Råd for personar med nedsett funksjonsevneKontakt ossReglementHeimel og samansettingMynde og oppgåverÅrsmeldingAndre bestemmelsar
Paragraf symbol i rullestol

Råd for personar med nedsett funksjonsevne

Råd for personar med nedsett funksjonsevne (RPNF) er eit rådgjevande organ i og for kommunen.

Kontakt oss

Turid Tomasgard

Leiar: Råd for personar med nedsett funksjonsevne

turid.tomasgard@ullensvang.kommune.no

91 73 98 50

Linn Østerbø

Politisk sekreteriat

linn.osterbo@ullensvang.kommune.no

48 21 59 84

 

Reglement

Vedteke i Ullensvang kommunestyre sak 046/20- 26.02.2020

 

Heimel og samansetting

  1. Ullensvang kommune sitt råd for personar med nedsett funksjonsevne (RPNF) er heimla i kommunelov § 5 – 12 Kommunale råd. Rådet er eit folkevald organ etter noverande lovtekst og har mandat for den kommunale valbolken
  2. Ullensvang RPNF har 7 medlemer med personlege vara som alle er valde for heile valperioden som representantar. 2 medlemer med personleg vara er valde som representantar frå kommunestyret. Minst 1 av desse skalvera fast medlem av kommunestyret. Resten – i alt 5 med personlege vara – vert valde etter innstilling frå FFO i samråd med lokallaget for PUH. Det skal etterstrevast god geografisk spreiing av rådet.

 

Mynde og oppgåver

a. Råd for personar med nedsett funksjonsevne (RPNF) er eit rådgjevande organ i og for kommunen
b. Rådet har rett til å uttale seg i saker som vedkjem rådet si målgruppe
c. Rådet skal ha til handsaming og kunna uttala seg til saker som gjeld målgruppa
d. Rådet kan sjølv ta opp aktuelle emne og spørsmål
e. Rådet kan oppnemna brukarrepresentasjon til kommunale plannemnder og utgreiingsarbeid
f. Rådet skal ha hovedfokus på saker som gjeld kommunen sine overordna planar og budsjett, og ha desse sakene til handsaming;

  • årsbudsjett og økonomiplan
  • kommuneplanar
  • planar om universell tilgang til byrom og offentlege bygg.
  • overordna statlege satsingar og prosjekt- som» Leve hele livet»- og planar for helse-, sosial- og omsorgssektoren – som sjukeheims- og omsorgsutbygging
  • kommunalt bustadprogram
  • reguleringssaker
  • samferdselssaker
  • kulturbyggsaker ( kulturbyggplan) og andre planar og tiltak av generell karakter

g. Rådet kan fatta vedtak om disponering av midlar innan sitt budsjett

 

Årsmelding

RPNF skal – som eldreråd og ungdomsråd – utarbeida årsmelding. Desse går samla til kommunestyret som sak.

 

Andre bestemmelsar

  • Rådmannen peikar ut sekretær for rådet .
  • Rådmannen ved sekretær kallar inn dei valde rådsmedlemene til konstituerande møte.
    Det skal då veljast leiar og nestleiar for valbolken (4 år).Til dette møtet vert det og lagt fram forslag til møteplan.
  • Forfall til møte skal varslast etter vanlege reglar og så tidleg som råd
  • Rådet skal administrerast i Ullensvang kommune sitt arkiv /sakssystem
  • Leiar i rådet har innstillingsrett til rådet
  • Rådet skal ha tilgang til sakskartet sitt minst 5 arbeidsdagar før møtedagen
  • Rådet skal utarbeida ny møteplan innan utgangen av kvart kalendarår
  • Rådet kan be om, og har krav på å få orientering / utdjuping til føreliggande saksframlegg frå rådmannen eller andre som møter på vegne av rådmannen
  • Rådet utarbeider forslag til budsjett
  • Reglane i Kommunelova om kommunale nemnder (folkevalde organ) og Forvaltingslova om habilitet ( forv.lova § 6 ) gjeld fult ut for rådet sine medlemer jmf. og Kommunelova § 5 – 13 *
  • Kommunestyret fastset møte- og leiargodgjersle for rådet som del av felles sak for folkevalde organ.

 


*Kommunelova § 5-13.Reglement for folkevalgte organer
Folkevalgte organer skal ha et reglement som fastsetter
a) organets virkeområde og eventuelle vedtaksmyndighet
b) tidsperioden som organet er opprettet for
c) eventuelle andre sentrale bestemmelser om organets virksomhet