Årsplan for Kinsarvik barnehage 2024/20251. Verdigrunnlaget til barnehagen2. Formålet med og innhaldet i barnehagen3. Arbeidsmåtane til barnehagen4. Overgangar5. Samarbeid mellom heimen og barnehagen

Årsplan for Kinsarvik barnehage 2024/2025

1. Verdigrunnlaget til barnehagen

1.1 Visjon og mål

Visjonen til Kinsarvik barnehage: Ein god plass å vera, ein god plass å læra!

Me ynskjer at alle barn skal oppleva den gode barndom. Me har som mål å skapa eit inkluderande miljø der alle barn opplev fellesskap, glede og meistring uansett bakgrunn.

Måla for barnehagen

  • Barnehagen skal vera ei pedagogisk verksemd
  • At alle barna har venner, og får delta i fellesskapet
  • Alle barn skal verta tekne på alvor, sjå kvart einskild individ
  • Fremje utviklinga til kvart einskild barn
  • Gje barna eit miljø som er prega av glede, humor, kreativitet og omtanke for fellesskapet.
  • Det kulturelle mangfaldet skal reflekterast, støtta barna ut frå dei kulturelle og individuelle føresetnadene
  • Eit godt samarbeid og god dialog/ kommunikasjon med foreldra

 

Fem born og ein vaksen som held opp ein plakat med tekst. Illustrasjon.

1.2 Mangfald og gjensidig respekt

Barnehagen skal fremje respekt for menneskeverdet ved å synleggjere, verdsetje og fremje mangfald og gjensidig respekt. Barna skal få oppleve at det finst mange måtar å tenkje, handle og leve på. Samtidig skal barne­hagen gje felles erfaringar og synleggjere verdien av fellesskap. Barnehagen skal vise korleis alle kan lære av kvarandre, og fremje nysgjerrigheit og und­ring over likskapar og forskjellar.

Me har mykje fokus på å synleggjera mangfaldet i barnehagen og nytta mangfald som ein ressurs. Me ynskjer å synleggjera variasjonar i verdiar, religion og livssyn. Barnehagen skal og synleggjera mangfald i familieformer og syta for at alle barn får spegla familien sin i barnehagen.

Døme på korleis synleggjera dette arbeidet:

  • Synleggjera ulike språk, td med “hei” på ulike språk på veggen.
  • ”Hus” med flagg, og eige “familiehus”, med bilete av familiemedlemmer
  • Musikk frå ulike land/kulturar
  • Flagg på avdelinga med verdenskart
  • Litteratur frå ulike land/eventyr/bøker på ulike språk
  • Tema/bilete av ulike familieforhold
  • Bursdagssongar på ulike språk i gruppa.
  • Markering av ulike høgtider i ulike religionar
  • Synleggjera familien på avdelinga, med” husa” til barna.
  • Globus/kart med markering av dei representerte landa
  • Girlander med ulike flagg

 

1.3 Berekraftig utvikling

Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Berekraftig utvikling omfattar både natur, økonomi og sosiale forhold, og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn.

Barnehagen ynskjer å bidra til at barna kan forstå at hand­lingar i dag har konsekvensar for framtida. Barnehagen skal leggje grunnlag for barna si evne til å tenkje kritisk, handle etisk og vise solidaritet. Barna skal få erfaring med å gi omsorg og ta vare på omgjevnadene og naturen.

Me vil blant anna ha fokus på nærmiljøet i høve dyr, mat og søppel. Me har fokus på kildesortering, plukka opp søppel, kompostera (bokashi), gjenbruk av ulikt materiale/naturmateriale og verta bevisst på forbruk. Me vil òg utvida kjøkkenhagen vår, og dyrka ulike vekster.

Eit fokus vil òg vera psykisk helse og eit godt læringsmiljø. Dette skriv me meir om under “Vennskap og fellseskap”.

I høve kristisk tenking vil me jobba med at barna skal vera bevisste på kva som er rett og galt, at dei kan stå opp for seg sjølv, og at dei dei tør å sei i frå om td. urett.

