Ullensvang næringsfond
Ullensvang Næringsfond har to utlysingar i året:
- Fyrste utlysing er vinteren/vår, med tildeling i utval for Samfunn, plan og næring i juni.
- Andre utlysing er seinsommar/haust, med tildeling i utval for Samfunn, plan og næring i desember.
Krav til søkjar
Det vert stilt krav om at søkjar kontaktar Næringshagen i Ullensvang for innleiande samtalar, og for avklaring av innhaldet i ein eventuell søknad.
For søknadar som gjeld tiltak i landbruket, skal Landbrukskontoret i kommunen kontaktast.
Kontaktinformasjon
Kontaktpersonar i kommunen
Når søknaden er handsama
Etter handsaming i Utval for samfunn, plan og næring får alle søkjarar tilbakemelding på sin søknad. Dette vert send til bedrifta via Altinn.
Får du tilskot til ditt prosjekt har bedrifta tre veker på å stadfesta vilkåra for tilskotet. Skjema for stadfesting av vilkår finn du her. Når du fyller ut- og sender inn dette skjemaet vert det automatisk returnert til sakshandsamar.
Før utbetaling
Før ei bedrift kan få utbetalt løyvd tilsegn, må prosjektet kunne dokumentere å ha utført tiltak som svarar til minimum 50% av dei totale, budsjetterte kostnadane i søknaden.
Når tiltak som svarar til minimum 50% av kostnadsramma i prosjektet er utført, kan bedrifta anmoda om utbetaling av tilskot.
Følgjande informasjon må gå fram av anmodinga:
- Saksnummeret i utvalet (jf. tilsagnsbrevet)
- Bedrifta sitt organisasjonsnummer
- Bedrifta sitt kontonummer
- Kort omtale av gjennomføringa av tiltaka i prosjektet , og evt. forklaringar på evt.avvik.
- Beløpet det vert bedt utbetalt
- Rekneskap for prosjektet
- Vedlegg; kvitteringar og ev. timeliste på eigeninnsats jf. finansieringsplan i søknaden
Anmodinga vert sendt til postmottak@ullensvang.kommune.no
Reglar for bruk av Ullensvang næringsfond
Vedteke av Ullensvang kommunestyre den 08.05.2024 – sak 033/24.
Generelt
Desse reglane er heimla i vedtekter for Ullensvang kommune sitt konsesjonsavgiftsfond, godkjent av Kommunestyret den 29.04.2020 – sak 075/20.
§ 1 Føremål
Føremål for bruk av næringsfondet skal vera i samsvar med vedtekter for konsesjonsavgiftsfondet i Ullensvang kommune. Fondet kan nyttast til fylgjande:
- Bedriftsutviklingstiltak
- Undersøkingar, planlegging og prosjektering
- Investeringar
- Arrangement til fremming av næring
- Kompetanseheving
Reglane for tilskot til næringsføremål gjeld for alle typar næringsverksemd med forretningsadressa i Ullensvang kommune. Regionale selskap i Hardangerregionen kan og få tilskot til prosjekt/tiltak som går føre seg i Ullensvang kommune, eller der Ullensvang kommune er ein del av eit regionalt tiltak/prosjekt. Ingen har rettskrav på tilskot frå fondet. Tildeling av tilskot vil skje etter ei skjønnsmessig vurdering av det omsøkte tiltaket og i tråd med gjeldande reglar for bruk av Ullensvang næringsfond.
1.1 Handsaming og fullmakter
Rådmannen innstiller saker til Utval for samfunn, plan og næring som er fondstyre.
Søknadane vert handsama to gonger i året innanfor budsjettramma.
Rådmannen har mynde til å fastsette søknadsfristane og system/søknadsportal til næringsfondet. Kva system/søknadsportal som vert nytta, vil gå fram i informasjon om utlysing av næringsfondsmidlar, på Ullensvang kommune si nettside. Rådmannen har fullmakt til å setje vilkår for tildeling av tilskot.
1.2 Krav til søknaden
Føremålet med innhaldet i søknaden er at søkjaren skal vise at hen har vurdert utfordringane og moglegheitene for å nå måla i prosjektet sitt. Krav til innhald i søknaden kan variere mellom prosjekta.
Det vert stilt krav om at søkjar kontaktar kommunen, eller den som yt denne tenesta på vegne av kommunen, for innleiande samtalar, og for avklaring av innhaldet i ein eventuell søknad. For søknadar som gjeld tiltak i landbruket, skal også landbrukskontoret i kommunen kontaktast.
