Landskapsbilete innover mot Odda sentrum. Foto: Skarv Studio

Introduksjonskurs om psykisk helse og kognitiv atferdsterapi

Har du tankar og kjensler som du er usikker på korleis du skal handtera? Står du i ein livssituasjon som krev mykje av deg? Er du ofte uroleg, irritert, sliten, engsteleg, nedstemt eller stressa? Har du det vanskeleg og ønskjer å ta grep for å få det betre? Då kan introduksjonskurset om psykisk helse og kognitiv atferdsterapi vera aktuelt for deg.

På introduksjonskurset vil du få informasjon om vanlege psykiske plager, og måtar du sjølv kan jobba på for å oppnå endring.

Kurset er undervisningsbasert og  baserer seg på kognitiv åtferdsterapi. Det går over 4 samlingar med varigheit på 2 timar.

Kurset passar ikkje for dei som:

  • Har behov for akutt hjelp.
  • Står i ein akutt livskrise, nyoppstått sorg.
  • Har alvorlege eller samansette problem som fører til utfordringar på fleire område i livet (til dømes rusproblem, alvorleg psykisk liding, demenssjukdom o.l.)
  • Har behov for meir omfattande utgreiing, eller langvarig terapi.
  • Får eller er vist til anna psykisk helsehjelp, som til dømes distriktspsykiatrisk senter (DPS).

Det er viktig at deltakarar forplikter seg til å delta på alle samlingar.

Datoar og tidspunkt for introkurset

  • Dato
    • 14. mars
    • 21. mars
    • 28. mars
    • 4. april
  • Tid: kl. 0900 – 1100
  • Stad: Moen 7 i Odda
  • Kursleiar: Sigbjørn B. Helskog
  • Påmeldingsfrist: 28. februar

Påmelding til:

Rask psykisk helsehjelp

Tlf. tid: Fredagar kl. 09-11

rask.psykisk.helsehjelp@ullensvang.kommune.no

47 75 56 48