 

1.4 Matjungelen

Kinsarvik barnehage er med i Matjungelen, som er ein nettressurs som er forankra i rammeplanen. Det er eit aktivtetsopplegg der barna kan utforska ein jungel av mat og oppleva matglede i fellesskap. I matjungelen kan barna utforska, leika og læra om mat som er bra for kroppen og kloden.
Innhaldet i matjungelen er delt inn i fem ullike tema:

  1. Måltidsglede: Måltidet handlar om mykje meir enn bare maten som skal etast. Måltidet er eit viktig samlingspunkt for barna i kvardagen og kan styrka kjensla av tilhørigheit og det å vera ein del av eit fellesskap. Eit måltid med fokus på god mat,det å vera tilstades, trivsel og samtalar ved bordet bidrar til å gje barn og vaksne måltidsglede.
  2. Naturen sine ressursar: Naturen legg grunnlaget for alt liv på jorden. Den kan og skapa grunnlaget for mykje glede, undring og læring for dei små. Ved å setta fokus på naturen sine ressurser kan me bidra til at barna får forståing for korleis dei sjølv kan vera med til å ta vare på naturen.
  3. Matkultur: I barnehagen kan me synliggjera og feira mangfaldet av ulike kulturar. Og i mange kulturar har mat ei viktig rolle i høgtider, feiringar og tradisjonar. Når me legg til rette for å utforske ulike kulturar gjennom mat kan barna bli nysgjerrige på likheter og forskjeller, gjennom eit tema som alle har eigne erfaringer med.
  4. Matmot: Å ha matmot er det motsatte av å vera kresen. Det handlar om at barna får mot til å smaka på ny og ukjent mat, og tore å eksperimentera med nye råvarer. Målet er å skape interesse og nysgjerrigheit for å prøva ny mat. Då vil barna på sikt ha gode forutsetningar for eit næringsrikt og variert kosthald.
  5. Matlaging: Å læra å laga mat som er bra for kroppen og kloden er viktig kunnskap som me har bruk for hele livet. Matlaging med barn kan og vera ein god pedagogisk aktivitet kor barna utforskar, meistrar og utviklar erfaringar. Når barna får vera med på å laga maten er det og større sannsyn for at dei vil smaka på – og lika maten.

 

1.5 “E d greitt”

«E D GREITT?» er ein del av prosjektet «Kompetanseløft – vald og seksuelle overgrep», som er eit samarbeidsprosjekt mellom Kvinnherad og Ullensvang kommune. Bakgrunnen for prosjektet er regjeringa sin opptrappingsplan mot vald og overgrep (Prop.12 2017-2021) og NOU 2017:12 – Svik og svikt – som viser at det er for lite kompetanse om vald og seksuelle overgrep i tenestar som møter barn og unge. Det er difor behov for å auke kompetansen i kommunane, for å kunne avdekke og stoppe vald og overgrep mot barn og unge.

Alle barn og unge har rett til å få alderstilpassa kunnskap om kva vald, seksuelle overgrep og mobbing er, kva rettar dei har, og kva norske lover seier, og korleis ein kan få hjelp om ein blir utsett for mobbing, vald eller seksuelle overgrep. Det er ikkje ei målsetting med opplæringa at den vaksne skal avdekka eller kartlegga vald, overgrep eller mobbing ved å gjennomføre undervisninga, men det er eit mål å læra og ha gode samtalar om temaet. (www.jegvet.no)

Forskning viser at opplæring om vold og seksuelle overgrep kan ha ein førebyggende effekt og gje barn auka kunnskap, betre ferdigheiter og evne til å beskytte seg sjøl.

Undervisningsopplegget er knytt opp mot rammeplan i barnehagen og læreplan i skulen og vert gjennomført i tidsrommet veke 3 til 7.

I samband med dette prosjektet, er det og oppretta eit “Barna sitt verneombud”. Barna sitt verneombod skal sikra barna sine rettar (barnekonvensjonen) og sjå til at barnehagen har fokus på å førebyggje og gje kunnskap om vald og seksuelle overgrep.

