Sjukepleiar som injiserer vaksine i overarm

Influensavaksinering i kommunen hausten 2024

Gjeld innbyggjarar i risikogrupper

  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke
  • Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • kronisk hjarte-/karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt, nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom/skade
    • nedsett immunforsvar
    • svært alvorleg fedme
    • anna alvorleg sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
    • personar som bur saman med immunsupprimerte, eller er tilsvarande nære

Foreldre med barn i risikogruppa som ynskjer influensavaksine, kan ta kontakt med helsestasjonen for timebestilling.

 

Det vert vaksinering desse dagane

Odda: Bokkotunet kjellar

  • Onsdag 13. november / Etternamn A – L, kl. 09.00 – 12.00 og 13.00 – 14.30
  • Torsdag 14. november / Etternamn M – Å, kl. 09.00 – 12.00 og 13.00 – 14.30

Utne: Utneheimen kjellar

  • Torsdag 7. november, kl. 09.00 – 12.00 og 13.00 – 14.30

Jondal: Vikevollen

  • Onsdag 6. november, kl. 09.00 – 12.00 og 13.00 – 14.30

Røldal: Gamle Sjukeheimen

  • Måndag 4. november, kl. 10.00 – 14.00

Kinsarvik: Fjordahallen

  • Onsdag 6. november, kl. 09.00 – 12.00 og 13.00 – 14.30

 

Oppsamlingsdag for heile kommunen

  • Odda: Bokkotunet kjellar
  • Onsdag 20. november, kl. 09.00 – 12.00 og 13.00 – 14.30

 

Pris for vaksinering: Kr. 200, betaling kun med Vipps og kontant.