Årsplan for Jondal barnehage 2023/2024Innleiing1. Verdigrunnlaget til barnehagen2. Formålet med og innhaldet i barnehagen3. Arbeidsmåtane til barnehagen4. Overgangar5. Samarbeid mellom heimen og barnehagen

Årsplan for Jondal barnehage 2023/2024

Vedteke i SU Jondal barnehage 14.11.23.

Alle barn skal oppleva at dei blir sett, forstått og respekterte, og få den hjelpa og støtta dei har behov for. Alle barn skal oppleva glede og mestring, hjå seg sjølve og andre som viktige for fellesskapet. Barna skal oppleva fokus på framsteg, ikkje resultat. Barna skal få undersøka, oppdaga og forstå samanhengar, utvida perspektiv og få ny innsikt.

 

Innleiing

Jondal barnehage tilbyr plass for barn mellom 1-6 år, me har i år 51 barn/77 plassar. Me ligg midt i hjarta av Jondal sentrum. Bygget er romsleg og har “Jondal skifer” på taket, frukttre, bakkar og Jondalselvi renn forbi nedom barnehagen. Næraste naboar er Jondal skule 1-10 trinn, SFO, kulturskule, bibliotek, symje-og fleirbrukshall, eldresenter og ferja. Me er omkransa av sjø, skog, elv, gardar, Kyrkja og næring / bedrifter. Jondal barnehage var fram til 2020 einaste barnehagen i Jondal kommune, som hadde 1.100 innbyggarar. No er me ein av 13 barnehagar i Ullensvang kommune, som har omlag 11.000 innbyggarar.

Jondal barnehage betyr mykje for folk og busetnad. Barnehagen rekrutterer frå og fylgjer skulekrinsen. På mange måtar er barnehage og skule gjensidig avhengig av kvarandre. Me ønskjer å byggja eit godt naboskap med skulen, og ein trygg god overgang til skulen for 6 åringane våre. Eit naboskap der me bryr oss om kvarandre i eit samspel som fremjar trivsel, venskap og opplevingar saman med barn, tilsette og foresatte. Eit naboskap der me deler kunnskap, skapar aktivitet og læring saman.

Jondal barnehage ein hustdag med sandkassa i framgrunn. Bilete.

Økonomiplan for Ullensvang kommune 2020 – 2023 inneheld styringsmål for barnehagane:

  • Tidleg innsats: Godt systematisk arbeid i barnehagene for å sikra at barn kan nytte det ordinære barnehagetilbodet. I det arbeidet skal dei nytta samhandlingsmodellen BTI ( betre tverrfagleg samarbeid)
  • Inkluderande barnehagemiljø: fremja gode og trygge miljø og forebyggje mobbing og andre krenkingar.
  • Auka kompetanse: ved systematisk arbeid over tid med læringsmiljø, vaksenrolla, tidleg innsats og implementering av rammeplanen.

Utviklingsområda til barnehage og skule er psykososialt læringsmiljø. Dette er i samsvar med visjonen til Oppvekst Ullensvang: Oppvekstplan for 2020-2025 er under utarbeiding ut i frå visjonen Ulike utgangspunkt – Like sjansar!

  • Tidleg innsats
  • Tilpassa opplæring
  • Samhandling barnehage og skule

 

Kva er ein Årsplan?

  • Eit reiskap personalet nyttar for å styre verksemda i ein bevisst og uttalt retning.
  • Eit utgangspunkt for føresette si moglegheit til å påverke innhaldet i barnehagen.
  • Eit grunnlag for kommunen sitt tilsyn med barnehagen.
  • Informasjon om barnehagen sitt pedagogiske arbeid til eigar, politikarar, kommune, våre samarbeidspartar og andre interesserte.

Årsplanen skal vise til korleis barnehagen vil arbeide med omsorg, danning, leik og læring for å fremja barna sin allsidige utvikling, samarbeid og forståelse med barna sin heim (jf. Rammeplanen, s. 54). Planen må gje informasjon om korleis barnehagelova si fastsetjing om innhald skal følgjast opp, dokumenterast og vurderast.

Årsplanen skal gje lesaren eit bilete av «slik gjer me det» i vår barnehage.

Årsplanen konkretiserar barnehagen sitt arbeid med rammeplanen sitt innhald og beskriv barnehageåret og særskilte satsingsområder.