 

2. Formålet med og innhaldet i barnehagen

2.1 Omsorg

Omsorg er ein føresetnad for at barna skal vere trygge og trivast, og for at dei skal utvikle empati og nestekjærleik. Barnehagen skal gje barna høve til å utvikle tillit til seg sjølve og andre. I barnehagen skal alle barn oppleve at dei blir sett, forstått og respekterte, og får den hjelpa og støtta dei har behov for. Barnehagen skal aktivt leggje til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet, og mellom barna sjølve, som grunnlag for trivsel, glede og meistring. Personalet skal arbeide for eit miljø som ikkje berre gjer barna til mottakarar av omsorg, men som òg verdset omsorgshandlingane til barna.

 

2.2 Leik og læring - hand i hand

Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gje rom for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre. I barnehagen skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre.

Leiken stimulerar alle sider ved utviklinga til barnet, den språklege, sosiale, emosjonelle, kognitive, moralske og motoriske utviklinga. Den utviklar kreativiteten og evna til å løyse problem, og barna lærer noko om korleis verda fungerar både sosialt og fysisk.

Leik er først og fremst noko barnet opplever som morosamt og gledesfylt – noko barnet har lyst til å gjere av eigen fri vilje. Leiken byggjer på initiativ frå barna, anten dei set han i gang sjølv, eller har lyst til å vere med på noko andre inviterer til. Barnet tenkjer ikkje at «no lærer eg noko», eller «no er eg flink».

Me vaksne ynskjer å gje barna gode og allsidige erfaringar og opplevingar som stimulerar til leiken deira. Dagsrytmen legg opp til god tid til frileik, og me har eit stort og variert område ute som stimulerar til leik.
Dei vaksne skal vera tilstades og lett tilgjengeleg for barna i leiken, og vera med å stimulera og hjelpa andre barn inn i leik ved behov. Dei vaksne skal vera med å td førebygga konfliktar i leiken, og hjelpa til å løysa konfliktar. Me ynskjer ellers å ha få reglar som begrensar leiken.

 

Fem born som klatrar i eit tre. Illustrasjon.

2.3 Danning

Barnehagen skal oppmuntre barna til å vere prøvande til og nysgjerrige på omverda. Barnehagen skal fremje samhald og solidaritet, og skal bidra til at barna kan forstå felles verdiar og normer som er viktige for fellesskapet. Barnehagen skal bidra til å fremje tilhøyrsla til samfunnet, naturen og kulturen. I barnehagen skal barna få delta i avgjerdsprosessar og vere med på å utvikle felles innhald. Gjennom samspel, dialog, leik og utforsking skal barnehagen vere med og sørgje for at barna utviklar kritisk tenking, etisk vurderingsevne, evne til å yte motstand og handlingskompetanse, slik at dei kan bidra til endringar. Mykje av dette vil barna få høve til ved at dei får vera med å medverka i kvardagen.

 

2.4 Vennskap og fellesskap

“Ein , to , tre, alle med” – Vennskap er viktig for barn i alle aldrar!

“Ingen ville vel ønske å leve uten venner, selv om han hadde alle andre goder.” (Aristoteles)

 

Litt om livsmestring, sosial kompetanse og barnehagemiljø

Barnehagen skal bidra til barna sin trivsel, livsglede, meistring og kjensle av eigenverdi og førebyggja krenkelsar og mobbing. Barnehagen skal vera ein trygg og utfordrande stad der borna kan prøva ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap.

Sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungera godt saman med andre og omfattar ferdigheiter, kunnskap og haldningar som vert utvikla gjennom sosialt samspel. Me ynskjer at alle barn i barnehagen får erfara å vera betydningsfulle for fellesskapet og vera i positivt samspel med barn og vaksne. Barne­hagen skal aktivt leggje tilrette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap.

Barnehagen starta hausten 2019 opp med eit prosjekt som heiter «Barnehagemiljø og krenkelsar», som har som formål å utvikla kompetansen dei vaksne. Målet er å arbeida kontinuerleg og systematisk med å fremja eit trygt og inkluderande barnehagemiljø, og med å oppdaga, undersøka og førebygga alle former for krenkingar. Me stoppar krenkingar og fylgjer opp med eigna tiltak heilt til barna opplev at dei har eit trygt og inkluderande miljø.

