Årsplan 2024/25 – Eidesåsen friluftsbarnehage
Godkjent i samarbeidsutvalet den 2.oktober 2024.
Føreord
Friluftsbarnehagen ligg på ei naturtomt 3 km frå sentrum i eit bustadområde. Barnehagen vart bygd i 1991, og har 2 avdelingar i år med 18 plasser på Bjørk, der barna er 3-6 år, og 12 plassar på Furu, der barna er 1-2 år. Barn under 2 år tel to plassar. Vi har 30 barn totalt, men 42 plassar.
Den flotte skogen rundt barnehagen gjev oss rike høve for opplevingar og erfaringar i naturen. Vi brukar Eidesåsen Vel sitt aktivitetsområde med eldhus, røykeri, grillhytte og uteplass med grue. I grillhytta kan vi søkje ly når veret utfordrar oss som verst. Fleire av turene våre går til dette området, og vi kallar området for Basen vår. Med Basen som utgangspunkt går vi turar videre til bekken og vi kan gå videre til leikeplassen i Eidesåsen, her er det grillhytte, ballbinge, disser og eit skogsområde vi nyttar når vi er her. Like over barnehagen er det også ein skog vi nyttar i leik og aktivitetar, dette området kallar vi Lurveleggskogen, dette grunna i at vi meiner det er her Lurvelegg og kona bur.
Vi har også eit naturområde tilknytta barnehagen, her har vi lavvo og gapahuk, dette området vert nytta til ulike aktivitetar, men også til leik i skog og natur.
Kva er ein årsplan?
- Arbeidsreiskap for personalet
- Utgangspunkt for foreldrene sin moglegheit til å påverka innhaldet i barnehagen
- Grunnlag for kommunen sitt tilsyn med barnehagen
- Informasjon om barnehagen sitt pedagogiske arbeid til eigar, politikarar og barnehagen sine samarbeidspartnarar.
Årsplanen byggjer på fylgjande dokument:
- Lov om barnehage
- Rammeplan for barnehage
- Vedtekter for barnehagane i Ullensvang kommune
Ansvar og roller
Barnehageeigar og alle som arbeider i barnehagen, skal saman bidra til å oppfylle måla og krava i rammeplanen med utgangspunkt i sine erfaringar og sin kompetanse.
- Barnehageeigar har det juridiske ansvar for kvaliteten i barnehagetilbodet.
- Styrar/verksemdsleiar har det daglege ansvaret i barnehagen; pedagogisk, personalmessig, og administrativt.
- Pedagogisk leiar skal iverksetta og leia det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn.
Kva vil det si at vi er ein friluftsbarnehage?
Vi jobber etter dei same lover og føreskrifter som alle andre barnehagar, men vel å ta mykje av læringa med ut i naturen.
- Vi skal ha naturen som arena for leik, oppleving og læring
- Barna skal bli kjende med og glad i naturen
- Barn skal få eit ynskje om å ta vare på naturen
- Barna skal få naturlege utfordringar i trygge omgjevnader
- Visa omsorg for kvarandre
- Vera mykje ute i naturen, leita etter kjenneteikn ved alle årstider og leva med årstidene
- Læra barna å bruka reiskapar som kniv og øks
- Læra barna å bruka ski og akebrett
- Læra barna å kle seg i all slags ver
- Læra om naturen
- Undra oss saman med barna over det vi ser, og ikkje ser i naturen
- Å ta naturen med oss inn i barnehagen, inne skal det også visa at vi er ein natur- og friluftsbarnehage
- Friluftsliv vert kjenneteikna gjennom aktivitetar i naturen, og treng ikkje alltid gi resultat i at noko vert sendt heim
- Rammeplanen inn i friluftslivet
- Furu (1-3 år) sitt mål vil vera å læra barna å bli glade i naturen, lage eit godt utgangspunkt for videre arbeid på Bjørk (3-5 år)
- Læra barna å hauste frå kjøkkenhage, og naturen sine ressursar og bruka dette i matlaging (frå jord til bord)
- Glede i naturen
- Bål – som kos, men også som som nytte i aktivitetar
- Turar
- Tradisjonar:
- Krotakakebakst
- Røyke laks
- Kjeldesortering
- Ta vare på naturen, ikkje legge igjen spor
Visjon og verdigrunnlaget til barnehagen
Vår visjon er: “Opplev vennskap og naturglede saman med oss”
Vårt verdigrunnlag skal bygge på respekt, mangfold, likeverd og inkludering.
