Raud paragraf symbol blant mange kvite paragraf symbol

Alkoholpolitiske retninglinjer

Føremålet med alkohollova er å avgrensa dei samfunnsmessige og individuelle skader som alkohol kan føra til. Løyvepolitikken skal vera føreseieleg og med retningslinjer som gjer næringa godt driftsgrunnlag og konkurransevilkår.

Alkoholpolitiske retninglinjer for Ullensvang kommune

Gjeldande frå 26.02.2020

 

Innleiing

Alkoholpolitiske retningslinjer for Ullensvang kommune for perioden 26. februar 2020 til 30. september 2024.

Føremålet med alkohollova er å avgrensa dei samfunnsmessige og individuelle skader som alkohol kan føra til. Løyvepolitikken skal vera føreseieleg og med retningslinjer som gjer næringa godt driftsgrunnlag og konkurransevilkår. Kontroll av tildelte løyver skal sikra at sal og skjenking skjer i tråd med lov og retningslinjer.

Jf. alkohollova § 1-7d er kommunen pålagt å utarbeide alkoholpolitiske retningslinjer. Dei alkoholpolitiske retningslinjene skal handsamast i kvar kommunestyreperiode.

Ei rekkje andre lover pålegg kommune å løysa oppgåver på «rusmiddelfeltet». Difor vil rådmannen i 2020 utarbeida ein ruspolitisk handlingplan for 2020-2024, der Ullensvang kommune sine alkoholpolitiske retninglinjer vert innlemma.

Denne planen legg rammer for kommunal sals- og skjenkepolitikk som gjer det mogeleg å delegera mynde frå politisk til administrative organ, og dermed yta raskare sakshandsaming til innbyggarane.

 

Del 1 - Føremål

Alkohollova sitt føremål § 1-1 er i størst mogeleg grad å begrensa dei samfunnsmessige og individuelle skader som alkoholbruk kan føra til. Som eit ledd i dette siktar lova på å begrensa forbruket av alkoholhaldige drikkevarer.

Ullensvang kommune sin overordna målsetjing med den lokale alkoholpolitikken er satt med utgangspunkt i formålsparagrafen. Kommunen skal gjennom løyvepolitikken ha som mål å begrensa i størst mogeleg grad dei individuelle og samfunnsmessige skadevirkningane alkoholbruk kan innebera.

Viktige delmål er å begrensa tilgjenge av alkohol for barn og unge, og bevara alkoholfrie arenaer i kommunen for innbyggjarane.

Det er vidare ei målsetjing å føra ein løyvepolitikk som fremmar gode rammevilkår, likebehandling og forutsigbarheit for næringslivet.

Alkoholpolitikken vert forvalta med til dels motstridane hensyn. Vi veit at bruk av alkohol kan påføra samfunnet og enkeltmennesker store lidingar. Samstundes er alkohol ei lovleg vare, som er sosialt akseptert i fleire samanhengar. Det er i tillegg arbeidsplassar og inntekter knytt til omsetjing av alkohol.

Ullensvang kommune skal føra ein løyvepolitikk som balanserer desse hensyna på ein ansvarleg måte. Dette kan vi gjere ved å tilrettelegga for ein sunn og seriøs næring, som kan tilby kommunen sine innbyggjarar og turistar eit godt og variert utval av serveringsplassar. Kommunen ynskjer å samarbeide med løyvehavarane, slik at gjeldande retningslinjer og regelverk vert følgd.

 

 

Del 2 - Alminnelege bestemmingar

1. Søknadar om sals- og skjenkeløyver

All sal og skjenking av alkoholhaldig drikk mot vederlag krev løyve.

Søknadar om sals- og skjenkeløyver skal avgjerast i tråd med alkohollova og bestemmingar gjeve i medhald av denne. Søknadane skal i tillegg vurderast i tråd med vedtekne prinsipp og målsetjingar fastsett i dei alkoholpolitiske retningslinjene for Ullensvang kommune.
Søknad om utviding av skjenkeområde og søknad om skjenkeløyve for einskildhøve skal vera levert til kommunen seinast to veker før løyvet skal takast i bruk.