Barn, føresette og ansatte skal få moglegheit til å delta aktivt i planlegging av barnehagen sitt innhald og ha innverknad på val av satsingsområder.

Årsplanen verta fastsett av barnehagen sitt samarbeidsutval og gjeld for barnehageåret

 

1. Verdigrunnlaget til barnehagen

1.1 Visjon

Alle barn skal oppleva at dei blir sett, forstått og respekterte, og få den hjelpa og støtta dei har behov for. Alle barn skal oppleva glede og mestring, hjå seg sjølve og andre som viktige for fellesskapet. Barna skal oppleva fokus på framsteg, ikkje resultat. Barna skal få undersøka, oppdaga og forstå samanhengar, utvida perspektiv og få ny innsikt.

 

1.2 Verdiar

Rammeplanen tek utgangspunkt i eit heilskapssyn på barn, og i dette ligg det at barna si utvikling må sjåast som eit samspel mellom deira fysiske og mentale føresetnader og miljøet som dei veks opp i. Toleranse og respekt skal vera grunnleggjande verdiar i barnehagen. Personalet har som rollemodellar eit særskilt ansvar for at barnehagen sitt verdigrunnlag vert implementert i det pedagogiske arbeidet med barna.

Me skal jobba for
At barna blir sett og høyrt
At barna får utfordringar og opplever meistring
At barna får utvikle eigne evner og kunnskapar
At barna føler tryggleik, respekt og likeverd
At barna får gjennom medverknad vera med og påverke over eigen kvardag
At barna får oppleva leik og sosialt samspel i lag med vener
At barna får oppleva glede og humor i barnehagen sine kvardagssituasjoner
At barna får oppleve fellesskap og utvikle empati, at me er der for kvarandre

 

1.3 Barn og barndom

Rammeplanen seier dette om barn og barndom: Barnehagen skal anerkjenne og ivareta barndommens eigenverdi. Å bidra til at alle barn som går i barnehage, får en god barndom preget av trivsel, vennskap og lek, er fundamentalt. Barnehagen er også en forberedelse til aktiv deltakelse i samfunnet og bidrar til å legge grunnlaget for et godt liv. Alle handlinger og avgjørelser som berører barnet, skal ha barnets beste som grunnleggende hensyn, jf. Grunnloven § 104 og barnekonvensjonen art. 3 nr.1. Dette er et overordnet prinsipp som gjelder for all barnehagevirksomhet. Barna skal møtes som individer, og barnehagen skal ha respekt for barnets opplevelsesverden. Barns liv påvirkes av omgivelsene, men barn påvirker også sine egne liv. Barnehagen skal gi rom for barnas ulike forutsetninger, perspektiver og erfaringer og bidra til at barna, i fellesskap med andre, utvikler et positivt forhold til seg selv og tro på egne evner. Barn skal møtes med empati og få mulighet til å videreutvikle egen empati og evne til tilgivelse ( Rammeplanen, 2017, s. 11)

 

1.4 Demokrati

Rammeplanen seier: «Barnehagen skal fremme demokrati og være et inkluderende fellesskap der alle får anledning til å ytre seg, bli hørt og delta».

For å fremme demokrati for i barnehagen er det viktig at barnet får høve til å ytre seg, bli høyrd og få delta. I barnehagen skal barna lære å legge til side eigne initiativ for å gje plass til andre, slik øver dei opp sin demokratiske måte å tenke på. I leik med andre tar barnet initiativ, men må samtidig tilpasse seg og tåle andre barn sine initiativ. Barnet må forhalde seg til at andre forstyrrer leiken, gir dei motstand eller avbryter det dei held på med. Gjennom slik motstand og ved å oppleve avbrytelser lærer barnet å oppdage seg sjølv og andre som deltakarar i eit demokrati. Barnet opplever frustrasjon men også eksempel på levande demokrati. (Gert Beista/Bernard Tschumi)

I Jondal barnehage har dei vaksne ei viktig rolle i å la alle barna få kome med sine meiningar og ynskje, men samtidig øve på tolmodigheit ved å høyre på kva andre ynskjer. og meiner.

