Generell personverninfo

Personvern og informasjonstryggleik er viktig for oss i Ullensvang kommune. Vi ønsker at du skal føla deg trygg på at personopplysningane dine blir behandla på ein sikker og riktig måte av kommunen, og at du kjenner til kva rettar du har etter personopplysningslova. I denne erklæringa fortel vi korleis kommunen behandlar personopplysningane dine, kva som er formålet og kva rettar du har.

 

Formål

Formålet med behandlinga er å tilby deg offentlege tenester eller utføra lovpålagte oppgåver.

Vi må ha eit rettslig grunnlag for å kunna behandla opplysningar om deg. Det kan til dømes vera at du har gitt oss samtykkje til å handtera personopplysningane, eller at vi skal oppfylla ein avtale med deg. Det kan òg vera nødvendig for at vi skal oppfylla ei rettsleg forplikting eller utøva offentleg myndigheit (gjera vedtak).

Dersom behandlinga er basert på samtykkje, har du rett til å trekkja det tilbake når som helst.

For sistnemnde grunnlag, kan du i visse tilfelle protestera mot behandlinga.

Personopplysningsloven og personvernforordningen artikkel 6 – 11 og 21 gjev utfyllande informasjon.

 

Informasjon og innsyn

Du har som hovudregel rett til informasjon om, og innsyn i opplysningar om deg sjølv:

  • Kva opplysningar som er lagra om deg
  • Kva opplysningane skal brukast til
  • Korleis kommunen har fått tak i opplysningane
  • Kven som har eller har hatt tilgang til opplysningane

 

Innsynsretten gjeld ikkje dersom:

  • Det er nødvendig å halda opplysningane hemmeleg pga. etterforsking av straffbare handlingar
  • Tilgang til opplysningane kan føra til livsfare eller alvorlig helseskade
  • Det er ikkje tilrådeleg av omsyn til dine familiemedlemmer og ditt forhold til dei
  • I lov eller med heimel i lov er underlagt teieplikt
  • Personopplysningane vert berre brukt til intern saksførebuing og ikkje er levert til andre
  • Det vil vera i strid med openbare og grunnleggjande private eller offentlege interesser å informera om
  • Personopplysningane vert berre nytta til historiske, statistiske eller vitskaplege formål der behandlinga ikkje får noko direkte betyding for deg

Du kan òg be om innsyn i korleis kommunen behandlar personopplysningar generelt og om sikringsstiltak knytt til bruken av dine personopplysningar.

 

Deling av opplysningar

Ved enkelte høve vert dine personopplysningar formidla til andre. Det kan vera NAV, Husbanken eller andre me pliktar å gje informasjon til.

Opne og anonymiserte data kan verta delt til forsking, analyse og andre allmennyttige formål.

 

Sletting

Du har rett til å få sletta opplysningar om deg sjølv. Denne retten har avgrensingar. Det gjeld ikkje for opplysningar som er arkivpliktige eller nødvendige for å kunna krevja eller forsvara rettskrav. Datatilsynet: Dine rettigheter

 

Klage

Om kommunen nektar deg innsyn i opplysningane, får du skriftleg svar med grunngjeving.

Ved avslag på innsyn har du høve til å klaga. Du kan òg klaga om kommunen avslår ønsket ditt om retting eller sletting av opplysningar. Klagefrist er tre veker frå du får kommunen si avgjerd. Du må grunngjeva klagen. Kommunen kan gje deg rettleiing om du har behov for det.

Send klagen til:

Ullensvang kommune
Opheimsgata 31
5750 Odda

Kommunen vil vurdera om det er grunn til å gjera endringar. Dersom avgjerda ikkje vert endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

 

Kontakt personvernombod

Ta kontakt med personvernombod om du har spørsmål om behandling av personopplysningar i kommunen. Samt for rådgiving av klage på behandling av personvernopplysningar til Datatilsynet.

Personvernombodet skal jobba for at personvernet blir tatt vare på på ein god måte, både for tilsette og innbyggarar.

Personvernombodet kan kontaktast på e-post eller på telefon:

Cato Underhaug
personvernombod@ullensvang.kommune.no
Mobil: 901 60 529

Datatilsynet: Personvernombudets oppgaver

 

Lagring og statistikk

Ullensvang kommune loggfører IP-adresser som besøker våre serverar, for å kunna utføre teknisk feilsøking. Datagrunnlaget vert ikkje nytta til andre formål, og forsøk på å identifisera enkelpersonar ut frå disse loggane skjer ikkje. Serverloggane vert sletta etter kort tid.

 

Dette er ei personvernerklæring med hovudreglar. Dersom det er motsetning mellom erklæringa og personvernlovgjevinga eller anna regelverk, har sistnemnde førerang.