 

2. Høyringsinstansar for søknader

Ordinært sals- og skjenkeløyve skal sendast på høyring til politi, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmynde.
Sals- og skjenkeløyve for einskildhøve skal sendast på høyring til politi og sosialtenesta.
Endring av styrar og/eller stedfortredar skal sendast på høyring til politi og skatte- og avgiftsmynde.

Politi, skatte- og avgiftsmyndigheitene og sosialtenesta skal uttala seg om løyvesøknaden før den vert avgjort, for å ta stilling til vandel, og om søkjar tilfredsstiller lovkrava. Dette gjeld for løyvehavar, personar som eig ein vesentleg del av verksemda eller selskapet, og / eller driv selskapet, og for styrar og stedfortredar for løyvet. Vandelskravet gjeld ikkje for AS Vinmonopolet.

Vert det avdekka noko som kan ha innverknad for løyvespørsmålet, pliktar politi og skatte- og avgiftsmynde, utan hinder av tausheitsplikta, å informera løyvemynde.

Ved vurdering om løyve for sal eller skjenking skal gjevast, kan kommunen leggja vekt på antal sals- og skjenkeplassar, verksemda sin karakter, plassering, lokalmiljøet, målgruppa, trafikk- og ordensmessige tilhøve og næringspolitiske omsyn og om løyvesøkjar er egna til å ha løyve.

Vilkår
I følge alkohollova § 4-3 kan kommunen setja vilkår for løyvet. Forutsetninga for eit lovleg vilkår er at det er begrunna i alkoholpolitiske hensyn.

 

3. Definisjonar

  • Alkoholhaldig drikk gruppe 1 er drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol.
  • Alkoholhaldig drikk gruppe 2 er drikk som inneheld over 4,7 og mindre enn 22 volumprosent alkohol.
  • Alkoholhaldig drikk gruppe 3 er drikk som inneheld mellom 22 og 60 volumprosent alkohol.

 

  • Salsløyve – Overdraging av alkoholhaldig drikk til forbrukar mot vederlag, for drikking utanfor salsplassen.
  • Skjenkeløyve – Overdraging av alkoholhaldig drikk til forbrukar mot vederlag, for drikking på plassen.

4. Løyveperioden

Sals- og skjenkeløyver kan gjevast for inntil 4 år, med opphøyr seinast 30. september året etter ny kommunestyreperiode er i gang. Det nye kommunestyret kan vedta at alle eller nokre løyver skal løpa utan fornying, men berre etter ein revidering av dei alkoholpolitiske retningslinjene.

Ein kan få sals- og skjenkeløyve for ein tidsavgrensa periode, for ein bestemt del av året eller for eit einskildhøve. For einskildhøve er det spesifisert eigne vilkår, sjå punkt 6.

Ullensvang kommune har vedteke at alle løyver vert fornya utan krav om at løyvehavarane treng søkje på nytt. Rådmannen vil innhenta opplysningar om kvar einskilde skjenke- og salsplass, slik at vi får oppdatera våre register og gjere nødvendige kontrollar av desse løyvene.

 

 

Del 3 - Skjenkeløyve

5. Tildeling av alminneleg skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3

Det vert ikkje sett tak på antal skjenkeløyver i Ullensvang kommune. Skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1,2 og 3 kan tildelast hotell, restaurant, pub, bar, diskotek, kafe, bistro og serveringsplass knytt til gardsturisme.

