Dag- eller nattopphald på institusjon
Tenesten er heimla i helse-og omsorgstjenesteloven § 3-2 pkt 6c, jfr.§3-1
*Tenestebeskrivinga skal opp til politisk handsaming, tar atterhald om endringar.
Kven for helsetenester i heimen
Tilbodet er eit viktig tiltak for å førebygga funksjonssvikt og tilrettelegga for at alle skal kunne bu lengst mogleg heima.
- Brukar som har behov for aktivisering og fellesskap
- Brukar som har behov for dag- eller nattopphald på grunn av at pårørande er i arbeid, er på ferie mm eller har behov for avlasting
- Brukar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonssvikt ikkje kan nytte seg av tilbod om eldresenter eller dagsenter.
Praktiske opplysningar
Tenesta gir rett til:
- Kost og losji, samt helse- og omsorgstenester som kommunen organiserer etter Helse- og omsorgstjenesteloven.
- Transport til og frå dagopphald om det er nødvendig.
- Aktiviteter som foregår på den aktuelle institusjonen
Pris
Dag- eller nattopphald på sjukeheim har eigenandel. Den vert årleg justert av Stortinget i forbindelse med statsbudsjettet.
Ved nokre høve kan dag- eller nattopphald bli vurdert som avlastningstiltak etter helse- og omsorgstenestelova §3-6. Då er det ikkje eigenandel på opphaldet, jfr Forskrift om eigenandel for kommunale helse-og omsorgstenester § 1 a.