Dette gjer vi gjennom at vi legg til rette for eit demokratisk fellesskap der barna får oppleve at det finns mange måter å tenke, handle og leve på.
Vi anerkjenner og ivaretar barndommen sin eigenverdi gjennom respekt og anerkjennelse, og vi legg til rette for trivsel, livsglede, meistring og kjensle av eigenverd.
Vi førebyggjer og avdekker krenkelse og mobbing. Barna vert støtta i å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler. Barna skal lære å ta vare på seg sjølv og kvarandre, men også naturen. Dei skal få eit grunnlag til å tenke kritisk, handle etisk og vise solidaritet.
Hovudmål
Alle barn skal vere trygge i barnehagen, og kvar dag få oppleve omsorg, meistring, læring og inkludering, og ha ein kvardag uten krenkingar og mobbing.
Korleis:
- Varme og tydelege vaksne som legg til rette for eit godt psykososialt miljø i barnegruppa og for enkeltbarnet.
- Aktivt deltakande vaksne saman med barna.
- Gjennom observasjonar og refleksjonar skal personalet avdekke og finne tiltak for å gjere kvardagen enno betre for alle.
Barnehagen sitt formål og innhald
Satsingsområde i Eidesåsen friluftsbarnehage er natur, friluftsliv og realfag
Mål:
Eidesåsen friluftsbarnehage ynskjer å skape eit godt utvikling- og læringsmiljø, som tek utgangspunkt i naturen. Vi legg til rette for å auke barna sin kompetanse innan natur og friluftsliv, realfag og berekraftig utvikling.
Korleis:
- Aktivt deltakande vaksne i barnas undring, meistring og læring i barnehagen, på tur og i høve berekraftig utvikling.
- Vi held fokus på korleis vi kan nytte naturen på ein berekraftig måte, vi bruker kjøkkenhagen aktivt, og barna får innsikt i korleis vi kan produsere vår eigen mat.
- Prosjektarbeid med utgangspunkt i naturen
- Aktivitetar med utspring i natur og friluftsliv
- Inkludering gjennom heile dagen, i leik, leikegrupper, aktivitetar og i kvardagsaktivitetar.
Vaksenrolla
Vår grunnleggande holdning i Eidesåsen friluftsbarnehage er at barn og vaksne er likeverdig. Barns tanker og følelser er like mye verdt som dei vaksne sine. Dei vaksne viser barna respekt og tek dei på alvor når dei formidlar ei oppleving, kjensle eller tanke. Vi ynskjer å inngå i eit positivt og sensitivt samspel med barna, forstå, og forsøke å dekke barnet sine følelsesmessige behov for kontakt med ein vaksen. Dette er ein avgjerande forutsetning for læring.
Mål:
Alle barn skal møta varme og forutsigbare vaksne i barnehagen. Barna skal føle seg trygge, beskytta og tatt vare på av dei vaksne.
Autoritativ vaksen
Kva er ein autoritativ vaksen:
- Det går ut på at den vaksne er varm og viser omsorg for barnet, samtidig som den vaksne er tydelig. For å kunne vera tydeleg, må den vaksne utvikle gode relasjoner til barnet.
- Den vaksne må vera god på relasjonsbygging, og god på grenser og krav.
Korleis:
- Vi jobber heile tida med å bygge gode og varme relasjoner til barnet. Dette gjer vi ved å vere tilstades, lytte til barnet og forstå barnet og fylgje deira initiativ
- Vi lager gode opplevingar saman med barnet
- Humor og glede er viktig i kvardagen
- Når vi har klart å få ein god relasjon til barnet er det lettare å vere tydeleg når det trengs.
- Grenser vert satt på ein mild, men tydeleg måte, og dei vert fulgt opp i etterkant.
- Når ein har ein god relasjon til barnet vil barnet betre tåle å få grenser av denne.
- Alle i personalgruppa er ansvarleg for å bygge gode relasjonar til alle barna, for å sikre dette vil det på avdelingsmøter jevnleg vere refleksjoner og rettleiing rundt dette.
