![Gruppe med ungdommer som har det morosamt og holder rundt kvarandre](https://ullensvang.kommune.no/wp-content/uploads/2020/01/34985773-group-of-youth-is-having-fun-happy-teenagers-friends-1920x1280.jpg)
HFU – Helsestasjon for ungdom 13 til 23 år
Helsestasjon for ungdom – HFU er eit gratis tilbod til jenter og gutar i alderen 13 – 23 år. Her treff du helsesjukepleiar og turnuslege – me er helsepersonell og har teieplikt.
- Opningstid veke 26 til 33: Onsdagar kl. 14.00 – 15.15
- Veke 30 og 31 er HFU stengt
- Stad: Helsestasjonen avd. Odda (Smelteverket 61, 5750 Odda)
Helsestasjon for ungdom (HFU) i Ullensvang har fått sin eigen Instagram konto. Følg oss på Instagram; helsestasjonforungdom, me legg ut informasjon til ungdom der.
HFU er for ungdom mellom 13 og 23 år . Det er inga timebestilling; du kan berre møta opp, ta med deg ein ven om du vil.
Ynskjer du å avtala tid før du kjem gjer du dette ved å senda melding til oss på mobil eller e-post.
Er du over 23 år må du ta kontakt med din fastlege.
Ved sjukdom må du kontakta fastlegen din.
- Rettleiing om seksuell helse
- Prevensjonsrettleiing og tilgjengeleg og sikker prevensjon
- Testing og behandling av seksuelt overførbare infeksjoner
- P-stav , innsetjing og fjerning
- Samtalar om psykisk helse
- Samtalar om det ungdom ynskjer å snakke om
- Sexogsamfunn.no: Prevensjonsguide
- Sexogsamfunn.no: Kropp og sex
- Ung.no: Offentleg og kvalitetssikra informasjon for ungdom
- Problem heime? Ta kontakt med Alarmtelefon for barn og unge 116 111
- Helsenorge: Helsestasjon for ungdom
- Helsenorge.no: Trenger du noen å snakke eller chatte med?
- Helsenorge: Psykisk helse
- Helsenorge: Rus og avhengigheit
Kontakt oss
Merk! Send aldri personinformasjon på e-post.
Kontakter
![](/wp-content/themes/ullensvang-1.0/images/default/square/4.jpg)
![](/wp-content/themes/ullensvang-1.0/images/default/square/4.jpg)
Gunnbjørg Rosseland
Helsesjukepleiar: Fagleiar HFU
gunnbjorg.rosseland@ullensvang.kommune.no
97 55 84 35
![](/wp-content/themes/ullensvang-1.0/images/default/square/2.jpg)
![](/wp-content/themes/ullensvang-1.0/images/default/square/1.jpg)