 

6. Skjenkeløyve for einskildhøve

  • Det kan tildelast skjenkeløyve for einskilde høve.
  • Det vert ikkje gjeve skjenkeløyve for idrettsarrangement.
  • På større arrangement som til dømes bygdafestar, må skjenkestyrar og minst 1 vakt må ha gjennomført skjenkekurs i regi av kommunen eller ha teke kunnskapsprøven for skjenkeløyve. Rådmannen kan fråvika dette kravet ut frå ei totalvurdering.
  • For å få løyve til einskildhøve må det vere minimum 18 år aldersgrense til skjenkelokalet. Det kan søkjast om dispensasjon på arrangement der det vil vera naturleg å gje adgang til ungdom under 18 år. Dette kan t.d. vera konsertar, revy eller andre kulturelle arrangement.
  • På såkalla bygdafestar kan ungdom frå 15 år og oppover delta. Vilkår for dette er at det vert utabeidd og vedlagd ei risikovurdering/handlingsplan i søknaden, for å hindra at mindreårige får tilgang til alkoholhaldig drikk. Det skal vera matservering og dans. Arrangøren må visa til risikovurdering / handlingsplan for å hindra at mindreårige får tilgang til alkoholhaldig drikk. Vakthald skal godkjennast av politiet. Brot på vilkåra sett i løyvevedtaket og alkohollova kan medføra karantene for både huseigar og arrangør.

Vaktkrav ved einskildhøve:

  • Alle arrangement må føreta ei risikovurdering ut frå type arrangement og gjestetal.
  • Det er politiet som set vaktkrav. Dei skal få tilsendt vaktlister.
  • Rådmannen kan i spesielle høve fråvika krav om kunnskapsprøve/kurs for styrar og ein av vaktene, dette ut frå ei totalvurdering.
  • Det same gjeld vaktkravet, men då i samråd med politiet som set vaktkrav. Døme på slike arrangment er pensjonistlag eller andre lag som vil ha meldemsfest eller kulturarrangement der skjenkinga berre er ein liten del av arrangementet, som til dømes temakveld, opning av ny butikk og lignande.

 

Antal vakter skal vera:

Arrangement inntil 50 gjester – min. 2 vakter
Arrangement mellom 51 og 100 gjester – min. 4 vakter
Arrangement mellom 100 og 250 gjester – min. 12 vakter
Arrangement med meir enn 250 gjester – min 20 vakter

Politiet skal ha melding om kvart arrangement og kan stilla andre vaktkrav enn det som er skissert her, ut frå ei totalvurdering av arrangementet.

Større arrangement som til dømes Morellfestivalen på Lofthus, Handverkmessa i Jondal og Røldalsmarknaden er pålagt å søkje politiet om løyve. Politiet skal uttala seg om arrangementet før Ullensvang kommune handsamar søknaden.

 

Gebyr for skjenkeløyve for einskildhøve:

1-99 gjester – 600 kr.
100-199 gjester – 1500 kr.
Meir enn 200 gjester – 3000k kr.

 

Gebyr for salsløyve for einskildhøve:
600 kr.

 

Viser det seg i ettertid at det er fleire eller færre gjester enn oppgjeven i søknaden, vert kravet justert.

Om arrangementet vert avlyst, skal det betalast eit gebyr på 500 kr.

 

7. Ambulerande skjenkeløyve

Det vert ikkje gjeve ambulerande skjenkeløyve i Ullensvang kommune. Skjenkeløyve for einskilhøve erstattar dette.

 

8. Innførsel eller tilverking av alkoholhaldig drikk for skjenking i eiga verksemd – utvida kommunalt skjenkeløyve

Eit ordinært skjenkeløyve kan etter ei skjønsmessig vurdering utvidast til å omfatta innførsel av alkoholhaldig drikk som skal skjenkast i eigen verksemd. Utviding til innførsel kan kun omfatta den alkoholhaldige drikk som skjenkeløyve dekkjer. Løyve til innførsel kan ikkje gjevast til skjenkeløyve for ein bestemt del av året eller for einskildhøve jf. § 1-6 i alkohollova.

Eit skjenkeløyve kan og utvidast til å omfatta tilverking av dei same alkoholhaldige drikkane som kan skjenkast, utan brennevin. Dette gjeld og for løyver for ein bestemt del av året eller einskildhøve (i motsetning til innførsel). Eit utvida løyve for tilverking kan berre gjevast om tilverkinga inngår som ein del av skjenkeplassen sitt heilheitlige tilbod og karakter, til dømes lokale tradisjonar og fremmar lokal kultur og turisme og berre om tilverkinga skal skje på skjenkeplassen.