Circle of security
Trygghetssirkelen handler om å gje barn nærleik og tryggleik, å hjelpe dei med vanskelige følelser og å støtte barnet i utforsking og leik. Det fins to grunnleggande behov hjå alle menneskebarn, to behov som går i kvar sin retning, men som likevel heng tett saman:
- Tilknytning: barnet er avhengig av, og har behov for vern og omsorg.
- Utforsking: barnets sjølvstende, behov for å undersøke verden og meistre verden.
Behova er avhengig av kvarandre. For å kunne utforske må barnet kjenne seg trygg og under beskyttelse. Dvs. at barnet må ha en viss ro inni seg for å klare å vere nysgjerrig på verden. På den andre sida kan barnet bli både redd, sint og trøtt når det utforsker verden. Då trer behovet for nærheit og tilknytning fram igjen.
Korleis:
- Personalet er pådrivarar og oppmuntrar barnet til å utforske verda rundt seg, og til å oppleve meistring
- Personalet passer på at alle vert inkludert i leiken, og hjelper viss nokon strever med dette
- Personalet er tilstades
- Personalet ser barnet, trøster og gjev omsorg
Tidleg innsats
Ullensvang kommune, avd. oppvekst, fokuserer på tidleg innsats for å hjelpe barnet til god trivsel og god utvikling.
Mål:
Alle barna skal få oppleva ein trygg og god barnehagekvardag, med utfordringar som passar sitt utviklingsnivå.
Korleis:
- Personalet er tilstades og observerer og reflekterer rundt barn sin trivsel og utvikling
- Personalet skriv praksisforteljingar
- Personalet reflekterer saman rundt observasjonar, praksisforteljingar og finn tiltak for å hjelpe barn som treng ekstra støtte
- Personalet legg tilrette for eit godt psykososialt miljø i barnehagen, og tilpasser det allmennpedagogiske tilbudet etter barnas behov og føresetnader
- Personalet søker hjelp ved behov.
- Personalet bruker BTI-rettleiaren til Ullensvang kommune. Bedre tverrfaglig innsats (BTI) er ein rettleiar som skal hjelpe oss med å gi riktig og god hjelp til barn og unge som treng det.
Leik
Leiken er barna sin viktigaste arena for utvikling og læring, den er eit mål i seg sjølv, og den gir barna høve til å samhandle både sosialt og språklig.
Mål:
Alle barn skal få oppleve meistring, inkludering, glede, humor, spenning og engasjement gjennom leiken – aleine og saman med andre.
Korleis:
- Gje rom for leiken både inne, på uteområdet og i skogen
- Gje nok tid til leiken, slik at vi unngår for mange avbrudd i etablert leik
- Skape eit leikemiljø tilpassa barna sine behov, ynskjer og rørsle og skaperkraft.
- Bidra til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik, og legg til rette for utvikling av leiketemaer.
- Observere, reflektere støtte, delta i og berike leiken på barna sine premisser
- Rettleie barna hvis leiken fører til uheldig samspillsmønster
- Vere bevisst på og vurdere eiga rolle og deltaking i barna sin leik
- Ta initiativ til leik og aktivt bidra til at alle kommer inn i leiken.
Danning
Danning er ein kontinuerlig og livslang prosess der barn blir forma gjennom aktiviteter dei deltek i, og gjennom utforskning av dei arenaer som er gjort tilgjengelig for dei.
Mål:
Barnehagen skal tilby barna ulike innfallsvinklar, arenaer og aktivitetar som eit utgangspunkt for danning.
Korleis:
- Vi vil tilby barna varierte aktivtetar og danninggsareaner
- Alle “møteplassar” og aktivitetar vert grunnlag for barna sin danningsprosess
Fysisk miljø
Fysisk miljø som ein del av det pedagogiske arbeidet. Vi vil ta i bruk de tre pedagoger; barnet, rommet og personalet.
Mål:
Utforming av det fysiske miljøet ute og inne skal vekke interesse for oppleving, fremme barna sin trivsel og læring, og gje rom for inkludering og samarbeid.
Korleis:
- Ha ulikt materiale lett tilgjengelig for barna.
- Barna sin medverknad, kva er interesser i år, korleis utforme rommet i forhold til det.
- Ta med naturen inn i barnehagen
- Ta rommet opp til refleksjon i personalgruppa, korleis legge tilrette for god og inkluderande leik.
