x

Klage

Lovheimel: Pasient- og brukerrettighetsloven §7-2 og 7-7. og Forvaltningsloven kapittel VI.

Kva kan ein klage på?

Ein kan klaga på einskildvedtak som omfattar:

  • Rett til øyeblikkeleg helsehjelp frå kommunen
  • Rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen
  • Rett til verdig tenestetilbod i samsvar med helse- og omsorgstenestelova
  • Rett til individuell plan
  • Tiltak ved særleg tyngande omsorgsoppgåver

 

Ein kan klaga på rettigheiter der det ikkje er fatta enkeltvedtak som gjeld følgjande:

  • Rett til medvirkning og informasjon
  • Samtykke til helsehjelp
  • Rett til innsyn i journal

Du kan og klaga på kvalitet på dei tenestane som vert utført.

 

Om klagen

Det er den vedtaket rettar seg mot, altså brukaren sjølv som har klagerett. Ved skriftleg fullmakt frå brukar, kan brukar utpeika andre personar som kan fremma klagen for han.

  • Frist for å klaga er 4 veker
  • Klagen skal vera skriftleg og underskrive av den som klagar eller representantar for denne
  • Klagen skal innehalde dei forhold ein klagar over
  • Den som klagar har rett til informasjon rundt klageadgang og informasjon som er nødvendig for å ivareta sine rettar i klageprosessen

Ein har som hovudregel rett til innsyn i eigen journal og til innsyn i saksdokument som gjeld enkeltvedtak.

 

Handsaming av klage

Skriftleg klage skal sendast til Ullensvang kommune ved tildelingskontoret.

Dersom klagen viser til nye saksopplysningar, kan vedtaket endrast/fattast på nytt, eller feil og misforståingar rettast opp.

Dersom klagar ikkje får medhald eller endra vedtak, sender kommunen saka med alle saksdokument til Statsforvaltaren i Vestland for ny handsaming.

 

Klage skal sendast til

Tildelingskontoret

Opheimsgata 31

5750 Odda

tildelingskontor@ullensvang.kommune.no

53 65 47 16