Felles for begge ordningane er at alkoholhaldig drikk som vert innført eller tilverka i medhald av det utvida skjenkeløyve, kun kan skjenkast ved skjenkeplassen løyvet er knytt til. Drikken kan ikkje omsetjast på anna måte.

 

9. Skjenketider

Ullensvang kommune har lik skjenketid heile veka:
Gruppe 1 og 2 – kl. 08.00-02.00
Gruppe 3 – kl. 13.00-02.00

Det vert ikkje høve til å søkje om utvida skjenketid.

Skjenking av gruppe 3 (brennevin) mellom kl. 03.00 og 13.00 og skjenking av gruppe 1 og 2 (øl og vin) mellom kl. 03.00 og 06.00 er forbode jf. § 4-4 i alkohollova.

Nattklubb – Ullensvang kommunestyre har vedteke at det vert høve å søkje løyve til å drift av nattklubb. Rådmann vil i april fremma ei sak om dette til kommunestyret, slik at vi får vedteke retningslinjer for dette.

 

10. Utviding av skjenkeområde

Det kan etter søknad verta gjeve løyve til utviding av eit skjenkeområde for alminnelege løyver. Kommunen gjer vurderingar etter alkohollova §1-7a for kvar einskild søknad. Utviding av skjenkeområde gjeld for dei alkoholgruppene som løyvehavar har rett til å skjenke. Skjenketid følgjer dei vedtekne skjenketidene som løyvehavar har fått, men kommunen kan innskrenka skjenketidene ved utvida skjenkeområde.
Politiet skal ha melding om utvida skjenkeområde og kan setja krav til vakthald.

 

 

Del 4 – Salsløyve

Sal av alkoholhaldig drikk gr. 2 og 3 kan berre skje gjennom AS Vinmonopolet på grunnlag av kommunalt løyve.

Sal av alkoholhaldig drikk gr. 1 kan berre skje på grunnlag av kommunalt løyve, og gjeld for eitt bestemt lokale og bestemd type verksemd.

Det kan etter forskrifta § 3-2 ikkje gjevast salsløyve til bensinstasjon eller kiosk.

Kommunen står relativt fritt til å velje kva type verksemd som skal få løyve eller ikkje, men Ullensvang kommune har ingen retningslinjer for kven som kan få løyve til sal av alkoholhaldig drikk utover det som er nemnd i forskrifta.

 

11. Utviding av salsområde

Det kan etter søknad, ved særskilde høve, verta gjeve løyve til utvida område for sal av alkoholhaldig drikk opp til 4,7 volumprosent. Særskilde høve er festivalar, messer og kurs. Det kan ikkje skjenkast og seljast alkoholhaldig drikk i same lokale.

 

12. Tilverking av alkoholhaldig drikk for sal i eiga verksemd

Kommunen kan, etter en skjønnsmessig vurdering, utvida eit salsløyve til å omfatta rett til innførsel av alkoholhaldig drikk gruppe 1 for sal i eigen verksemd. Slikt utvida løyve kan gjevast samstundes med salsløyve eller som tillegg til eit allereie eksisterande salsløyve. Løyver som gjeld for ein bestemt del av året eller for einskildhøve kan ikkje utvidast til å omfatta innførsel for sal i eigen verksemd.

Løyvehavar med kommunalt salsløyve kan søkja om å få utvida dette løyve til å omfatta tilverking for sal i eigen verksemd av alkoholhaldig drikk gruppe 1 direkte fra produksjonsplassen. Dette gjeld berre om tilverkninga skjer ved salsplassen. Salet og tilverkinga må utgjera ein del av plassen sin heilskapeleg karakter og salstilbod, til dømes lokale tradisjonar og fremmar lokal kultur og turisme. Løyve for ein bestemt del av året eller for einskildhøve kan ikkje utvidast til å omfatta tilverking for sal i eigen verksemd.

