Pressemelding – Kommunal kriseleiing – 17. desember
Kommunal Kriseleiing (KKL) avslutta
Beredskap:
Båtberedskapen er avvikla.
Båten Pilagut vert liggande ved kai i Odda å vera lett tilgjengeleg om det kjem nye utfordringar.
Veg:
Riks og fylkesveger er opne.
To kommunale vegar er stengte:
- Buervegen – er stengt og vert moglegvis stengt i morgon også. (Isolerte 2 fastbuande personar).
- Skjeggedalsvegen – er stengt og vert moglegvis stengt i morgon også. (Isolerte 3 fastbuande personar).
Det vert arbeidd med vegane, men ein har vore nøydd å venta på geologgodkjenningar.
Førebuing i høve mykje nedbør i morgon:
Kommunen har på ekstra folk til førebyggande tiltak og i tilfelle det vert krevande utfordringar i morgon. Vi kjem til å ha auka beredskap.
Værmeldingene for i morgen er mykje regn, men det er fordelt over lenger tid. Såleis vert det frå vegmyndighetene si side ikkje lagt opp til preventive stengingar.
KKL er med dette avslutta. Vi vil takka alle som har bidrege for stor innsats.
Roald Aga Haug
Ordførar