- Vi vektlegg bruk av naturområda rundt barnehagen og nærmiljøet for opplevingar og utfordringar
- I ulike aktiviteter deler vi barna i grupper. Gjennom samvær i mindre grupper får den vaksne god kjennskap til kvart enkelt barn, og dermed forutsetning for å gi støtte til den enkelte i sin utvikling. Det er for barnet også lettere å bli trygg i ei lita gruppe.
- Rommet blir brukt som den tredje pedagog ved å stimulera til teikning, leikeskriving, og tall- og bokstav skriving.
Livsmeistring og helse
Sosial kompetanse er en forutsetning for å fungere godt sammen med andre og omfatter ferdigheter, kunnskaper og holdninger som utvikles gjennom sosialt samspill.
Mål:
Barna skal trivast, meistre og kjenne på eigeverd og livsglede når dei er i barnehagen. Mobbing og krenkelsar skal verta førebygde og avdekka så tidleg som mogeleg.
Korleis:
- Gje barna utfordringar ut frå alder og modning
- Inkludere barna i oppgåver og aktivitetar i barnehagen ut frå barna sine føresetnader
- Arbeid med sosial kompetanse i kvardagsaktivitetar, leik og andre aktivitetar
- Rørsleleik utan vaksenstyring
- Humor og glede i kvardagen
- Medverknad i kvardagen
Barna sin medverknad
Mål:
Gjennom kjennskap til barnegruppa og kvart einskild barn sine interesseområder, gjennom pedagogisk dokumentasjon og observasjonar skal vi fange opp, og kartlegge barna sine interesser og behov.. Dette skal vere utgangspunkt for våre planer og prosjektarbeid
Korleis:
- Relasjonsbygging
- Barnemøter
- Samtale med einskild barn
- Tilstedeverande vaksne
- Bruk av praksisforteljingar på avdelingsmøter
- Refleksjon på møter; personal og avdelingsmøter
- Pedagogisk dokumentasjon på veggane
Utviklingsarbeid dette barnehageåret
“Friluftsbarnehage”
Vi vart i april 2023 godkjende med profil som friluftsbarnehage, og vi vil gjennom utviklingsarbeid utvikle konseptet friluftsbarnehage. Dette gjennom arbeid mot å nå eit framtidsbilete på korleis vi tenker ein friluftsbarnehage skal vere.
«Inkluderande leik i meiningsfulle fellesskap ute i barnehagen»
Dette vil vere ein del av utviklingen av konseptet friluftsbarnehage. Vi vil sikre at alle barn vert sett, at alle barn har trygge dagar i barnehagen og er inkluderte i barnegruppa. Dette skal ivaretakast på best mogeleg måte sjølv om vi er mykje ute og på tur.
Dette emnet vil vi verte vurderte på og det vil bli utarbeida ein rapport på våre sterke sider og våre utviklingsområde innan dette emnet. Dette skal skje i oktober, men utviklingsarbeidet fortset videre i åra framover.
“E d greitt”
Kompetanseløftet er eit samarbeid mellom Ullensvang og Kvinnherad kommune og består av 3 hovudmål:
- Sikre at alle barn og unge får kunnskap om vald og seksuelle overgrep.
- Auke kompetansen til tilsette som arbeider med barn og unge.
- Ha gode hjelpetiltak i saker der det er mistanke om/avdekka vald og seksuelle overgrep, med fokus på god gjenforening etter tilrettelagt avhør på statens barnehus.
I Eidesåsen friluftsbarnehage er Marte Sekse barna sitt verneombod. Vi vil fylgje undervisningsopplegg frå kommunen, men vi vil først ta dette opp i foreldremøte med refleksjon om korleis dette kan gjerast på ein god måte. Målet i vår barnehage dette året er å bli kjende med opplegget og inkluderer det i barnehagen på ein god måte, difor vel vi å inkludere foreldra i dette.
Samarbeidet med barnet sin heim
Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg, leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling, jf. barnehagelova §1. Foreldresamarbeidet skal både skje på individnivå, med foreldrene til kvart enkelt barn, og på gruppenivå, gjennom foreldrerådet og samarbeidsutvalget.
