Nærbilete av sluk med rennande vatn

Status vatn i Kinsarvik

Kinsarvik vassverk er råka av flaumen i Kinsarvik.

Merk! Kokevarsel i Kinsarvik er oppheva.

Oppdatert 5. nov. kl. 13:55.

Oppdatering 5. november kl. 07:30

Elva har tatt eit nytt løp på oppsida av kraftverket og grove ut heile vegen. Elva ha slitt i stykker røyrledninga ved Husemoen. Det vert nytta beredskapstank som trykkforsterker for å få vatn inn i vassbehandlingsanlegget. Me må leggja ny vassledning og entrepenør er bestilt. Det er ei prioritert oppgåve å sikre vassforsyninga.

Råvassbassenget må vaskast.

Det er utfordringar med straum til Husemoen.

 

Oppdatering 3. november kl. 12:00

Det er Kinsarvik som har fått dei største skadane. Kinsarvik vassverk nyttar framleis reservevassinntak. Det vil ta tid før normalt vassinntak er reetablert. VA leverar nødvatn.

 

Oppdatering 2. november kl. 12:00

Kinsarvik vassverk er kobla til reservevassinntak. Leidningsnettet er fylt opp og Brann og redningstenesta har vatn til slokking. Det er framleis kokevarsel og vert arbeida med å få etablert reinsa drikkevatn frå Kinsarvik vassverk.

Det kjem ein ny leveranse med drikkevatn frå Isklar til Kinsarvik i dag. Desse vert plassert på parkeringsplassen til Mikkelparken.

 

Oppdatering 1. november kl 18:00

Kinsarvik vassverk er kobla på reserveinntak og har starta å levera vatn til sanitærbruk. Abonnentane som er kopla til det kommunale vassverket får no vatn. Vatnet er ikkje drikkbart og må kokast om det skal drikkast. Men kan nyttast til alt anna. Ein fyller sakte, men sikkert opp alle leidningar i det kommunale ledningsnettet.

Det er tilgang på drikkevatn på parkeringsplassen til Mikkelparken.

 

Informasjon 1. november kl 12:00

Det er no plassert ut 2 x 1 000 l tankar med drikkevatn ved Bråvolltunet, og 2 x 10 000 l tank med drikkevatn ved parkeringa ved Mikkelparken. Det ligg posar til å frakta vatnet i bak på tanken (inni skapet) grunna vind.

Det er fortsatt usikkert når vatnet kjem tilbake. Vi jobbar med å utbetra skadene så raskt som mogeleg. Når vatnet er tilbake er det gjeldande koketilråing.