Me er no ferdig med prosjektet, men det vil dermed ikkje sei at me er ferdige med å ha fokus på og jobba mot eit godt læringsmiljø, der vennskap og fellesskap står i fokus! Dette vil fortsatt vera eit av satsingsområda og fokusområdet vårt dette og dei neste åra.

Å vera venner er å møtast i eit forhold kor den einskilde opplev seg som godtatt og verdsatt for akkurat den han eller ho er. Òg dei yngste barna har sterke vennskapsrelasjonar, og mange barn gjer uttrykk for at det beste ved barnehagen er å få møta andre barn og leike med vennene sine. Vennskap bidrar til ei kjensle av deltaking og fellesskap, som igjen bidrar til positiv sjøvkjensle. Å tilhøre ei gruppe gjer barn tryggleik og sosial tilknyting. Oppleving saman med andre barn kan vera vegen inn i nye vennskap! Å etablere vennskap og oppretthalde dei er ein viktig faktor i sosialiseringsprosessen.

Ei sentral oppgåve for personalet er å hjelpe barna med å byggja relasjonar til kvarandre. Personalet kan td. invitera barn som til vanlig ikkje er saman, til å delta i ein felles aktivitet eller leik, og kan leggja til rette for nye bekjentskap når me justerar faste plassar td i garderoben eller i rekkja på tur. Opplevingar i små grupper på tvers av avdelingar kan også vera introduksjonen til nye fellesskap og vennskap. Det er viktig å vera merksam på at gryende vennskap kan vera skjøre. Dei vaksne må leggja merke til når barn knyttar nye bånd, og at dei er obs slik at dei ikkje grip inn og uroar slike prosessar. Når me veit kor viktig vennskap er, kan me ikke slå oss til ro med at nokon opplev at dei ikkje har venner eller kjenner seg einsame.

Elles skal dei vaksne:

  • hjelpa barna med å forstå kvarandre/tolka mtp ansiktsuttrykk, ord t.d.
  • snakka om korleis me bør/kan oppføra oss i ulike situasjonar
  • leggja tilrette for leikegrupper
  • hjelpa barna å byggja sosial kompetanse
  • legga til rette for at barna kan leika på tvers av alder og grupper
  • vera tilgjengelege og tilstades
  • vera gode rollemodellar og støttande stillas for barna.

Alle barn bør ha minst ein venn!

 

2.5 Kommunikasjon og språk

Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling. Kommunikasjon og språk påverkar og blir påverka av alle sider ved barnet si utvikling. Gjennom dialog og samspel skal barna støttast i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining. Barnehagen skal anerkjenne og verdsetja barna sine ulike kommunikasjonsuttrykk og språk, medrekna teiknspråk.

Alle barnehagane i Ullensvang jobbar etter handlingsplanen «Lesa for Livet». Målet er å kvalitetssikra grunnleggjande språkutvikling hjå førskuleborn, og er ein plan for språkutvikling frå fødsel til skulestart.

Handlingsplanen er sett saman av seks hovudområder:

  • Haldning og motivasjon til lesing og skriving
  • Språkleg kompetanse
  • Bokstavkompetanse
  • Lesekompetanse
  • Skrivekompetanse
  • Kartleggjing

Barnehagen har eit eige årshjul som tek utgangspunkt i Lesa for livet planen.

Me er så heldige å ha biblioteket i nærleiken, så me reiser gjerne på besøk på biblioteket av og til. Me legg vekt på å ha bøker lett tilgjengeleg og at miljøet ellers rundt oss er lagt til rette for eit skriftspråkstimulerande miljø. Døme er alfabetet lett synleg på veggen på avdelinga. Me har vårt eige minibibliotek med bøker på ulike språk, som foreldre kan låna. Me har ein”Pen pal”- snakkende ordbok på ulike språk.

Eit viktig mål vil vera å skapa eit miljø der barn og vaksne dagleg opplev spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtalar. Då må dei vaksne vera engasjerte! Ellers har me t.d. språkgrupper, sangløyper i skogen/tur og månadens eventyr. Me jobbar tverrfagleg med ulike tema, og me nyttar blant anna konkretar, aktivitetar og song, teikn til tale, og gjerne med bilete som støtte.
Hjarteklubben har eige “Trampoline-bok”.

