Oppvekstplan-11

Kven fortener å få kulturprisen i kommunen for 2024?

No kan du nominera kandidat til Kulturprisen 2024.

Retningsliner for kulturprisen i kommunen

  1. Kulturprisen for Ullensvang kommune er innstifta av Ullensvang kommunestyre i 2023
  2. Kulturprisen vert tildelt av Utval for kultur og levekår etter særskilt vedtak inntil 1.gong pr. år. Utvalet kan også vedta å ikkje dela ut prisen for det aktuelle året.
  3. Kulturprisen kan delast ut til personar eller organisasjonar med tilknyting til Ullensvang som gjer, eller har gjort, eit framifrå arbeid i lokalt og/eller
    nasjonalt kulturliv jfr det utvida kulturomgrepet.
  4. Innbyggjarane i kommunen blir inviterte til å koma med grunngjevne, skriftlege forslag til kandidater.
  5. Kulturprisen skal kunngjerast i god tid og minst tre veker før tildeling i pressa og på kommunen si heimeside.
    Saka om kulturprisen er ikkje offentlig – dette gjeld og forslagstillarane.
  6. Kulturprisen er kr 25000 og eit kunstverk.
  7. Kulturprisen skal fortrinnsvis delast ut på eit offentleg arrangement. Prisutdelinga skal vera særskilt kunngjort.
  8. Ved inhabilitet viser ein til forvaltningslova og kommunelova.

Frist for å fremja kandidat(ar) er 10. februar 2025

Du kan og nominera kandidat(ar) per e-post eller post.

  • Merk då e-post eller brev med: Nominasjon til Kulturprisen 2024.

 

Nominasjon per (e-)post:

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no