Dagleg samarbeid
- Ved levering – Personalet får informasjon om korleis natta og morgonen har vore, og om det er anna vi treng vite
- Ved henting – Personalet informerer om korleis dagen har vore og om det er noko foreldra treng vite spesielt
Foreldremøter
- Haust – for alle
- Vår – for alle
- Mai/juni – for nye og dei som skal skifte avdeling
Brukerundersøking
Barnehagane i Ullensvang kommune brukar Udir sin Foreldreundersøkelse. Den vert gjennomført i januar kvart år. Barnehagen skal bearbeide svara og eventuelt finne utviklingsområde/ forbetringstiltak. Resultat og tiltak skal gjerast kjent for foreldrene.
Foreldresamtalar
- Alle får tilbod om ein samtale om hausten og ein i vårhalvåret. Fleire samtalar ved behov. Alle må ha minst ein samtale kvart barnehageår.
- Tema i samtalane er:
- Barna sin trivsel
- Barna si utvikling
- Rettleiing
- Anna som foreldre og personale ynskjer å ta opp
Foreldrerådet
Foreldrerådet er samansatt av alle foreldre/føresette til barn i Eidesåsen barnehage.
Oppgåver:
- Foreldrerådet skal fremje foreldra sine felles interesser, og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø.
- Foreldrerådet skal få innsyn i saker som er viktige for foreldra sitt forhold til barnehagen.
- Foreldrerådet kan sjølve ta initiativ til uformelle samkomme for barn og foreldre i Eidesåsen barnehage, etter barnehagetida.
- Barn og foreldre i Eidesåsen barnehage har tradisjon for å delta i barnetoget på 17. mai, og foreldrerepresentantane har hatt ansvar for henting og levering av fana til barnehagen.
Samarbeidsutvalet
Samarbeidsutvalget skal være eit rådgjevande, kontaktskapende og samordnende organ. Samarbeidsutvalget skal framleggast saker som er viktige for barnehagens innhald og verksemd, og for forholdet til foreldrene. Samarbeidsutvalget skal godkjenne barnehagens årsplan. Andre saker som er av viktigheit er forslag til budsjett eller endringar i drift.
I samarbeidsutvalget sitter to foreldre og to fra personalet. Personene blir valgt for eit år om gangen.
Kontaktperson for samarbeidsutvalet finn du på framsida til barnehagen.
Overgangar
Mål:
Skape gode relasjoner og gje barna ein trygg og god overgong frå heim til barnehage, innad i barnehagen og når dei startar på skulen.
Når barnet byrjer i barnehagen
Korleis:
- Eit godt samarbeide med foreldrene slik at vi kan tilrettelegge for en trygg og god start for barnet.
- Tilvenninga blir tilpassa kvar enkelt ut i frå dei behov barnet har for å bli kjent og etablere relasjoner til de vaksne og de andre barna.
- Gje kvart enkelt barn kva det treng av tid til tilknytning ved oppstart, alt fra nokon få dagar til fleire veker.
Overgang mellom avdelingane i barnehagen
Korleis:
Med kun to avdelingar så er det naturlig at samarbeidet er godt. Avdelingane samarbeider heile året:
- Vi er saman om morgenen og ettermiddagen
- Vi går på felles turar eller har felles aktivitetar.
- Avdelingane samarbeider i hovedferien, samt haustferie, juleferie, vinterferie og påske.
- Besøk på Bjørk enkeltdagar i løpet av våren før dei skal skifte avdeling
Overgang mellom barnehage og skule
Korleis:
- Fokus på skuleførebuande aktivitetar for de eldste barna. Både på tur og på heimedager, og heile siste året i barnehagen.
- Vi har 2 til 4 besøk til SFO, Odda barneskule.
- Når vi har barn som skal begynne i første klasse på ein av dei andre barneskulane prøver vi å legge til rette for eit til to besøk til denne barneskulen, eller til den barnehagen der dei fremtidige klassekameratane går.
- Samarbeidsmøte mellom pedagogisk leiar og 1. klasselærar om våren. Informasjon blir gitt etter samtykke frå foreldra.
- Avslutning i barnehagen blir markert på dagtid.
Barnehagen som pedagogisk verksemd
Planlegging
God planlegging kan bidra til en gjennomtenkt og hensiktsmessig bruk av barnehagen sine menneskelege og materielle ressurser. Planlegging må basere seg på kunnskap om barns utvikling og læring individuelt og i gruppe; samt i observasjon, dokumentasjon, refleksjon og systematisk vurdering i samarbeid/samtaler med barn og foreldre/føresette.
