Oppvekstplan-11

Kommunal kriseleiing (KKL), pressemelding frå møte 2. nov. kl. 12.00

Vatn Kinsarvik

Kinsarvik vassverk er kobla til reservevassinntak. Leidningsnettet er fylt opp og Brann og redningstenesta har vatn til slokking. Det er framleis kokevarsel og vert arbeida med å få etablert reinsa drikkevatn frå Kinsarvik vassverk.

Det kjem ein ny leveranse med drikkevatn frå Isklar til Kinsarvik i dag. Desse vert plassert på parkeringsplassen til Mikkelparken.

 

Lofthus

Det er 28 evakuerte frå 18 adresser. Geologen er i området. Politiet venter på vurdering frå geolog før det vert tatt noko avgjersle. Det vert planlagt eit informasjonsmøte med dei evakuerte etter at geologen har gjort sin vurdering av området.

Det er fremdeles vakt ved brua på Hordatun.

Ambulansen plassert på Lofthus er dimittert.

Veisane Barnehage har fått skader på både bygg og uteområde. Dei planlegg drift neste veke på Hardanger folkehøgskule. Dei må belage seg på drift på alternativ plass lenger enn berre neste veke.

 

Vestsida

Fv 550 er framleis stengt. Vestland Fylkeskommune er i gang med å planlegge reservebru for Edna bru. Dei planleggfor å etablera den i dag.

Ambulanse er stasjonert på Utne.

Eitrheim: Lyttevakter blir framleis oppretthaldt.

Båtrute Pilajenta Odda-Nå vert opprettholdt så lenge Fv 550 er stengt.