 

1.5 Mangfald og gjensidig respekt

Rammeplanen seier: “Barnehagen skal fremme respekt for menneskeverdet ved å synliggjøre, verdsette og fremme mangfold og gjensidig respekt. Barna skal få oppleve at det finnes mange måter å tenke, handle og leve på. Samtidig skal barnehagen gi felles erfaringer og synliggjøre verdien av fellesskap”

I Jondal barnehage arbeidar me for at alle skal føle seg inkludert og som ein del av felleskapet. Me har fokus på å synleggjere for borna mangfoldet og dei ulike kulturane som me har kring oss i kvardagen. Me markerar ulike høgtider og merkedager som til dømes den samiske nasjonaldagen, Id, Noregs nasjonaldag, jul og FN dagen.

 

1.6 Likestilling og likeverd

Rammeplanen seier: “Barnehagen skal fremme likeverd og likestilling uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, etnisitet, kultur, sosial status, språk, religion og livssyn. Barnehagen skal motvirke alle former for diskriminering og fremme nestekjærlighet”

I Jondal barnehage skal alle skal ha like sjansar til å bli sett, høyrd og oppmunta til å delta i fellesskap i alle aktiviteter i barnehagen. Personalet skal reflektere over sine eigne haldningar for best mulig å kunne formidle og fremje likeverd og likestilling.

 

1.7 Berekraftig utvikling

Rammeplanen seier: “Barna skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Bærekraftig utvikling omfatter natur, økonomi og sosiale forhold og er en forutsetning for å ta vare på livet på jorden slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor en viktig oppgave i å fremme verdier, holdninger og praksis for mer bærekraftige samfunn.”

Bærekraftig utvikling handlar om at menneske som lever i dag, får dekka deira grunnleggjande behov utan å øydeleggje for framtida. Det handlar om å tenkje og handle lokalt, nasjonalt og globalt. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at dagens handlingar har konsekvensar for framtida.

I barnehagen lærer me barna å resirkulere, me plukkar med oss avfallet vårt når me er på turar og snakkar om å ta vare på naturen i dei daglege aktivitetane våre og kvifor det er viktig.

 

1.8 Livsmeistring og helse

Rammeplanen seier: “Barnehagen skal ha en helsefremmende og forebyggende funksjon og bidra til å utjevne sosiale forskjeller. Barnas fysiske og psykiske helse skal fremmes i barnehagen. Barnehagen skal bidra til barnas trivsel, livsglede, mestring og følelse av egenverd og forebygge krenkelser og mobbing. Om et barn opplever krenkelser eller mobbing, må barnehagen håndtere, stoppe og følge opp dette”.

Jondal barnehage har som satsingsområde å skape eit inkluderande barnehagemiljø, der alle barn skal kjenne seg inkludert.

 

2. Formålet med og innhaldet i barnehagen

2.1 Omsorg

I vår barnehage er det viktig at barna møter respekt og omsorg og trygge vaksne som ser dei. Me meiner at utan omsorg vert det liten tryggleik, og me ynskjer å møta både barna og foreldra på ein god, open og omsorgsfull måte. Omsorg skal gjennomsyra vår barnehage og det vi gjer, og personalet skal vera bevisst si eiga væremåte, og vera engasjert og nærverande for kvart enkelt barn, deira utvikling og sin eigen trivsel.

 

2.2 Leik

Leik og vennskap

Barnehagen skal ivareta barnet sitt behov for leik. Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gje gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vera ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gje rom for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – aleine og saman med andre.

Barnehagen skal vere ein arena for å lære seg å få venner og oppretthalde vennskap med andre. Gjennom leik og glede saman med andre, skal barna oppleve at nokon likar deg for den du er, oppleva å vera ueinig, arbeide for å bli einig igjen, øva på å gje og ta, ha nokon som ventar på deg og saknar deg når du ikkje er i barnehagen.

Leik i barnehagen lærer barna:

  • Gjennom leik bearbeider barna inntrykk, dei utviklar seg, dei lærer, og opplever å mestre nye ting.
  • Barna lærer seg å forhalde seg til andre. Dei lærer reglar og kodar for leik og sosialt samspel med andre barn og vaksne.
  • Barn skal få tid og rom til å utvikla leiketema dei er interessert i og personalet hjelper med å gje barna opplevingar og konkretar.
  • Me fylgjer med på leiken, ved å bytta ut rekvisittar og gjer om romma for å gje inspirasjon til ny leik.
  • Me er gode rollemodellar og støttande i barn si utvikling av leik.
  • Me vernar om boltreleiken, den er verdifull fordi den er ei kjelde til fryd, og barna opparbeider seg sosial og emosjonell kompetanse gjennom denne type leik.

