Oppvekstplan-13

Kunngjering – Revisjon av vilkår for reguleringa av Røldal-Suldalsvassdraget

Revisjon av vilkår for reguleringa av Røldal-Suldalsvassdraget, og søknad om konsesjon til 5 nye kraftverk i same vassdrag.

NVE har vedtatt at konsesjonsvilkåra for reguleringa av Røldal-Suldalsvassdraget skal reviderast, og RSK DA har utarbeida eit revisjonsdokument som omtalar reguleringane og dei ulempene ein er kjent med. I tillegg har RSK DA sendt inn ein søknad om konsesjon til å bygge og drive Røldal 2 pumpekraftverk, Novle 2 pumpekraftverk, Kvanndal 2 pumpekraftverk, Suldal 2B kraftverk og Nordmork kraftverk. Kraftverka vil utnytte dei same reguleringsmagasina som eksisterande kraftverk, men gje meir fleksibel produksjon av kraft. RSK DA søkar òg om ekspropriasjonsløyve for naudsynt grunn og rettar for å byggje og drive dei nye kraftverka.

Revisjonsdokumentet og søknaden om konsesjon sendast no ut på offentleg høyring. Dokumenta er tilgjengelege på NVE sine nettsider www.nve.no/8571/V og www.nve.no/9236/V. Generell informasjon om revisjon av konsesjonsvilkår kan ein finne på www.nve.no/revisjon, og om søknad om konsesjon
www.nve.no/konsesjon.

Alle som har meiningar om sakene kan uttale seg. Du kan sende fråsegn elektronisk via sakenes nettsider, per e-post til uttalelse@nve.no, eller per post til NVE, Energi- og konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo. Merk brev eller e-post med «Fråsegn» og saksnummer 201913014 (for vilkårsrevisjonen) eller 202320330 (for søknaden).

  • Frist for å sende fråsegn er 31.08.2024.

Fråsegnene er offentlege dokument som vil bli referert i NVE si sakshandsaming. Sentrale saksdokument blir lagt ut på NVE sine nettsider.

I samband med høyringa av revisjonsdokumentet og søknaden vil NVE arrangere offentlege informasjonsmøte på Nesflaten 10. juni kl. 19 og i Røldal 11. juni kl. 19. Møta vil bli kunngjort seinare.