Elles legg me vekt på leik med ord og uttrykk, vitsar og gåter, og me er bevisste på å setja ord på ting/kle/mat og anna.

Det er viktig med ekstra støtte til dei som treng det, og me har tett kontakt med eksterne instansar, td logoped og spesialpedagog til dei som treng det.

 

2.6 Nærmiljø

Nærmiljø og natur har alltid vore ein naturleg del av Kinsarvik barnehage, med tanke på kor flotte omgjevnader me har rundt barnehagen. Me har ein fast plass i skogen, Løhaugen, der me har ei eige hytte, og me brukar Grindaløo. Me har skogen rett utanfor døra, og er mykje ute på tur/faste turdagar. Me er så heldige å ha gardane i nærleiken, der me kan sjå på kyr, hestar og sauer. Men nærmiljø er ikkje berre natur, det er og det me har nede i sentrum, som td. bibliotek og andre næringar.

 

3. Arbeidsmåtane til barnehagen

3.1 Arbeidsmåtar

Det pedagogiske innhaldet i barnehagen er under kontinuerleg utvikling. Planlegginga vert basert på kunnskap om born si utvikling og læring, både individuelt og i gruppe, på observasjon og dokumentasjon, systematisk vurdering og på samtalar med barn og foreldre.

Arbeidsmåtane skal vareta barna sitt behov for omsorg og leik, fremje læring og gje barna høve til å medverke. Me ynskjer at arbeidsmåtane skal bidra til å skapa engasjement, interesse og motivasjon, og dermed gje rom for nye erfaringar og opplevingar i barnehagen.

Me tek utgangspunkt i barna sine erfaringar og interesser. Me varierar mellom spontane og planlagte aktivitetar. Me legg til rette for den einskilde samstundes som me har fokus på heile gruppa. Barn lev her og no, og det er viktig me legg tilrette for at barna får vera spontane uten for stram planlegging.

Me arbeider mykje tverrfagleg og heilskapleg med td dei ulike fagområda. Me jobbar både etter tema og prosjketmetode, og har same tema over tid td, månadens eventyr. Me jobbar òg mykje i mindre grupper, td som leikegrupper, og tilrettelegger aktivitetane etter alder.

 

3.2 Progresjon

Ein femårings barnehageliv er ikkje fem like år. Me som vaksne må møta kvart einskild barn der dei er til ei kvar tid, ved å vera den trygge støtta dei treng, samstundes som me utfordrar dei til å prøva litt meir, og meistra meir. Progresjon i barnehagen inneber at alle barna skal få utvikla seg, læra og oppleva framgang.

Barnehagen skal leggje til rette for progresjon gjennom val av pedagogisk innhald, arbeidsmåtar, leiker, materiale og utforming av fysisk miljø. Barna skal få utfordringar som er tilpassa erfaringane, interessene, kunnskapane og ferdigheitene sine.

Me legg til rette for at alle barn i alle aldersgrupper får varierte høve til leik, aktivitetar og læring. Me tek utgangspunkt i det enkelte barnet sine utviklingsområder, og utvidar og byggjer vidare på barna sine interesser og gjer dei varierte erfaringar og opplevingar. Personalet skal oppdage, fylgje opp og utvide det barna allereie er opptekne av. Me jobbar mot at barna skal oppleva meistring, samstundes som dei har noko å strekka seg etter.

Me er bevisste på kva type material, bøker, leiker og utstyr som er tilgjengeleg for barna, at det er tilpassa deira utviklingsnivå og interesser.

Me er òg bevisste på å leggje til rette for fordjuping, attkjenning og gjentaking i innhaldet og arbeidsmåtane til barnehagen

 

3.3 Barns medverknad

Barnehagen skal sikre barna sin rett til medverknad ved å leggje til rette for og oppmuntre til at barna kan få gitt uttrykk for kva dei synest om den daglege verksemda i barnehage. Alle barn skal kunne erfare å få påverke det som skjer i barnehagen. Ein skal vektleggje synspunkta til barna i samsvar med alder og modenskap.