Slik gjer me det:

  • organisere rom, tid og leikemateriale for å inspirera til ulike typar leik
  • bidra til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik og leggje til rette for utvikling av leiketema
  • fremja eit inkluderande miljø der alle barna kan delta i leik og erfara glede i leik
  • personalet skal fordele seg der barna oppheld seg og ha ansvar for det som skjer der, dei skal ta initiativ og aktivt bidra til at alle barna kjem inn i leiken. (Rammeplan s. 20-21)
  • observera, analysera, støtta, delta i og gjere leiken meir verdifull på barna sine premissar.

 

2.3 Danning

Danning er ein kontinuerlig og livslang prosess der barna blir forma gjennom aktiviteter dei deltek i og gjennom utforskning av dei ting dei ser og opplever. Det handler blant anna om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlinger og væremåter. Danning skjer i samspel med omgievnaden og med andre, og er ein forutsetning for at barnet skal danna/skapa seg meininger, tenke kritisk og lære seg verdien av demokrati.

Me må i barnehagen gje barna tilgang til mange danningsarenaer,t.d. sosiale situasjoner, språkopplevingar, natur opplevingar, teknologi, matematikk, osv). Me har eit heilheitleg syn i forhold til barna sin danningsprosess, og alle “møteplasser” blir ein læringsarena.

Slik gjer me det:

  • leggje til rette for meiningsfulle opplevingar og støtte identitetsutviklinga og den positive sjølvforståinga til barna
  • støtte barnas aktivitet, engasjement og deltaking i fellesskapet
  • synleggjere og verdsetje ulike behov, meiningar og perspektiv i fellesskapet
  • leggje merke til, anerkjenne og følgje opp barnas perspektiv og handlingar
  • utfordre tenkinga til barna og invitere dei inn i utforskande samtalar
  • synleggjere og framheve mangfald og ulikskap som grunnlag for opplevingar, utforsking og læring

 

2.4 Fremje læring

Læring går føre seg heile tida i det daglege samspelet og samarbeidet mellom barna, mellom barn og vaksne og er nært samanknytt med leik, omsorg og oppseding. Personalet må ha eit aktivt forhold til barna sine læringsprossessar. Det betyr at ein deler av kunnskapen sin, viser engasjement, er nysgjerrig, vekkjer interesse, stiller undrande spørsmål og lyttar.

 

2.5 Vennskap og fellesskap

Vennskap og fellesskap er viktige føresetnadar for trivsel, vekst og utvikling. I Jondal barnehage arbeidar me kvar dag for å styrke etablerte vennskap, og vise borna nye vennskap. Dette kartlegg me ved å nytte observasjon, barnesamtalar, på avdelingsmøter. Dette tek me ut i praksis ved å vere aktiv med i leiken, dele borna inn i mindre grupper og hjelper kvart enkelt born til å kjenne seg som ein del av fellesskapet og at dei betyr noko for andre i barnehagen. I kvardagslege situasjonar og aktivitetar arbeidar me for at alle skal øve seg på å ta andre sitt perspektiv og å sjå saker frå fleire sider. Me øver på å setje grenser for oss sjølv og å respektere andre sine grenser. Me har ein nulltoleranse for mobbing, og arbeider aktivt for å oppdage utestenging, diskriminering og krenking i barnehagen.

Ein sentral oppgåve for personalet er å hjelpe barna med å byggja relasjoner til kvarandre. Personalet kan td invitera barn som til vanlig ikkje er saman, til å delta i ein felles aktivitet eller leik, og kan leggja til rette for nye bekjentskap når me justerar faste plassar td i garderoben eller i rekkja på tur. Opplevingar i små grupper på tvers av avdelingar kan også være introduksjonen til nye fellesskap og vennskap. Det er viktig å vera merksam på at gryende vennskap kan vera skjøre. Dei vaksne må leggja merke til når barn knyttar nye bånd, og at dei er obs slik at dei ikkje grip inn og uroar slike prosessar. Når me veit kor viktig vennskap er, kan me ikke slå oss til ro med at nokon opplev at dei ikkje har venner eller kjenner seg einsame.

Dei vaksne skal:

  • hjelpa barna med å forstå kvarandre/tolka ansiktsuttrykk, ord og gester
  • vera tilgjengelege og tilstades
  • snakka om korleis me bør/kan oppføra oss i ulike situasjonar
  • leggja tilrette for leikegrupper
  • hjelpa barna å byggja sosial kompetanse
  • legga til rette for at barna kan leika på tvers av alder og grupper
  • vera gode rollemodellar og støttande stillas for barna.

