Oppvekstplan-11

Lyst på ny tatovering? Er tatovøren din godkjent?

Vi menneske har tatovert oss sidan steinalderen og i dag har omtrent kvar femte nordmann minst éi tatovering. Slik pynt varer livet ut og skal vera gjennomtenkt.

For at du skal ha eit flott resultat må tatovøren ha kunnskap. Ikkje berre må sjølve biletet bli fint, men det skal òg utførast på ein måte at du ikkje risikerer infeksjon eller smitte. I tillegg må fargane som blir nytta vera trygge. Her til lands er slike tatoveringsverksemder derfor lovregulerte og skal godkjennast i samsvar med «Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og holtakingsverksemd m.v». Eit godkjent studio blir kontrollert og blir fylgt opp av helsestyresmakter.

Viss du er ein stad der det blir tilbode tatovering, spør om dei har fått godkjenning frå kommunen. Godkjenning blir gitt dersom hygiene- og sikkerheitskrava blir oppfylte etter forskrifta.

Det er ikkje lov å tilby tatovering i lokale som ikkje er godkjende. Uansett om ein berre vil tatovera vennene sine. Også tatoveringar gjennømført i private heimar eller på eit arrangement må søkja om godkjenning. Godkjenninga følgjer ikkje tatovøren. Det vil seie at lokalet må godkjennast uansett kor erfaren og dyktig tatovøren er, og om vedkomande eventuelt driv eit godkjent studio ein annan stad.

Godkjenninga er ei kvalitetssikring av dei hygieniske forholda. Det gir kunden eit betre rettsvern dersom komplikasjonar skulle oppstå og dersom ein ønskjer å søkja om erstatning.

Miljøretta helsevern i Ullensvang kommune tilrår sterkt at alle som ønskjer ei tatovering bruker ei godkjend tatoveringsverksemd. Det er alltid best å gå til ein profesjonell tatovør som har den nødvendige opplæringa, erfaringa og utstyret for å sikra eit trygt og kvalitetsmessig resultat.

Artikler