Eigenberedskapsveka 2026

Dette er ei årleg kampanjeveke, som blir gjennomført i veke 44, med informasjon og aktivitetar om eigenberedskap. Målet er å auka kunnskapen og forståinga til befolkninga, slik at fleire gjer konkrete førebuingar for å klare seg sjølve i éi veke 🔋

Veka er initiert av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), men kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet gjennomfører aktivitetar og informasjonstiltak.

Røde Kors og kommunen vil ha informasjonsstand i steinparken om beredskap torsdag 29. oktober

I år er temaet korleis samfunnet kan bli betre førebudd på å handtere situasjonar der mobilnett og internett ikkje fungerer som normalt.

DSB og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (NKOM) har utvikla sju enkle råd til korleis kvar enkelt kan bli betre rusta til å klare seg med periodar utan mobilnett og internett. 

Brosjyre: Dersom mobilnett og internett ikkje verkar (PDF, 2 MB)

Du kan og lesa meir om dette på SSB si nettside: Ekombortfall

Tips!

Slik tek du vare på maten viss straumen går

Nofima har samla kunnskapen dei har om korleis innbyggjarane kan behandle maten rett og vera føre var. Dei har samla råda i eit informasjonsark som forklarer mellom anna korleis ein held kulda inne i kjøleskap og frysar, kva mat ein bør bruke først, kva ein bør ha på lager for éi veke og korleis ein held lageret i omløp.

Slik at du vare på maten hvis strømmen går (PDF, 159 kB)