KiB – Kurs i mestring av belastning
Kurs i meistring av belastning er utarbeidd for vaksne som har behov for, og ynskjer å betra si evne til å meistra belastning knytt til arbeidstilhøve eller privatliv.
Praktisk informasjon
Kurset går over 7 veker med ei samling i veka, og 1-2 oppfylgingssamtalar. Kvar samling varer i 2,5 time inkludert pausar. Det er 8-12 deltakarar på kvart kurs.
Kurset og kurshandboka er gratis for innbyggarar i kommunen.
Kurs i meistring av belastning er utarbeidd for vaksne som har behov for, og ynskjer å betra si evne til å meistra belastning knytt til arbeidstilhøve eller privatliv.
Belastning blir omtalt som:
- Ein ubalanse mellom det ein maktar, treng eller forventar, og den opplevde situasjonen.
- Ei oppleving av at ein ikkje kan meistra eller kontrollera utfordringar/hendingar.
Nokre teikn på overbelastning og stress:
Trøttheit, utmatting, muskelspenningar, søvnvanskar, mindre glede, uro og rastlause, problem med konsentrasjon og hukommelse, grubling og bekymring.
Dette er eit kurs basert på forståing av samanhengen mellom belastning, meistring og stress. På kurset blir det nytta kognitiv teori og kognitive metodar. Merksemda er retta mot å kartlegga eigne belastningar, og eigen meistrings- og tankestil. Du lærer metodar og teknikkar som kan nyttast for å betre meistring av belastning knytt til både arbeids- og privatliv. Med meistring meiner ein det ein kan gjera for å håndtera belastninga.
Det er ikkje nødvendig å fortelja om eigne belastningar på kurset. Kursdeltakarane jobbar med eigne utfordringar heime, ved hjelp av metodar og teknikkar dei lærer på kurset. Heimearbeidet er ein viktig del av kurset.
Ved påmelding til KiB vil kursleiar ha ein forsamtale med kvar enkelt deltakar. Dette er ein uforpliktande samtale der det m.a. blir informert om innhaldet og forma til kurset, og ein vurdering om dette kurset kan vera til nytte for deg. Kurset blir leidd av godkjente kursleiarar.
Kurshaldar: Siri Husevold (tlf. 47 70 74 16 – om du har spørsmål)
Stad: Kommunehuset i Kinsarvik
Tidspunkt: kl. 12.00 – 14.30
Dato:
- 17. oktober
- 24. oktober
- 31. oktober
- 7. november
- 14. november
- 21. november
- 28. november
Påmeldingsfrist: 6. oktober (via e-post)
- Tidspunkt: 08:30 – 11:00
- Stad: Moen 7, Odda
- Dato:
- 24. oktober
- 31. oktober
- 7. november
- 14. november
- 21. november
- 28. november
- 5. desember
- 12. desember
- Påmeldingsfrist: 29. september (via e-post)
Påmelding
*Påmelding til e-post; Skriv kun namn og telefonnummer
Kontakter
Rask psykisk helsehjelp
Tlf. tid: Fredagar kl. 09-11
rask.psykisk.helsehjelp@ullensvang.kommune.no
47 75 56 48