Skulehelseteneste
Alle barn og unge i kommunen har krav på skulehelseteneste ved den skulen dei tilhøyrer. Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjonstilbodet og arbeider for å fremja barna si helse og trivnad, samt førebyggja sjukdom og skade. Tilbodet er gratis og dei tilsette i tenesta har teieplikt.
Kven møter du?
Skulehelsetenesta består av helsesjukepleiar, fysioterapeut, psykolog og skulelege.
Som ein del av sektor for oppvekst og utdanning samarbeider helsesjukepleiar med mange ulike faggrupper. Ved behov for samarbeid kring ein elev vert det innhenta samtykke frå elev og føresette, og kontakt med aktuell faggruppe vert oppretta.
Tilbod ved skulehelsetenesta
- Helseundersøkingar
- Helseopplysning og rettleiing, individuelt, i grupper eller klassevis
- Barnevaksinasjonsprogrammet
- Miljøretta tiltak med fokus på eleven sitt arbeidsmiljø
- Open dør/drop-in for elevane
Helsesjukepleiar har fast kontortid ved kvar enkelt skule og kan kontaktast direkte.
Skule | Helsesjukepleiar | Tlf | E-post |
---|---|---|---|
SkuleHauso skule | HelsesjukepleiarEdith Hauge | Tlf 46 89 32 07 | E-postedith.hauge@ullensvang.kommune.no |
SkuleKinsarvik skule | HelsesjukepleiarAne Larsen | Tlf94 03 75 98 | E-postane.larsen@ullensvang.kommune.no |
SkuleKinsarvik skule | HelsesjukepleiarMalin Skorpen | Tlf48 06 04 82 | E-postmalin.skorpen@ullensvang.kommune.no |
SkuleJondal skule | HelsesjukepleiarGunnbjørg Rosseland | Tlf97 55 84 35 | E-postgunnbjorg.rosseland@ullensvang.kommune.no |
SkuleOdda barneskole | HelsesjukepleiarMarianne Espe | Tlf90 27 15 83 | E-postmarianne.espe@ullensvang.kommune.no |
SkuleOdda barneskole | HelsesjukepleiarAmalie Tungesvik | Tlf97 55 84 37 | E-postamalie.tungesvik@ullenvang.kommune.no |
SkuleOdda ungdomsskole | HelsesjukepleiarCecilie Andersen | Tlf90 18 33 43 | E-postCecilie.andersen@ullensvang.kommune.no |
SkuleOdda vidaregåande skule | HelsesjukepleiarSigrid Kambestad | Tlf94 78 61 10 | E-postsigrid.kambestad@ullensvang.kommune.no |
SkuleOpedal skule | HelsesjukepleiarAne Larsen | Tlf94 03 75 98 | E-postane.larsen@ullensvang.kommune.no |
SkuleRøldal skule | HelsesjukepleiarSigrid Kambestad | Tlf94 78 61 10 | E-postsigrid.kambestad@ullensvang.kommune.no |
SkuleSkare barneskule | HelsesjukepleiarCecilie Andersen | Tlf90 18 33 43 | E-postcecilie.andersen@ullensvang.kommune.no |
SkuleTyssedal barneskole | HelsesjukepleiarMalin Skorpen | Tlf48 06 04 82 | E-postmalin.skorpen@ullensvang.kommune.no |
SkuleVikebygd skule | HelsesjukepleiarEdith Hauge | Tlf46 89 32 07 | E-postedith.hauge@ullensvang.kommune.no |
Fast program i grunnskulen
- 1. trinn: Skulestartundersøking med lege og helsesjukepleiar.
- 2. trinn: Tilbod om vaksine mot difteri/stivkrampe/kikhoste/polio.
- 3. trinn:
- Vekt- og høgdemåling. Råd og rettleiing.
- Undervisning om gode vanar for god helse
- 5. trinn: Pubertetsundervisning
- 6. trinn: Tilbod om vaksine mot meslinger, kusma og røde hunder (MMR-vaksinen).
- 7. trinn: Tilbod om vaksine mot humant papillomavirus (HPV) for jenter og gutar (2 doser).
- 8. trinn: Helsesamtale med vekt og høgdemåling.
- 9. trinn: Undervisning om seksuell helse
- 10. trinn: Tilbod om vaksine mot difteri/stivkrampe/kikhoste/polio.
Les meir om barnevaksinasjonsprogrammet på Folkehelseinstituttet sine nettsider.
Skulestartundersøking 1.trinn
Alle barn får tilbod om ein helsesamtale på 1. trinn av helsesjukepleiar og ein somatisk undersøking av lege. Jf. Helsedirektoratet sine retninglinjer for helsestasjon og skolehelsetjeneste
Helsesamtale 8. trinn
Alle ungdomsskuleelever får tilbod om ein helsesamtale på 8. trinn Jf. Helsedirektoratet sine retningslinjer for helsestasjons og skolehelsetjeneste
Skulehelsetenesta har kontor på gymnasbygget, bak kantina. Tenesta er gratis og me har teieplikt. Ved skulehelsetenesta møter du helsesjukepleiar.
Skulehelsetenesta er eit lågterskeltilbod til alle elevar ved skulen. Målet for tenesta er å fremja elevane si helse, trivsel og læring, og bidra til meistring av kvardagsutfordringar. Ta kontakt om du treng nokon å snakke med eller råd og rettleiing om fysiske, psykiske og sosiale forhold som kan påverka helsa og trivnaden din.
Ved behov samarbeidar vi med skule og andre faginstansar etter samtykke frå eleven.
Besøk ved skulehelsetenesta gir dokumentert fråvær.
Du kan koma til kontoret utan timeavtale. Om du ynskjer å gjere avtale, kan du ta kontakt via sms eller e-post til helsesjukepleiar ved skulehelsetenesta – sjå tabell over.
Nyttige lenkjer
- BTI – betre tverrfagleg innsats
- FHI.no: Når får barnet ditt tilbud om de ulike vaksinene?
- Helsenorge.no: Trenger du noen å snakke eller chatte med?
- Helsenorge.no: Skolehelsetjenesten
- Ung.no: Offentleg og kvalitetssikra informasjon for ungdom
- Redd barna.no: Fakta om vold og overgrep
- Dinutvei.no: Nasjonal veiviser ved vold og overgrep
- Sexogsamfunn.no
Kontakt oss
Ullensvang helsestasjon
Besøksadr: Smelteverket 61
5750 Odda
97 55 84 36
Gunnbjørg Rosseland
Helsesjukepleiar: Fagleiar HFU
gunnbjorg.rosseland@ullensvang.kommune.no
97 55 84 35