Oppvekstplan-10

Barn med spesielle behov 0-6 år

Individuell tilrettelegging av barnehagetilbod for barn med nedsett funksjonsevne

Barnehagelova § 19 g fastslår at kommunen har plikt til å leggja til rette barnehagetilbodet for barn med nedsett funksjonsevne. Barn med nedsett funksjonsevne skal kunna delta i barnehagen på lik linje som andre barn. Plikta gjeld barn som er busett i kommunen og som har barnehageplass.

Barn kan i nokre tilfelle få tilbod om barnehageplass i ein annan barnehage enn den føresette har søkt plass i dersom individuell tilrettelegging ved den barnehagen fører til ei urimeleg byrde for kommunen, jf. vedtekter for kommunale barnehagar § 12.

Det er føresette som melder om ønskje om tilrettelegging av barnehagetilbodet til sitt barn. Barnehagen barnet går i rettleiar føresette i utfylling av skjema med melding om behov for individuelt tilrettelagt barnehagetilbod for barn med nedsett funksjonsevne.

Avgjersla er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.  Føresette har klagerett på vedtaket.  

Klageinstans er Statsforvaltaren, jf. § 9 b.

Utdanningsdirektoratet sine sider kan du lesa meir.

 

Spesialpedagogisk hjelp

Barn i barnehagealder med særskilte behov, kan ha rett til spesialpedagogisk hjelp etter Barnehageloven § 31. Barnet kan ha rett på hjelp frå fødselen av, og uansett om han eller ho går i barnehage eller ikkje.

Føresette kan senda søknad til Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) og be om å få ei sakkunnig vurdering. Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) kan rettleia dykk. Dersom barnet går i barnehage fyller de ut søknaden i samarbeid med barnehagen. 

Det kan tilvisast for vurdering av spesialpedagogisk hjelp heile året.

Utdanningsdirektoratet sine sider kan du lesa meir.