 

2.6 Kommunikasjon og språk

Barnehagen skal fremje språk og sørgje for at barna får delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og heilheitleg språkutvikling.

I Jondal barnehage er me gode rollemodellar i alle kvardags situasjonar. Me er bevisste på å setje ord på alt me ser og gjere. Me deltek aktivt i barnas aktivitetar og sørgjer for å styrkje barnas språk fyrst og fremst gjennom god oppfølging gjennom dagen. Me legg til rette for språkgrupper for å støtte oppunder dei som har ekstra behov for det. I Jondal barnehage nyttar me biblioteket jamnleg gjennom heile året, dette er med på å sikre at alle får vere med å påverke kva bøker ein låner og har tilgjengelig i barnehagen. Bøkene i barnehagen er tilgjengeleg slik at barna sjølv kan ta initiativ til lesing. Lydbøker ,musikk, song, rim og regler er med på å fremje kommunikasjon og språk. Me er bevisste på å sjå non- verbale uttrykk og setje ord på dei.

Me arbeider systematisk med språktrening i lesegrupper og språkgrupper, me har laga eit årshjul der alle avdelingar arbeider med begrep i språket gjennom heile året. Kvar månad byter me til nytt begrep. Å kjenne til og forstå begrep er sentralt i barnet si språkutvikling og språkforståing.
Spesialpedagogen har språkgrupper på alle avdelingane der barna er delt inn i alder.

 

3. Arbeidsmåtane til barnehagen

3.1 Arbeidsmåtar

Leikegrupper
I Jondal barnehage deler me oss ofte inn i mindre grupper for å få fram den gode leiken og samspela. Når me er mindre grupper får barna betre tilhøve til å utfalde seg fritt, samt dei vert betre sett av oss vaksne. Me samarbeidar på tvers av avdelingane, og me byter på kor me har grupper. Ved å gjere det slik ynskjer me å fremje venskap på tvers av alder og kjønn, og ein får fleire leikekameratar enn dei som er på avdelinga dagleg. Når me då møter andre born i frileik, som til dømes i utetid, er det lettare for borna å ta kontakt med andre enn dei på avdelinga.

Gruppedag ein dag i veka der barna på dei to største avdelingane blir samla i grupper etter alder.

Samarbeid morgon og ettermiddag på småbarnsavdelingane for ekstra tryggheit i tida det er ein vaksen på avdelinga.

Felles sangstund

 

3.2 Tilvenning

Det er ein stor overgang for både barn og foreldre når barnet byrjar i barnehagen, det er derfor viktig at barnehagen har gode og trygge rammer for at overgangen til barnehage skal bli så god som mulig. Det er viktig at barnehagepersonalet og foreldrene jobbar samen om å skape trygghet for barnet i tilvenningen. Tilvenning må skje på barnet sine premisser og i tett dialog mellom foreldrene og barnehagepersonalet.

I Jondal barnehage ynskjer me å fylje denne modellen for å skape ei god tilvenning for foreldre og barn:

Før oppstart:

  • foreldremøte for nye foreldre i juni
  • besøksdag i juni
  • brev ut til barnet med informasjon og med bilder av personalet, blir sendt ut i begynnelsen av august
  • foreldresamtale før oppstart i august.

Dag 1:

  • Barna og foreldra kjem etter oppsette tider.
  • Dagen varer i ca. 2.5 time.
  • Barna kjem med 15 minutt mellomrom slik at me får tatt godt imot kvar enkelt.
  • Foreldra er med barna heile tida.

Dag 2:

  • Barna og foreldrene kjem etter oppsette tider.
  • Dagen varer i ca. 2.5 time.
  • Barna kjem med 15 minutt mellomrom slik at me får tatt godt imot kvar enkelt.
  • Foreldra er med barna hele tida.

Dag 3:

  • Barn og foreldre kjem når dei vil mellom kl 09.00-11.30
  • Foreldra er med barna heile tida.

Dag 4:

  • Foreldre og barn får komme når dei vil.
  • Foreldra går ein liten tur vekk, etter avtale med personalet. Me veit at avskjed kan vere vanskelig både for barn og vaksne. Foreldre blir oppfordra til å ta kontakt med barnehagen etter at dei har gått, – enten på telefon eller sms. Då kan dei få ein liten oppdatering på korleis det går. Som regel går det ganske fort over. Me let ikkje barna vere lei seg over lang tid, då tar me kontakt. Me sender og melding for å bekrefte at alt er bra.

