver på å sitje i ro over lengre periodar, halde fokus og rekkje opp handa. Vi vil at dei skal verte sjølvhjelpne, utvikle god lærelyst og logisk tankegang og at dei trenar opp evna til problemløysing. Vi varierer med bruk av arbeidshefte, spel, aktivitetar og turar slik at dei får eit godt grunnlag for eit godt fellesskap.
Frå januar til juni har vi faddersamarbeid, der vi inviterer skulefaddrane til aktivitetar i barnehagen og førskuleborna vert invitert til aktivitetar på skulen. Vi har tilgang til å bruke gymsal, skulebibliotek, SFO lokala og andre rom på skulen, slik at borna vert godt kjende i skulebygningen.
Førskuleborna vert inviterte til julegraut og påskefrukost året før skulestart. Samt besøksdag ved innskriving i januar og nokre gonger også i juni. Læraren kjem ved behov på besøk i barnehagen i løpet av våren og får sett borna i aktivitet der. Vi har og eit overføringsmøte med skulen, der vi etter å ha fått samtykke frå foreldra gjev informasjon om barna. Dei som er med på møtet er pedagogisk leiar og eventuelt styrar frå barnehagen, frå skulen er det læraren som skal ha dei i første klasse.
Barnehagen samarbeider med SFO i alle feriar slik at personalet vert godt kjend med barna i barnehagen, noko som er svært positivt når dei byrjar på skulen.
5. Samarbeid mellom heimen og barnehagen
5.1 Forelda sin medverknad
I Tyssedal barnehage legg vi til rette for eit godt samarbeid og dialog mellom barnehagen og heimen, både på individnivå og gruppenivå.
På individnivå har vi tilbod om foreldresamtale to gonger i året, og lav terskel for å ta kontakt om det er noko. Den daglege kontakten ved levering/henting er vår viktigaste kjelde til kommunikasjon.
Vi nyttar Min barnehage-føresettapp til å informera foreldra om ting som skjer i barnehagen. Der legg også avdelingane ut dagbokpost etter kvar veke.
På gruppenivå har vi to foreldremøter i året, haust og vår.
Barnehagen har ei forventning om at foreldre deltek på foreldremøter og møter opp til foreldresamtalar.
Foreldrerådet består av alle foreldre/føresette som har barn i barnehagen, det skal fremje fellesinteressane til foreldra/føresette. Det skal og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø. Samarbeidsutvalet (SU) skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordna organ. SU består av foreldrerepresentantar, personalrepresentant og representant frå eigar. Styrar har ansvar for å opprette utvalet og sette dagsorden, det er berre foreldre og tilsette som har røysterett.
5.2 Planlegging og vurdering, foreldremøter, foreldresamtalar, Udir. si foreldreundersøking
Planlegging og vurdering
Planlegging gir personalet grunnlag for å tenkja og handla langsiktig og systematisk i det pedagogiske arbeidet. Planlegginga skal bidra til kontinuitet og progresjon for enkeltbarn og barnegruppa. Planlegginga synleggjer korleis barnehagen fortolkar og realiserer rammeplanen og skal vera utgangspunkt for refleksjon og utvikling av verksemda. Planlegginga må baserast på kunnskap om barn si trivsel og allsidige utvikling, individuelt og i gruppe. Den skal også baserast på observasjon, dokumentasjon, refleksjon, systematisk vurdering og samtaler med barn og foreldre. Jf. Rammeplan for barnehage
Personalet i Tyssedal barnehage planlegg tema og aktivitetar ut i frå barna sine interesser og innspel, samt ut frå aktuelle utviklingsområde.
Årsplanen er eit arbeidsreiskap for barnehagepersonalet og dokumenterer vala og grunngjevningane til barnehagen. Årsplanen skal vise til korleis barnehagen vil arbeide for å omsetje formålet og innhaldet i rammeplanen og dei lokale tilpassingane i pedagogisk praksis. Årsplanen vert godkjent i Samarbeidsutvalet.
Barnehagen skal regelmessig vurdere det pedagogiske arbeidet, ved å beskriva, analysera og tolka det ut frå planane, rammeplan og lovverket. Formålet med det er å sikre at alle barn får eit tilbod som er i tråd med rammeplanen og barnehagelova. Vurderingsarbeidet byggjer på refleksjonar som heile personalgruppa er involvert i, og personalgruppa må ha kunnskap om den allsidige utviklinga og trivselen hos det einskilde barn.
Foreldremøter
I Tyssedal barnehage er det to – tre foreldremøter i året, haust og vår. Om hausten vert det gitt informasjon om det nye barnehageåret, tema på avdelingane og praktisk informasjon. Om våren vert det etter ynskje frå Samarbeidsutvalet eit temamøte, dersom det dukkar opp aktuelle tema.
Foreldresamtalar
I Tyssedal barnehage har vi to foreldresamtalar i året, som regel i oktober og april/mai. På foreldresamtalane vert det gjeve tilbakemeldingar om barnet sin trivsel, språkutvikling, motorisk utvikling, sosial utvikling, utfordringar, leik osb. Foreldra får og spørsmål om korleis dei opplever barnehagen.
Foreldra har her høve til å evaluere og påverke barnehagekvardagen ved å kome med sine synspunkt.
Udir sin foreldreundersøking
I foreldreundersøkinga får foreldra seie si meining om barnehagetilbodet. Undersøkinga vert sendt ut til foreldra og må gjennomførast frå 1. november til 20. desember kvart år. Resulatet vert brukt av barnehagen/-eigar til å vurdere og utvikla tilbodet i barnehagen.
Visma Flyt Barnehage
Visma Fly Barnehage er eit barnehagesystem som dekker alle behov for moderne administrasjon av barnehagar. Gjennom Visma Flyt Barnehage kan kommunen tilby eit sjølbetent og transparent barnehageopptak som og forenklar sakshandsaminga og kommunikasjonen med søkjar.
- Barnehagesystemet gjer god støtte for koordinering og samordning på tvers av barnehagane, samstundes som alle prosessar vert dokumentert og arkivert.
- Som styrar i barnehagen får ein god støtte til ressursplanlegging og pedagogiske aktivitetar, samstundes som det faglege arbeidet vert dokumentert og arkivert på individ og gruppenivå.
- Som foresatt kan ein engasjere seg i barnet sin kvardag gjennom mobile løysingar. Dagleg kommunikasjon, samtykke og fråværsføringar blir gjort via appen.