Å medverka er ikkje det same som å bestemma. Å la barn medverka betyr ikkje at det er barna som skal bestemma og kan gjera som dei vil.

Når barn opplev at deira interesser og opplevingar vert teke omsyn til, og at dei vaksne og andre barn samtalar om det som skjer, erfarar dei at dei både påverkar og medverkar i eigen kvardag.

I planlegging av barnehagekvardagen kan dei vaksne leggja tilrette for aktivitetar og leik med utgangspunkt i barna sine interesser, undringar, opplevingar og kva dei er opptekne av og uttrykkjer til dei vaksne.

Me jobbar for at barna skal jamleg få høve til å delta aktivt i planlegginga og vurderinga. Me prøver å vera bevisst på dei ulike uttrykksformene til barna og leggje til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alderen, erfaringane, dei individuelle føresetnadene og behova til barna.

Med dei eldste barna er ulike typar samtalar, barnesamtalar,møter i formelle og uformelle situasjonar viktige arenaer for å få innblikk i deira syn

Dei yngste barna og barn som kommuniserer på andre måtar enn gjennom tale, har og rett til å gi uttrykk for kva dei synest om sine eigne vilkår. Då er observasjon viktig, og følgje opp dei ulike uttrykka og behova til alle barn.

Ved å ha ting i barna si høgd og bilete av ulike aktivitetar/leikar får barna sjølv medverke kva dei ynskjer å gjera på.

Samtalar med barna om kva dei har gjort og kva dei tenkjer er ein viktig del av evalueringa i barnehagen. På denne måten har barna innflytelse på det som skjer og deira bidrag vert ein del av barnehagen si evaluering og vidare utvikling. Det er viktig at barna skal få kjenna på at barnehagen er til for dei!.

 

3.4 Vurdering

Vurdering skal vera til hjelp for dei vaksne når dei planlegg, og medverka til å sikre at barnehagen utviklar seg på ein medviten måte. Observasjon av korleis einskild barn trivst, lærer og utviklar seg, er ein viktig del av kvardagen i barnehagen og sikrar ei individuell oppfølging av barna, men det er og viktig å sjå korleis heile barnegruppa fungerer i leik og sosialt samspel. Vurdering inneber sjølvrefleksjon og er ein føresetnad for endring og utvikling av innhaldet og praksis i barnehagen.

Me nyttar praksisforteljingar for å blant anna reflektera over praksisen vår. Me reflekterar rundt det som skjer i barnehagen i det daglege arbeidet og vurderer det pedagogiske arbeidet fortløpande. Me vurderer i dei ulike møtearenaene vi har i barnehagen, som leiarmøter, avdelingsmøter, personalmøter, planlegginsdagar osv.. Føremålet med vurderinga er og å sjå om vår daglege praksis samsvarar med barnehagen sin rammeplan og barnehagelova, årsplanen og fagplanen. Vurderingsarbeidet vårt er og basert på tilbakemeldinger frå barn og foreldre, observasjoner, barnesamtaler og dokumentasjonsarbeid samt refleksjonar hjå personalet.

Målet med vurdering i barnehagen er å skapa den gode barnehage for det einskilde barnet. Vurderingane som vert gjort er utgangspunkt for vidare og ny planleggjing av arbeidet vårt.

 

3.5 Dokumentasjon

Dokumentasjon er eit grunnlag for refleksjon og læring. Pedagogisk dokumentasjon er når dokumentasjonen vert brukt som grunnlag for felles refleksjonsarbeid, for å driva ein pedagogisk prosess framover. Me ynskjer òg at me gjennom dokumentasjonen kan vera med på å gje foreldre informasjon om kva barna gjer, lærer og opplev i barnehagen.

Barnehagen nyttar mellom anna TRAS, som er ein metode for systematisk observasjon av barna sin språklege utvikling i dagleg samspel, og «Alle med», som er eit observasjonsskjema som går på bl. a. utvikling av leik, trivsel, sansing/motorikk, kvardagsaktivitetar og sosio- og emosjonell utvikling.

I tillegg vert det pedagogiske arbeidet dokumentert på ulike måtar, t.d gjennom årsplanen, observasjonar, minnepermane og anna type referat.