Foreldrene får på første foreldremøter om hausten kome med innspel i forhold til arbeidet på avdelingane. Plan for korleis vi ynskjer å jobber fylgjande barnehageår blir presentert etter vi har bedt om innspel, og vi tar med eventuelle endringsforslag på denne. Forslag til årsplan blir levert ut på høyring, digitalt og /eller i papirform, til alle foreldrene før planen skal til godkjenning i Samarbeidsutvalget.
Detaljplanar vert lagt ut i kalender i Visma-appen.
Vi planlegg prosjektarbeidet med utgangspunkt i satsningsområdet vårt – friluftsliv.
5 planleggingsdager i løpet av året. Då er barnehagen stengt.
- Personalmøter: omlag 8 møter i året
- Avdelingsleiarmøte kvar mandag, 1 time.
- Avdelingsmøter kvar mandag inntil 1,5 time. Bjørk partalsveker og Furu i oddetalsveker.
Dokumentasjon
Mål:
Barnehagens dokumentasjon skal gje foreldre/føresette, lokalmiljø og kommune informasjon om kva barna opplever og lærer i barnehagen. Dokumentasjonen skal vere med på å få fram ulike oppfatningar og opne opp for ein kritisk og reflektert praksis.
Korleis:
- Årsplan og årsrapport.
- Årshjul
- Progresjonsplanar
- Prosjektplanar
- Pedagogisk dokumentasjon av tema og prosjekter veggene i barnehagen.
- Observasjonar og praksisforteljingar
- Dagbok i Visma
Vurdering
Mål:
Kvaliteten i det daglege samspelet mellom mennesker i barnehagen er ein av dei viktigaste forutsetningane for barn si utvikling og læring. Barnegruppa og det enkelte barnet si trivsel og utvikling skal difor bli observert og vurdert fortløpande, og vere grunnlag for videre planlegging.
Vurdering har mange sider; skildre, analysere og tolke arbeidet vi gjør i barnehagen i forhold til det vi har satt oss som mål og lovgiving og retningslinjer. Vurdering vert og retta mot barnehagen sitt personal og samansetning.
Korleis:
- Bruk av ulike observasjonsmetoder
- Bruk av kartleggingsverktøy ved behov
- Barnesamtalar.
- Fortløpande refleksjon og vurdering på alle møtene i barnehagen
- Personalsamarbeid; medarbeidersamtaler og medarbeiderundersøkelse
- Foreldresamarbeid; daglig kontakt, foreldresamtaler, foreldremøter og brukerundersøkelse
- Årsrapport
- Pedagogisk dokumentasjon
Tilrettelegging av det allmennpedagogiske tilbudet for barn som trenger ekstra støtte.
Barnehagen skal tilpasse det allmennpedagogiske tilbudet etter barnas behov og forutsetninger, også når nokon barn har behov for ekstra støtte i kortare eller lengre perioder.. Vi inkluderer og informerer foreldrene undervegs. Dette gjeld også om vi tenker foreldrene bør kreve sakkyndig vurdering av om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp.
Barnehagen sine arbeidsmåter
Progresjon, prosjektarbeid og fagområdene
Progresjon i barnehagen innebærer at alle barn skal utvikle seg, lære og oppleve fremgang. Vi tar utgangspunkt i nokon målsettjingar, men det er ikkje forventa at barna skal kunne det same. Dei skal ha noko å strebe etter, men ikkje nødvendigvis noko som ein oppnår. Det vert forventa at barna lærer ulike ting fordi dei har ulike erfaringar. I forhold til leike-, aktivitets- og læringsmuligheter tilpasser og tilrettelegg vi individuelt, og vi har valgt å jobbe med prosjekt som metode for å kunne bygge videre på barna sine interesser og gje barna varierte erfaringar og opplevingar. Gjennom prosjektarbeid som arbeidsmåtar får barna utfordringer tilpassa sine erfaringer, interesser, kunnskaper og ferdigheter.
