Bilete: dsb.no

Eigenberedskap

Ullensvang kommune ynskjer å ha innbyggjarar som er skodd for hendingar som inneber at ein lyt klara seg sjølv i minst sju døgn ved bortfall av kritisk infrastruktur som straum og vatn.

Kvar og ein av oss har ansvaret for eiga trygging og eigen beredskap. Når vi blir ramma av alvorleg hending eller krise, må hjelpa første ut til dei som treng det aller mest.

Jo fleire av oss som kan ta vare på oss sjølv og våre næraste i slike situasjonar, jo betre er vi rusta som samfunn.

 

Utstyr til eigenbereskap

Klimaendringar og sikkerheitspolitiske endringar krev auka beredskap. Vi må førebu oss på bortfall av kritisk infrastruktur og styrka totalforsvaret. Norge sin stabilitet og avhengigheit av fungerande infrastruktur gjer oss sårbare, noko som understrekar trongen for god beredskap. I mai 2024 oppdaterte DSB råda om eigenberedskap til å omfatte ei heil veke mot tidlegare tre dagar.

 

img-fluid portraitBilete: dsb.no