Gjennom appen VFB vert dagane dokumentert via funksjonen “dagbok”. Me kjem og til å nytta infoskjermane i garderobane til å visa bilete over kva me ha gjort på, dette gjer og grunnlag for samtale og refleksjon med barna. Då vert det ein form for pedagogisk dokumentasjon!

Elles er det dokumentasjon på arbeidet at det heng ting på veggane, når ein td jobbar med eit tema eller til lagar utstillingar td i utstillingsskapet.

 

4. Overgangar

4.1 Heim/barnehage

Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og til andre barn. Når barnet byrjar i barnehagen, skal personalet sørge for tett oppfølging den første tida, slik at barnet kan oppleve tilhøyrsle og føle at det er trygt å leike, utforske og lære.

Me legg vekt på at barnet får ein fast vaksen/tilknytningsperson som har hovudansvaret den første tida.

 

4.2 Tilvenning

Foreldra fylgjer barnet sitt til ein ny arena når det byrjar i barnehagen. Gjensidig og varm kommunikasjon mellom føresette og personalet i barnehagen har ein positiv effekt på korleis barna vil fungera og trivast. Foreldra sin nærleik til og kunnskap om eige barn er grunnlaget for samarbeidet. Det er veldig individuelt korleis barna tilpassar seg ein ny kvardag i barnehagen. Det er uansett lurt å setja av minimum tre dagar til tilvenninga. Det er òg vårt utgangspunkt når me tek imot nye born og foreldre. Det er viktig for tilvenninga at foreldra aktivt er med på å introdusera det nye miljøet. Målet er at overgangen frå heim til barnehage ikkje skal opplevast som eit brudd, men ei utviding av høve for kontakt og nye erfaringar. Overgangen er likevel ein lausrivingsprosess for både barn og foreldre. Tilvenning til nytt miljø og nye situasjonar er ein prosess som tek litt tid!

 

4.3 Internt i barnehagen

Det skjer overgangar i barnehagen òg. Personalet skal sørgje for at barnet og foreldra får tid og rom til å bli kjende med andre barn og anna personale når eit barn byter barnegruppe. Me legg vekt på overgangssamtale mellom dei pedagogiske leiarane, og foreldra får tilbod om foreldresamtale i forkant ved bytte midt i året. Barna får koma på besøk og verta kjend fysisk i nye lokale, men og at dei vert kjend med nye vaksne og resten av barnegruppa på avdelinga dei skal byrja på.

 

4.4 Frå barnehage til skule

Barnehagen skal i samarbeid med foreldra og skulen leggja til rette for barna sin overgang frå barnehage til fyrste klasse og SFO, at den vert trygg og god.

Rett over jul er det innskriving på skulen. Etter påske er Hjarteklubben på besøk på skulen i lag med fyrste klasse. Dei er på minimum tre skulebesøk, der dei får vera med på ein utedag, vera med på stasjonsundervisning og får helsa på fadrane sine. Pedagogisk leiar og den læraren som skal ha fyrste klasse, har eit lite møte på forsommaren for å snakka om korleis leggje til rette for ein best mogleg overgang frå barnehage til skule for kvart einskild barn.

Det er utarbeida ein plan for overgang mellom barnehage og skule, som ligg på heimesida ullensvang.betreinnsats.no.

 

 

Bokstavane a, b og c med tre hoppande born rundt. Illustrasjon.

5. Samarbeid mellom heimen og barnehagen

5.1 Foreldra sin medverknad

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik og fremja læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal ivareta foreldra sin rett til medverknad og samarbeide nært og i forståing med foreldra. Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål. Foreldra og barnehagepersonalet har eit felles ansvar for at barnet skal trivast og utvikla seg. Barnehagen skal leggje til rette for foreldresamarbeidet og god dialog med foreldra. Dagleg kontakt og uformell småprat om barnet og det som foregår i barnehagen, er ein viktig base for foreldresamarbeidet.

Foreldresamarbeidet skal skje både på individnivå, med foreldra til kvart enkelt barn, og på gruppenivå, gjennom foreldrerådet og samarbeidsutvalet.