Løyvehavar med kommunalt salsløyve kan søkje om å få utvida sitt salsløyve til å omfatta tilverkning for sal i eigen verksemd av visse produkt i gruppe 2 (som inneheld over 4,7 og opp til 22 volumprosent), direkte fra produksjonsplassen. Salet og tilverkninga må utgjera ein del av plassen sin heilskaplege karakter og salstilbod, til dømes lokale tradisjonar og fremmar lokal kultur og turisme.

Vidare er det eit krav for sal og tilverking av gruppe 2 at:

Den alkoholhaldige drikken som skal tilverkast må vera omfatta av produktlista i kommentar til posisjon 22.06 i Tolltariffen (andre gjæra drikkevarer t.d. sider, pærevin og mjød).
Det kan ikkje tilsettjast brennevin eller alkohalhaldige produkt som ikkje er omfatta av denne produktlista.
Minst en tredjedel av innsatsvarene som gjer produktet sin karakter, må vera eigenprodusert.
Det er ei volumbegrensing på sal pr. år på 15 000 liter.
Innehavar av statleg tilverkningsløyve etter kapittel 6 kan og søkje om kommunalt salsløyve for sal av tilsvarande produkt, direkte frå plassen for tilverkning om desse krava er stetta.

Kommentarer til tilverking av alkholhaldig drikk for sal i eiga verksemd:
Etter endringar i alkohollova er det altså no opna for at kommunane kan gje løyve for produksjon av alholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 for sal i eiga verksemd, der lokale tradisjonar og fremming av kultur er sentralt. Det er 12 gardar med slikt løyve i Ullensvang kommune, der enkelte av dei kombinerer dette med skjenkeløyve, for å leggja tilrette for arrangement med lokal mat og drikke kombinert med kulturformidling.
Truleg er Ullensvang den kommunen som har flest slike løyve, og det er framleis stor optimisme.

 

13. Salstider

Sal av drikk gruppe 1 er forbode etter kl. 20.00 på kvardagar og kl. 18.00 på dager før søn- og helligdagar med unnatak av dagen før Kristi Himmelfartsdag etter jf. § 3-7 i alkohollova.

Salstider i butikkane skal vera i samsvar med maksimaltida i alkohollova:

Kvardagar kl. 08.00- 20.00.
Laurdagar og dagar før heilagdagar kl. 08.00- 18.00.

 

 

Del 5 – Diverse

14. Delegeringsmynde

Det er kommunestyret som er delegert ansvaret for å innvilga løyver for sal og skjenking av brennevin (gruppe 3), vin (gruppe 2) og øl (gruppe 1). Kommunestyret kan delegera mynde til å tildela løyver, fastsetja tid for sal og skjenking og å inndra løyver til formannskapet eller rådmannen. Sals- og skjenkeløyver skal vera knytt til eigarskapet, også om det er ein juridisk person. Løyvet vert gjeven til den einheit som har det økonomiske og juridiske ansvaret for bedrifta, og ein løyvehavar kan ha fleire løyver.

 

Delegert Ullensvang formannskap

  • Handsaming av søknader om nye sals- skjenke- og tilverkingsløyver

 

Delegert til rådmannen

  • Godkjenning av ny styrar / stedfortredar (alkohollova § 1-7c)
  • Gje sals- og skjenkeløyve for einskildhøve
  • Gje løyve til utviding av skjenkeområde
  • Prikktildeling og inndraging av løyve
  • Gje nytt løyve til stader som allereie har sals- eller skjenkeløyve, men som av ulike grunnar må søkje nytt løyve. Til dømes ny eigar, endring av driftskonsept o.a.
  • Fastsetjing av løyvegebyr
  • Setje andre vaktkrav enn det som er skissert i denne saka ut frå ei totalvurdering, og i samråd med politiet.