Dag 5:

  • Foreldre og barn kjem når de vil
  • Barna søv i barnehagen , dei blir henta når dei vaknar.

Dette er utgangspunktet, men me tilpassar etter dei behova barnet har og

 

3.3 Progresjon

Progresjon
Progresjon i barnehagen inneber at alle barna skal kome seg eit steg vidare. Utvikle seg, lære og oppleve framgang.

Alle barna skal kunne oppleve progresjon i barnehagen sitt innhald og barnehagen skal leggje til rette for at barn i alle aldersgrupper får varierte leik, aktivitets- og lærings mogelegheitar.

Personalet skal utvida og byggja vidare på barna sine interesser og gje barna varierte erfaringar og opplevingar.

Barnehagen skal tilretteleggja for progresjon gjennom val av pedagogisk innhald, arbeidsmåtar, leikar, material og utforming av fysisk miljø inne og ute.

Barna skal få utfordringar tilpassa erfaringane sine, interesser, kunnskap og ferdigheiter.

3.4 Barns medverknad

Barnehagen skal sikre barna sin rett til medverknad ved å leggje til rette for og oppmuntre til at barna kan få gjeve uttrykk for kva dei synest om den daglege verksemda i barnehagen, jf. barnehagelova §§ 1 og 3, Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon art. 12 nr. 1. Barna skal jamleg få høve til å delta aktivt i planlegginga og vurderinga av barnehageverksemda. Alle barn skal kunne erfare å få påverke det som skjer i barnehagen.

Slik gjer me det i Jondal barnehage:

  • Me er bevisst på dei ulike uttrykksformene til barna og legg til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alderen, erfaringar, dei individuelle føresetnadene og behova til barna.
  • Dei yngste barna og barn som kommuniserer på andre måtar enn gjennom tale, har rett til å gi uttrykk for kva dei synest om sine eigne vilkår.
  • Me observerer og følgjer opp dei ulike uttrykka og behova til alle barn.
  • Me vektleggjer synspunkta til barna i samsvar med alder og kor modne dei er.
  • Barn får ansvar dei er rusta til å ta.
  • Me er opptatt av tilsette / kjende tilsette er til stades for barna gjennom heile dagen, som raskt forstår og kan fylgja opp det barnet uttrykkjer, og til føresette.
  • Barnemøter har me både planlagt og spontant i små og store grupper
  • Barnesamtalar har me planlagt og spontant, åleine og i grupper. Barnesamtale frå 3 år og oppover.
  • Ein samtale kor barnet og ein vaksen snakkar om korleis barnet har det i barnehagen og heime.
    Referat frå samtalen vil foreldra få på foreldresamtale.
  • Barnesamtalar er eit verkty for å la barna medverke.
    Det som kjem fram i samtalane tar me i ettertid med i vårt planarbeidet.

 

Screenshot 2022-10-26 15.38.37

3.5 Barnehagemiljø

Vera Saman – vårt kompetanseløft
Eit felles kompetanseløft i barnehagen, med dei 5 ulike kjernekomponentane:

  • Endring og organisasjonsutvikling
  • Tidleg innsats
  • Relasjonsbygging og kommunikasjon
  • Autoritative vaksne perspektivet
  • Handtering av utfordrande atferd
  • Implementering

Målet er å heva kompetansen til alle tilsette i Jondal barnehage, slik at kvaliteten i det daglege arbeidet med barna vert styrka. Samarbeidet med heimen om implementering av den autoritative vaksen-rolla er til barna sitt beste. Det å møta barna som varme grensesettende vaksne, gjev tryggleik og gode rammer. Den varme og tillitsfulle relasjonen er grunnleggjande for den autoritative vaksenrolla. Samtidig har dei vaksne også klare forventningar til barnet ut frå alder og føresetnader, og føl barnet opp på ein tydeleg måte når det gjeld grenser og normer. Ein autoritativ vaksen etablerer gode standardar for åtferd og “guidar” barnet i deira utvikling.

Eit lovfesta krav om nulltoleranse mot mobbing og andre krenkelsar. Me har aktivitetsplikt, og skal førebyggja og kontinuerleg fremja trivsel og leik og læring.