Det er krav om eigenfinansiering på minimum 25 % av totalbudsjettet. Eigenfinansieringa kan vera i form av eigne midlar og eigeninnsats – eventuelt ein kombinasjon av disse to. Eigeninnsatsen kan utgjera inntil 75 % av eigenfinansieringa og maksimalt 500 timar. Eigeninnsats vert rekna med kr 350,- per time for manuelt arbeid. Dersom det vert utført arbeid med bruk av landbruks- og/eller anleggsmaskiner, vert eigeninnsatsen rekna med kr. 800,- per time.
Ved søknader frå flyktningar i introduksjonsperiode kan det gjerast unntak frå krav om eigenfinansiering.
Søknadar skal innehalda fylgjande opplysningar:
A. Informasjon om søkjar
Dersom eit firma/ein organisasjon er søkjar:
-
- Namn, org. nr, adresse, telefon, e-post, bransje
Dersom ein person er søkjar:
-
- Namn, adresse, telefon, e-post, utdanning og yrkeserfaring.
B. Prosjektomtale
Kva det vert søkt om støtte til. Omtale av forretningsidé, marknad, kundar, konkurranse. Søknadsbeløp. Forklaring om kvifor det vert søkt om stønad, og i kva grad midlane vil ha utløysande effekt.
C. Rekneskap
Dette gjeld for etablerte verksemder.
D. Investeringsbudsjett
Kva det skal investerast i og kor mykje. Verksemder som er MVA pliktige, skal oppgje summar ekskl. mva.
E. Finansieringsplan
Oversikt over eigenkapital, banklån og eventuelle andre finansieringskjelder
F. Driftsbudsjett
Oppstartsåret + to år.
G. Skatteattest
- Skatteattest bør fylgja søknaden for å sikra at verksemda ikkje har drive økonomisk misleghald. Kommunen kan krevje å få utlevert skatteattest.
- Rekneskap for siste rekneskapsår bør følgja søknaden for å synleggjera den økonomiske situasjonen til verksemda, og for å sikra at verksemda ikkje har drive økonomisk misleghald. Kommunen kan krevje å få utlevert rekneskap.
Søknadar som manglar ovannemnde opplysningar kan risikera å ikkje verta handsama i den aktuelle utlysinga, men vil bli fylgt opp med mål om å innhente manglande opplysingar fram mot påfylgjande utlysing. Rådmannen har fullmakt til å avvisa søknadar som manglar opplysingar.
1.3 Klage
Det er klageadgang på enkeltvedtak i medhald av forvaltningslova. Klager vert handsama av kommunalt klageorgan.
1.4 Storleik på tilskot
Stønadsbeløp opp til 200 000 euro kan på visse vilkår tildelast uten at det er naudsynt å få førehandsgodkjenning av EFTAs overvakingsorgan. Eit prosjekt kan etter EØS-avtalen sin artikkel 61 motta stønad inntil 200.000 euro over ein treårsperiode – ei såkalla bagatellmessig støtte. For stønad til vegtransportsektoren (t.d. transportselskap) gjeld ein lågare terskelverdi på 100.000 euro (ca NOK 1 millionar) over tre år.
Prosjekt/tiltak under kr. 100.000,- vert ikkje handsama, med unntak av opplæring pkt. 3.1, arrangement pkt. 3.2 og landbruk pkt. 4.
1.5 Samla tilskot
Samla bedriftsretta tilskot frå offentlege tilskotsytarar (t.d. Ullensvang kommune og Innovasjon Norge) og private tilskotsytarar (t.d. bankforbindelsen) kan ikkje overstiga 75 % av prosjektet sitt kapitalbehov. Summen av alle offentlege tilskot kan ikkje overstige 50 % av prosjektet sitt kapitalbehov. For arrangement gjeld ikkje denne grensa.
Sjå elles arrangement pkt. 3.2. Summen av alle offentlege tilskot kan vera inntil 60% for tiltak eller bedriftsetableringar som tek særskilte miljøomsyn. For landbruk, sjå punkt 4.
1.6 Utbetalingar
Tilskota vert utbetalt slik det vil gå fram av vedtaket. Dersom vedtaket ikkje nemner korleis utbetalinga skal skje, gjeld følgjande:
- 50 % av tilskotet kan utbetalast når søkjar dokumenterer at minst 50 % av budsjetterte kostnadar er betalt.
- Minst 10 % av tilskotet skal haldast attende til heile tiltaket er gjennomført og godkjend.