 

15. Sals- og skjenkekontroll

Kommunen har ansvar for kontroll med utøvinga av dei kommunale sals- og skjenkeløyvene, jf. alkohollova § 1-9 og alkoholforskirifta kap. 9. Forskrifta seier at sals- og skjenkestadene skal kontrollerast så ofte som behovet tilseier, men minst ein gong kvart år. Det skal skal kontrolleras tre gonger meir enn det er sals- og skjenkestader.

Kontroll av sals- og skjenkestadene skal gjennomførast av skjenkekontrollen i Kvam herad.

Utgifter i samband med kontroll av sal og skjenking av alkoholhaldig drikk er føresett dekka inn gjennom kommunen si innkrevjing av sals- og skjenkeavgifter. Avgiftene er heimla i § 7-1 og forskriftene § 6.

 

16. Samarbeid med bransjen, skjenkekontrollen og politiet.

Ullensvang kommune vil i samarbeid med skjenkekontrollen i Kvam herad og politiet arrangera dialogmøte med sals- og skjenkenæringa. Det skal vera minst eit møte i året som Ullensvang kommune har ansvar for vert arrangert. Her vil vi i tillegg til politi og skjenkekontrollen invitera med oss sals- og skjenkenæringa og ungdomslag.I tillegg vil vi arrangera kurs i mindre målestokk om arrangørar av til dømes bygdafestar har behov for det.

 

17. Brot – Prikktildeling

Frå 1. januar 2016 vart det innført nye, nasjonale reglar for tildeling av prikkar og inndraging av løyver. Dette inneber sakshandsamingsreglar og standardiserte reaksjonar for ulike former for overtredingar.

Reglane inneber at ulike typar brot vert tildelt eit visst tal prikkar, der 12 prikkar i løpet av 2 år vil føre til inndraging i ei veke. Eit brot kan gje maks 8 prikkar. Ordninga er obligatorisk, og kommunen er forplikta til å følgje anvisingane i denne forskrifta.

Hovudformålet med innføring av prikktildelingssystemet er å sikre at brot på regelverket vert fulgt opp. Vidare er systemet meint å føre til ei forenkling av sakshandsaminga av inndragingssaker i kommunane. Prikktildelingssystemet gjev klåre retningslinjer for når eit løyve skal inndragast, og kva reaksjon som normalt skal veljast. Det skal ikkje utøvast skjøn i same grad som tidlegare, men unnatak kan gjerast i særlege høve. Konsekvensane ved brot vil vere meir tydelege og føreseielege for løyvehavarane med dette prikktildelingssystemet. Dette kan vere til hjelp for løyvehavarane når dei utarbeider rutinar og internkontroll for å sikre at drifta er i samsvar med alkohollova med forskrifter.

Oversikt over prikkfordeling

8 prikkar
Sal og skjenking til mindreårige
Brot på bistandsplikta
Brot på krav om forsvarleg drift
Hindring av kontroll

4 prikkar
Sal og skjenking til openbart rusa person
Brot på tidsbestemmelsane
Skjenking av sprit til person mellom 18 og 20 år
Brot på alderskrav til den som sel eller skjenker alkohol

2 prikkar
Openbart påvirka person i lokalet
Manglar ved internkontroll
Manglande levering av omsetjingsoppgåve
Manglande betaling av gebyr
Brot på reglar om styrar og stedfortredar
Diskriminering
Narkotikaomsetjing

1 prikk
Brot på reglar om alkoholfrie varer
Brot på reglar om plassering av alkoholhaldig drikk på salsplassen
Brot på reglar om skjenkemengd av brennevin
Brot på vilkår i løyvevedtaket
Konsumering av medbrakt alkohol
Gjester tek med alkohol ut
Brot på reklameforbodet

 

Samandrag konklusjon:

Ullensvang kommune skal føra ein løyvepolitikk som tilretteleggjer for ein sunn og seriøs næring, som kan tilby kommunen sine innbyggjarar og turistar eit godt og variert utval av serveringsplassar. Kommunen ynskjer å samarbeide med løyvehavarane, slik at gjeldande retningsliner og regelverk vert følgd.