Legofigurar i by

Kommuneplan sin samfunnsdel

Kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS) er det mest overordna dokumentet kommunane kan utarbeide sjølve. Den skal ta for seg dei langsiktige utfordringane, måla og strategiane for kommunesamfunnet og kommunen som organisasjon.

Samfunnsdelen skal seie noko om kvar vi vil som kommune. Kvar ønskjer vi å vere om 12 år? Korleis ser vi for oss at Ullensvangsamfunnet skal utvikle seg? Kven ønskjer vi å trekkje til oss? Korleis skal vi bu? Kva skal vi jobbe med? Kva er vi kjende for?

Struktur

Kommuneplanen sin samfunnsdel er strukturert i fire nivå: Hovudsatsingsområde – Mål – Strategi – Tiltak. Desse ulike nivåa har ulik tidshorisont, og vil slik vere knytt til ulike prosessar i kommunen. Denne utforminga er viktig for å sikre at kommuneplanen har relevans i heile planperioden.

Hovudsatsingsområda som vart politisk vedtatt i planprogrammet er: Bustad, Næring, Kultur- og Reiseliv. Dette er dei områda ein skal satse ekstra på dei kommande 12 åra i Ullensvang kommune. Det er og her ein skal ha fokus i arbeidet med ny kommuneplan.

Måla er og politisk vedtatt gjennom ein grundig medverknadsprosess. Desse har ein tidshorisont på 12 år, og skal med det gjelde i heile kommuneplanperioden. Viktige karakteristikkar ved mål er at dei er:

  • Langsiktige
  • Brei politisk oppslutning
  • Målbare
  • Konkrete
  • Kan nyttast som styringsprinsipp for heile kommunen
  • Er knytta til kommunen si påverknadskraft og kva effekt det har på samfunnet

Strategiane har ein kortare tidshorisont enn måla, og er knytt til kommuneplanen sin handlingsdel. Denne skal rullerast ved kvart nye kommunestyre. Strategiane er konkrete og skal fungere som rammeverk for tiltaka. Der måla seier noko om sluttresultat, seier strategiane noko om kva verkemiddel vi nyttar for å komme dit

Det er her politikken møter bakken. Tiltak er dei enkelte politiske vedtaka politikarane fattar. Dei er knytt til budsjett og handlingsprogrammet, og har slik den kortaste tidshorisonten, eitt til maksimum to år.

Medverknad

Medverknad er særs viktig i ein kommuneplanprosess av fleire årsaker. Det er viktig å avdekka dei utfordringane og ynskja som innbyggjarane, verksemder, dei unge og dei eldre har. Det er og viktig at ein har ein plan som er på linje med politikarane sine tankar. Utan det vil planen få lite oppfølging og fort bli ein skuffe-plan, som både skuffar, og blir liggande i ein skuff.

 

Innbyggjarar

Det vart gjennomføra ein medverknadsprosess der ein satte opp stand på butikkar i alle Lokal-, Kommunedel-, og Regionsenter (LKR-senter). Der var det ope for alle forbipasserande å komme med innspel til kommuneplanen. I denne prosessen kom det inn omlag 300 individuelle innspel.

 

Skulelevar

4. klasse ved Jondal- og Kinsarvik barneskule og 8. klasse ved Kinsarvik- og Odda ungdomsskule viste oss rundt i sine respektive sentrum. Vi hadde og oppgåver i etterkant der dei fekk konkretisere ynskja sine gjennom kart, teikningar og spørreskjema

 

Politikarar

Sidan det er politikarane som skal vedta planen og til sjuande og sist vedta tiltak i samsvar med planen, er det ekstra viktig at dei er djupt involvert i prosessen. Etter medverknad med andre aktørar, involverte ein politikarane under folkevaldopplæringa, og i eigne prosessar med Utval for Plan, Næring og Samfunn. Utvalet er styringsgruppa for kommuneplanarbeidet.

 

Organisasjon

Det er òg viktig at den kommunale organisasjonen blir med i prosessen. Etter at politikarane har stadfesta og utarbeida kva som skal vere måla for planen, skal leiargruppa stemmeføre organisasjonen og administrasjonen sine ynskjer knytt til desse måla og strategiane.