Personalet må arbeida kontinuerleg og systematisk med å fremja eit trygt og inkluderande barnehagemiljø, med å oppdaga, undersøka og førebygga alle former for krenkingar.

Me stoppe krenkingar og fylgjer opp med eigna tiltak, heilt til borna opplever at dei har eit trygt og inkluderande miljø.»

Me ynskjer å laga gode kvardagar for små og store gjennom relasjonsbygging, ved å la dei daglege aktivitetane og leik få nok tid og rom.

Dette barnehageåret har me framleis fokus på å jobbe med vaksenrollen i barnehagen:

  • personalet er ansvarleg for å bygge ein god og varm relasjon til kvar enkeltbarn i si barnegruppe, men også opparbeide seg relasjon til alle barna i barnehagen.
  • personalet skal arbeide for at alle barn får delta i leik og hjelpe dei barna som treng hjelp inn i leik med andre.

I tillegg startar me med å auke kompetanse på leik i personalgruppa:

  • kva er leik og kvifor leikar barn
  • mekanismar i leik
  • vaksenrolla i leik, korleis kan dei vaksne hjelpe barn inn i leik?
  • nære vaksne, som deltek i leik, får med seg meir av det som skjer mellom barna i leiken. Dei kan då fange opp t.d. utestenging og skjult mobbing, men også hjelpe barn som treng hjelp inn i leik med andre barn.

 

Tidleg innsats
Me skal jobba ut frå kunnskap om betydninga av tidleg innsats for å fremje vekst, utvikling og læring hos alle barn.

Det handlar om å utforme tiltak som bidreg til å forebyggja eventuelt seinare vanskar i livet til barna, og skal skape eit inkluderende miljø for alle barn.

Dette vert gjort gjennom å utforma eit godt pedagogisk tilbud der ulike tiltak som kan forebygga utfordringar, vert sett inn tidleg, på ulike arenaer og situasjonar i barnehagen.

Utforming av tiltak vil vera avhengig av og skal ta utgangspunkt i kvart einskilt barn sitt individuelle behov og utviklingsprosess, og skal vera prega av inkludering og fellesskap tenking.

Me skal gje hensiktsmessig og tilpassa pedagogisk utviklingsstøtte så tidleg som mogleg, når ulike behov for støtte oppstår. Tiltak kan vera å tilretteleggja innan det ordinære tilbudet og/eller ved å sette inn særskilte tiltak.

Eksempelvis organiserar me smågrupper med ein vaksen og nokre få barn. Gjennom smågrupper skal eksempelvis aktivitetar med rolleleik, musikk, og bøker jobbast med som ein del av tidleg innsats, for å auka begrepslæring, språkforståing, sosial og emosjonell kompetanse.

Me startar denne hausten med å delta i kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Jondal barnehage og Odda barneskule er dei to verksemdene som er først ute med dette i kommunen vår. Dette er eit partnarskap mellom barnehage/skule, PPT og høgskulen på Vestlandet. Me skal auke vår kompetanse på å tilrettelegge for kvart enkelt barn så tidlig som mogleg, slik at alle kjenner seg inkluderte og får hjelp i barnehagen i utviklinga si. PPt i kommunen og ein representant frå høgskulen på Vestlandet (HVL) vil vere veiledar for personalet i dette arbeidet.

 

3.6 Vurdering

Arbeidet i barnehagen skal vurderast kontinuerlig, og barna sine synspunkt skal og takast med i vurderinga. Det som kjem fram i barnesamtalane skal takast omsyn til. Me har ein brukarundersøking annankvart år som vi legg vekt på i vidare arbeid. Me har og stadig evalueringar på avdelings – og personalmøtane våre og på planleggingsdagane.

Barnehageåret 23/24 vil fokuset vere på relasjon. Mellom voksne og barn, mellom barna og mellom personalet.

  • Personalet har ansvar for å opparbeide ein god varm relasjon til kvart enkelt barn.
  • I tillegg skal personalet legge tilrette for at alle barn kjenner seg inkludert i leikefellesskapet og har leikekameratar.

 

4. Overgangar

4.1 Heim/barnehage

I barnehagen legg me vekt på ei trygg og tilpassa tilvenning for barna og foreldra deira. Me tenker at tid og god kommunikasjon er viktig for å skapa ei god tilvenning. Foreldra treng god informasjon om kva dei kan forvente, og personalet treng informasjon om barnet som er viktig for å ivareta barnet på best måte.