Oppmoding om utbetaling skal vera skriftleg (brev eller e-post). Ved avvik mellom omsøkt beløp i søknaden og faktiske kostnader vil det vera dei faktiske kostnadane som avgjer kor mykje som vert utbetalt, avgrensa til beløpet i vedtaket.
Om ikkje anna er nemnt i tilsagnet, er det gyldig i 12 månader rekna frå vedtaksdato. Det kan innvilgast forlenging dersom tungtvegande grunnar tilseier det.
1.7 Stadfesting av vilkår for tilskot
Vilkår for tilskot skal aksepterast skriftleg av søkjar seinast tre veker etter at tilsegnsbrev er motteke. Dersom dette ikkje vert gjort, fell tilsegn bort.
Skjemaet “KNS | Stadfesting av vilkår for tilskot frå næringsfondet” skal sendast mottakar av tilskot, dette ligg som lenkje i tilsegnsbrevet. Mottakar aksepterer vilkår for tilskot ved å fylla ut det digitale skjemaet.
1.8 Rapportering
Prosjekt/tiltak med gyldigheit utover 1 år, skal seinast 12 månadar etter vedtaksdato rapportera status for prosjektet/tiltaket til Ullensvang kommune. Rapporten skal visa korleis prosjektet/tiltaket har utvikla seg samanlikna med planane. Manglande rapportering kan medføre krav om tilbakebetaling av tilskotet, heilt eller delvis.
1.9 Flytting av verksemd/arbeidsplass
Dersom verksemda/arbeidsplassen flyttar ut av kommunen før det er gått fem år sidan tilskotet vart utbetalt, må heile tilskotet betalast attende. Om tilskotet er utbetalt og investeringa/tiltaket ikkje vert gjennomført, skal tilskotet betalast attende fullt ut.
§ 2 Prioriteringar
Tilskot vert prioriterte i samsvar med til ei kvar tid gjeldande kommunale planar og næringsstrategiar. Alle søknader vert vurdert med omsyn til tiltaket sitt potensiale etter følgjande kriterium:
- Sysselsetjingseffekt
- Økonomien i prosjektet
- Samarbeidspotensialet (etablerte og andre potensielle samarbeidsløysingar)
- Innovasjons- /nyskapingsgraden/kryss-sektor
- Omdømebygging
- Omstillingsbehov, eksempelvis digitalisering og tilpassing til bærekraftsmål
- Miljø og folkehelsa
- Disponible midlar
- I kva grad midlar frå næringsfondet vil ha utløysande effekt på tiltaket
Det vert ikkje gitt stønad til følgjande:
- Tiltak/prosjekt som er starta
- Ordinær drift
- Sanering av gjeld
- Garanti for lån
- Kjøp av eigedom
- Direkte eksportstønad**
- Fremming av innanlandske produkt på bekostning av importerte produkt**
**Jf. Kommisjonens forordning nr. 1407/2013 og forskrift av 14.11.2008 nr. 1213 § 2.
§ 3 Tilskotsordningane
Reglane for tilskot til næringsføremål gjeld for alle typar næringsverksemd med forretningsadresse i Ullensvang kommune jf. § 1 føremål.
3.1 Opplæring
Verksemder i Ullensvang kommune kan få dekt inntil 50% av kostnadane gjennom felles norskopplæring for arbeidsinnvandrarar.
3.2 Arrangement
Arrangement skal minimum ha regional interesse, og skal fremja næring, rekruttering og godt omdømme for kommunen. Søknaden skal òg syna verdiskapinga arrangementet gir. Arrangementet kan få dekt inntil 25% av reelle kostnadar. Eigeninnsats er ikkje å rekna som reelle kostnader. Prosjekt/tiltak under kr. 50.000,- vert ikkje handsama.
3.3 Prosjekt
Lokale selskap kan få tilskot til fellesprosjekt/tiltak som omfattar deltaking frå fleire aktørar i Ullensvang kommune. Som omtalt § 1 føremål, kan regionale selskap i Hardangerregionen og få tilskot til prosjekt/tiltak som går føre seg i Ullensvang kommune, eller der Ullensvang kommune er ein del av eit regionalt tiltak/prosjekt.
§ 4 Særskilte reglar for landbruk
I tillegg til dei generelle reglane for næringsfondet, gjeld særskilde reglar for landbruk.
Vilkår for å søkja om stønad til tiltak er at det er aktiv drift på landbrukseigedomen og at søkjar har rett på produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Det vert ikkje gjeve tilskot til tiltak som er starta opp.