Å ha prosjektarbeid som metode vil seie å undersøke eit spørsmål, eit tema eller ein hypotese. Prosjektet blir planlagt og utvikla saman med barna, der barn sine spørsmål og svar blir trekt inn i prosessen. Det vil også seie å dokumentere prosessen, barna sine spørsmål og hypoteser undervegs for å reflektere saman, og lære av dei med tanke på videre framdrift. Dette gjer dei vaksne ved å stille opne spørsmål som vi kan undre oss og reflektere rundt, i staden for å kome med svarene.
Fagområdene i rammeplanen vil barna møte kvar dag, men vil vil og kunne fordjupe oss meir i eitt fagområde i dei periodane vi har prosjektarbeid.
Barnehagen sin digitale praksis
Mål:
Aktivt deltakande vaksne som legg til rette for eit godt utviklings- og læringsmiljø ved hjelp av ulike digitale verktøy.
Korleis:
- Gjennom at IKT i barnehagen skal vere ein naturlig del av kvardagen til barn og vaksne.
- Vaksne som kan bruke disse verktøya hensiktsmessig.
- Bruk av digitale verktøy som stimulerande verktøy, og i læringsprosesser og barna sine kreative uttrykk.
- Personalet skal reflektere rundt bruk av digitale verktøyet og ha god digital dømmekraft dvs. evne til kritisk refleksjon, bl.a. knyttet til personvern, nettvett og opphavsrett.
Barnehagen sine fagområder
- Kommunikasjon, språk og tekst.
- Barna møter aktive vaksne som er gode språkmodellar, og som legg til rette for eit godt språkmiljø, der språk og vennskap kan bli utvikla.
- Gjennom dialog og samspill skal barna støttes i å kommunisere, medvirke, lytte, forstå og skape meining.
- Småbarnsavdelinga, Furu, nytter teikn til tale som støtte i språkstimulering til alle barna.
- Kropp, rørsle, mat og helse.
- Barna møter bevisste vaksne som tilrettelegg for fysisk aktivitet
- Barnehagen har eit reflektert forhold til kva mat dei serverer barn, men også den maten dei sjølv et saman med barna.
- Kunst, kultur og kreativitet.
- Barna møter vaksne som legg til rette for ulike kreative uttrykk og teknikkar, der prosessen er målet, og skapergleda er i sentrum.
- Natur, miljø og teknikk.
- Barna møter vaksne som legg til rette for mange opplevingar og aktivitetar i naturen, og som er nysgjerrige saman med barna.
- Antall, rom og form.
- Barna møter vaksne som undrar seg saman med dei, og er bevisst det matematiske språket i samtalane.
- Etikk, religion og filosofi.
- Barna møter vaksne som stiller opne spørsmål og undrar seg saman med dei rundt eksistensielle, etiske og filosofiske spørsmål.
- Nærmiljø og samfunn.
- Barna møter vaksne som gjennom utforsking, opplevingar og erfaringer gjer barna kjend med eige nærmiljø, samfunnet og verden.
Årshjul
- August/september | Tilvenning | Alle
- August/september | Markering av friluftsbarnehagen | Felles
- September | Brannvernveka | Felles
- September/oktober | Foreldremøte | Heidi + avd.
- Desember | Lucia | Bjørk
- Desember | Julefest | Avdelingsvis
- Februar | Fastelaven | Avdelingsvis
- Mars | Solfest | Felles
- Mars | Påskemarkering og lunsj | Felles
- April/mai | Foreldremøte nye | Heidi + avd.
- Vinter/vår | Foreldremøte | Heidi + avd.
- April/mai | Grillfest i Basen | Felles
- 17. mai | Nasjonaldagen | Foreldre repr.
- Mai/juni | Tilvenning for nye barn | Heidi + avd.
Vekerytme
Måndag
- Møtedag, samarbeid mellom avdelingane.
- Bjørk i partalsveker
- Furu i Oddetalsveker
Tysdag
- Prosjektdag
- Bjørk turdag/leik/aktivitetsdag ute
- Furu leikegrupper/aktivitetar i grupper
Onsdag
- Prosjektdag
- Furu turdag/aktivitetsdag ute
- Bjørk heimedag/aktivitet i lavvo eller inne
Torsdag
- Prosjektdag
- Bjørk turdag leik/aktivitetsdag ute
- Furu leikegrupper/aktivitetar i grupper
Fredag
- Mat og helse
- Leik inne/ute