Tiltak mot radon i eksisterande bustader

Om målingar har vist for høge radonkonsentrasjonar i bustaden din, vert det tilrådd å setje inn tiltak.

I mange tilfelle er det enkle tiltak som skal til for å redusera konsentrasjon av radon i eksisterande bygningar. Men dersom det ikkje hjelper med nokre enkle tiltak og radonnivået framleis er for høgt, bør du ta kontakt med ein kompetent rådgjevar som kan vurdera om du bør prøva andre enkle tiltak, eller om meir omfattande tiltak må til. Her krevst høg byggfagleg kompetanse for å finna og gjera dei rette tiltaka.

Korleis kjem radon inn?

Grunn som ikkje er tett vil kunne føra til innstrømming av radonhaldig jordluft som blander seg med innelufta. Dette i kombinasjon med for svak ventilasjon av innelufta, er ofte ein vanleg årsak til forhøga nivå av radongass innandørs.

Tiltak mot radon frå grunnen i eksisterande bygningar kan i hovudsak delast inn i tre hovudgrupper:

  1. tetting av konstruksjonane mot grunnen
  2. forbedring av ventilasjonen i bygninga
  3. trykkendring over konstruksjonane mot grunnen og ventilasjon av grunnen

Det er vanskelig å forutsi effekten av dei ulike tiltaka. Man bør difor generelt starta med enkle og billige tiltak, som f.eks. å tetta openbare utettheiter i konstruksjonane mot grunnen, auke ventilasjonen ved å reingjere ventilasjonskanalar, halde dei og vinduer opne så mykje som mogleg, og ev. setta inn fleire ventilar. Dersom desse tiltaka ikkje viser seg å gi ønska reduksjon av konsentrasjonen av radon i innelufta, må meir ressurskrevande tiltak settast i verk som f.eks innvendig radonbrønn. Kva tiltak som skal velgast er avhengig mellom anna av hustype/konstruksjon, ventilasjonstilhøve og grunntilhøve

 

Meir informasjon om tiltak:

Illustrasjon av korleis radon trenger seg inn i hus via sprekker i mur, grunnvatn osv. Illustrasjon.Kjelde: DSA og Figur: Miljøstatus