Dersom omsøkt tiltak krev løyve/godkjenning frå offentleg myndigheit, er søkjar sjølv ansvarleg for å ordna dette. Døme på slikt løyve er byggjeløyve, godkjenning av plan for nydyrking, godkjenning av landbruksveg osb.
Tiltak som legg til rette for betre klima og eit meir miljøvenleg landbruk skal prioriterast ved tildeling av tilskot.
Prosjekt/tiltak med kostnadsramme under kr. 60.000,- vert ikkje handsama. Det må alltid liggja føre rapport og rekneskap før løyvde midlar vert utbetalt. Informasjon på kommunen sine nettsider. Kommunen kan gje stønad til fylgjande prioriterte satsingsområde (tiltak):
Tiltak | Tilskot | Vilkår |
---|---|---|
TiltakKlimatiltak som gjev karbonbinding i landbruket: fangvekster, vekstskifte, eng og beite, kompost/ husdyrgjødsel, skogjordbruk. Sjå faktaark* | TilskotTilskot på inntil 30% av totalkostnaden, maksimalt kr 100.000 | VilkårGodkjent prosjekt av landbrukskontoret |
TiltakInvesteringar bygningar husdyr, t.d. driftsbygning og andre bygg som kjem inn under Innovasjon Norge sine ordningar. | TilskotInntil 20% av godkjend tilsegn gitt av Innovasjon Norge, maks kr 500.000. | VilkårTiltak som mottek tilskot skal vere i tråd med offentlege krav og vilkår. |
TiltakInvestering bygningar som ikkje er omfatta av Innovasjon Norge sine ordningar (t.d lagerbygg for frukt/utstyr). | TilskotInntil 30% av godkjend kostnadsoverslag, maks kr 300.000. | VilkårTiltak som mottek tilskot skal vere i tråd med offentlege krav og vilkår. |
TiltakNydyrking og opparbeiding eller arrondering i etablerte dyrka areal. | TilskotKr 20.000 pr daa for areal som har godkjend plan for nydyrking, maksimalt kr 100.000. | VilkårOmsøkt areal må haldast i hevd med aktivt landbruk i minst 5 år, samt tiltaket må minst omfatte 5 daa. |
TiltakDrenering av landbruksjord. | TilskotTilskot på kr 50,- per m2. Maksimalt kr 50.000 per søkjar. | Vilkår |
TiltakArrondering av grovfôrareal. | TilskotTilskot for arrondering av grovfôrareal på kr.40.000,- per daa – inntil 30% av totalkostnad. | VilkårOmsøkt areal må haldast i hevd med aktivt landbruk i minst 5 år, samt tiltaket må minst omfatte 3 daa totalt. |
TiltakKompetanseheving | TilskotInntil 50% av kostnaden med kurs og anna kompetanseheving. Maks sum pr. søkjar kr 30.000. | VilkårBestått kurs/utdanning. |
TiltakHjortegjerde | Tilskot Tilskot på kr 100,- per m. Maksimalt kr 50.000 per søkjar. | VilkårMin. 100 m., og det må skapa ei god løysing mtp fleire GBNR. |
TiltakInngjerding av innmarksbeite | TilskotTilskot på kr 75,- per m. Maksimalt kr 50.000 per søkjar. | VilkårInngjerding av alt som er klassifisert som innmarksbeite i AR5. Landbrukskontoret skal kontrollera at areala held klassifiseringa etter std.frå NIBIO, og areala skal haldast i hevd i 5 år etter prosjektet er avslutta. |
TiltakNofence-klavar (ikkje abonnement) | TilskotTilskot på inntil 30% av totalkostnad, maksimalt kr 35.000 per søkjar. | VilkårMin. 20 stk, som skal brukast på eigne dyr på beite i innmark i min. 5 år. |
TiltakTiltak som er i tråd med satsingane i forvaltningsplan for utvalgte kulturlandskap i Ullensvang kommune. | TilskotVert handsama etter gjeldande reglar for Ullensvang næringsfond. | VilkårTiltak som er i tråd med forvaltningsplan for utvalgte kulturlandskap i Ullensvang kommune. |
TiltakDyrking av frukt, bær og grønsaker. | TilskotInntil 10% av godkjend tilsegn gjeve av Innovasjon Norge. | VilkårAuka verdiskaping på gardsbruket/driftseininga. |
TiltakTilleggsnæring –som til dømes oppleving, reiseliv, lokal mat. | TilskotVert handsama etter gjeldande reglar for Ullensvang næringsfond | VilkårAuka verdiskaping på gardsbruket. |