Bustadkontor i kommunen

Iflg vedtak i kommunestyret 21.10.2020, sak 163/20, har Ullensvang kommune etablert eit bustadkontor. Arbeidsoppgåver i Bustadkontoret er råd og rettleiing, sakshandsaming av startlån, bustadtilskot og bustøtte og ein del arbeidsoppgåver knytt til utleige av kommunale bustader. Bustadkontoret har eit tett samarbeid med kommunal eigedom og byggdrift for arbeidsoppgåver knytt til utleige av kommunale bustader.

Bustadkontoret har eit tett samarbeid med mange kommunale verksemder og tenesteområde i samband med at mange av tiltaka i Handlingsplan Bustad – år 2021-2025, som vart vedteken i kommunestyret 18.11.2020, skal gjennomførast i tverrfagleg samarbeid.

Bustadkontoret er organisert som ei fagavdeling i Innbyggjarservice. Ta gjerne kontakt med oss for ein samtale eller for å avtala tid til eit møte.

 

Kontakt oss

Ullensvang kommune v/ Bustadkontoret

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

46 87 66 41