 

5.2 Foreldreråd og samarbeidsutval

Intensjonen med foreldreråd og samarbeidsutval er at desse ordningane skal gje høve til å ivareta foreldra sin kontakt med barnehagen på ein aktiv måte.

Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Foreldrerådet skal få inn saker som er viktige for foreldra sitt forhold til barnehagen. Foreldrerådet må samtykkje dersom foreldrebetalinga skal setjast høgare enn den fastsette maksimalgrensa.

Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet skal få inn saker som er viktige for innhaldet i og verksemda til barnehagen og for forholdet til foreldra. Samarbeidsutvalet skal fastsetje årsplanen til barnehagen. Andre viktige saker er til dømes forslag til budsjett eller driftsendringar.

 

5.3 Planlegging og vurdering

Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverke i desse prosessane. Målet med barnehagen som pedagogisk verksemd er å gje barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. For å oppnå dette skal barnehagen vere ein lærande organisasjon, og det pedagogiske arbeidet skal vere grunngjeve i barnehagelova og rammeplanen. Planlegging gjer personalet grunnlag for å tenkje og handle langsiktig og systematisk i det pedagogiske arbeidet. Planlegginga skal bidra til kontinuitet og progresjon for enkeltbarn og barnegruppa. Planlegginga synleggjer korleis barnehagen tolkar og realiserer rammeplanen, og skal vere utgangpunkt for refleksjon og utvikling av verksemda. Planlegginga må vere basert på kunnskap om trivselen til barn og den allsidige utviklinga deira, både individuelt og i gruppe. Ho skal òg vere basert på observasjon, dokumentasjon, refleksjon, systematisk vurdering og samtalar med barn og foreldre.

Me er difor avhengig av godt samarbeid med foreldra, og gjennom td foreldremøter og foreldresamtalar kan me saman jobba for eit godt pedagogisk innhald i barnehagen, ein barnehage til det beste for barna.

 

5.4 Foreldresamtalar og foreldremøter

På individnivå skal barnehagen leggje til rette for at foreldra og barnehagen med jamne mellomrom kan utveksle observasjonar og vurderingar knytt til helsa, trivsel, erfaringar, utviklinga og læringa til det einskilde barnet. Samarbeidet skal sikre at foreldra får medverke til den individuelle tilrettelegginga av tilbodet.

Me kallar inn til samtalar to gonger i året, ein gong i november og ein gong på våren, april/mai.

Foreldremøter er ein viktig samarbeidsarena mellom barnehagen og heimen. På foreldremøta tek me opp ulike aktuelle tema, me har gruppearbeid og jobbar gjerne med resultat frå foreldreundersøkinga.

Det er to foreldremøter i året, eit på tidleg haust, og eit på våren. I tillegg kan det koma invitasjon til tema-foreldremøter, då gjerne felles med andre barnehagar.

 

5.5 Udir si foreldreundersøking

Ein gong i året, i november, sender barnehagen ut ei foreldreundersøking via UDIR sin nettportal. I Foreldreundersøkinga får foreldre og føresette sei sin mening om barnehagetilbodet, barna sin trivsel og samarbeidet mellom heim og barnehage. Undersøkinga har omlag 30 spørsmål som tek for seg tema om barnet sin trivsel og utvikling, samarbeidet med barnehagen, informasjon og tilfredshet med lokaler og utearealer.

Resultata frå Foreldreundersøkinga vert brukt av barnehagen og barnehageeigar som en hjelp til å vurdera og utvikla barnehagetilbodet. Barnehagen kan bruke resultata i dialogen med foreldrene. Me har gjerne einskilde område som tema på foreldremøtet på våren.

 

5.6 Visma Flyt Barnehage

VFB er ein app for kommunikasjon mellom barnehage og heim. Her kan foreldra td legge inn fråvær, eller sende beskjedar til barnehagen. Foreldra legg òg inn div samtykker her.

Barnehagen brukar den til å sjekke inn og ut barna, har oversikt over fråvær, sovelister, tellelister, skrive dagbok til foreldra, sende felles beskjedar eller meldingar. Det vil etterkvart kome fleire funksjonar, sidan appen fortsatt er under utvikling.