Barnehagen har plan for korleis tilvenning skal sikre god overgang frå heimen til barnehagen. Jfr avsnittet om tilvenning over.

 

4.2 Internt i barnehagen

Når eit barn byter avdeling i barnehagen. Barnet skal i god tid bli kjend med sin nye avdeling og personalet som arbeider der. Me legg opp til at barnet får gjere seg kjend ved å besøke avdelinga, leike der, vere med på måltid eller andre aktivitetar. Personalet som skal overta barnet gjer seg kjend med barnet også i utetid, når barna leikar ute.

 

4.3 Frå barnehage til skulen

Siste året i barnehagen går barnet i ei gruppe me kallar Stjerneklubben. Her har me fokus på skuleførebuande aktiviteter for dei eldste barna. Barna i Stjerneklubben får kvart sitt Trampoline aktivitetshefte som er inndelt i 11 ulike tema, me har ca eitt nytt tema for kvar månad. Dette er tema som barna vil møte igjen på skulen og gjer barna ei felles kunnskapsplattform. Det vert lagt opp til praktiske oppgåver og mykje leik og moro, heftet er knytt opp mot Salaby.no ei digital læringsplattform. Dei ulike temaene vert teke inn i dei 7 ulike fagområda til barnehagen, dette for å gje barna ei større forståing og meiningsskaping.

Barna vil også bli førebudd på skulestart, ved å besøke skulen nokre gonger i løpet av dette siste året. Me har godt samarbeid med skulen og får kome på besøk på 1 trinn, og me gjennomfører turar og aktivitetar samen på våren. Når det er klart frå skulen kven som blir den nye læraren på 1 trinn, arrangerer me møte med Stjerneklubben. Samarbeidsmøte mellom pedagogisk leder og 1. trinnslærer om våren. Informasjon om enkeltbarn blir overført til skulen etter samtykke fra foreldra/føresette.

 

5. Samarbeid mellom heimen og barnehagen

5.1 Foreldra sin medverknad

Samarbeid og medverknad
§ 4. Foreldreråd og samarbeidsutval. Lov om barnehagar (barnehageloven)

For å sikre eit godt samarbeid med barnet sin heim, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutvalg.

Foreldrerådet består av foreldra/føresette til alle barna og skal fremje deira felles interesser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø.

Samarbeidsutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ.

Samarbeidsutvalet består av foreldre/føresette og ansatte i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert.

Barnehageeigar kan delta etter eige ynskje, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene.

Barnehageeigaren skal sørgje for at viktige saker vart lagt fram for foreldrerådet og samarbeidsutvalget

 

5.2 Planlegging og vurdering, foreldremøter, foreldresamtalar, Udir. si foreldreundersøking

Foreldremøter
Det er vanlegvis to ordinære foreldremøter i året i barnehagen. Det første i september er avdelingsvis, her er aktivitetsplan for avdelingen tema, i tillegg kan det vere andre aktuelle tema for møte.

Det andre foreldremøte er vanlegvis på vinteren. Her kan det vere felles møte for heile barnehagen med aktuelt tema, eventuelt avdelingsvise møter.

I tillegg har me før sommaren foreldremøte for nye foreldre med aktuell informasjon om barnehagen og det å vere ny i barnehagen.

 

Foreldresamtalar
Alle barn skal ha 2 eller 3 foreldresamtalar i året. Fleire ved behov.

Udir si foreldreundersøking gjennomfører me i desember.

Det er viktig for oss i barnehagen å få tilbakemelding på korleis foreldra opplever tilbodet barna får i barnehagen. Dette får me gjennom foreldremøter, foreldresamtalar og i den daglege kontakten ved bringing og henting i garderoben.

 

5.3 Visma Flyt Barnehage

Visma Flyt barnehage er barnehagesystemet me nyttar. Ved å laste ned føresett appen får føresette dokumentert innhaldet i dagen til barnet med bilder og informasjon.

Med Min Barnehage-appen kan du enkelt:

  • Motta og sende meldinger med barnehagen
  • Registrere kva dager ditt barn ikkje skal være i barnehagen, er sjuk, har fri eller ferie.
  • Få informasjon frå avdelinga og barnehagen
  • Få dokumentasjon via dagbokpostar med informasjon og bilder frå kvardagen barnet dykkar har i barnehagen
  • Gje eller avslå samtykke, legge inn meldingar til personalet om barnet
  • Søke om redusert foreldrebetaling