Kommunal kriseleiing (KKL): Pressemelding frå møte 3. nov. kl. 12:00
Kinsarvik
Det er Kinsarvik som har fått dei største skadane. Kinsarvik vassverk nyttar framleis reservevassinntak. Det vil ta tid før normalt vassinntak er reetablert. VA leverar nødvatn.
Husemoen har fått store skader. Driftbasen til Teknikk og miljø er utan straum. Hardanger Energi arbeider med dei trafoane som vart ramma av flaum.
Lofthus
Alle dei evakuerte fekk flytte heim i går.
Veisane barnehage har fått skader. Alternative stader for barnehage vert SFO på Opedal skule for dei eldste og Idrettens hus på Hordatun for dei yngste. Veisane barnehage må belage seg på at det vil ta tid før dei kan tilbake i eige bygg.
Fv 550 – Edna bru
Reservebrua er på plass og vi reknar med at vegen opnar i løpet av dagen. Når vegen opnar vil vi gå tilbake til ein normal helseberedskap.
- Ambulanse som er plassert på Utne vil returnera til Odda.
- RS Jebsen og Pilarjenta vil dimitterast.
Det vert sendt ut SMS med kommunevarsel når vegen er open.
Odda
Eitrheimselva: Det vert oppretthalde streifvakt ei natt til.
Buer/Buervegen: Vegen er stengt. Geolog er på staden no. Ambulanse, Brann og Redning får melding når vegen er open igjen.
Kommunen trapper ned beredskapen ytterlegare og ser for oss å gå over i normalsituasjon i løpet av dagen. Det er ikkje kalla inn til ytterlegare møter i KKL.
Tusen takk for fantastisk innsats til alt mannskap som har stått på dei siste dagane, det har vert ein formidalbel innsats. Tusen takk for innsatsen til KKL gruppa også.
Inger Synnøve Vestrheim
fung. ordførar