Kurs i alkohollova - Trygge og vellukka bygdafestarPlanlegg de bygdafest/tradisjonsfest eller liknande? Kommunen og skjenkekontrollen i Kvam inviterer til kurs i alkohollova.Kurset er særleg tilpassa styre og eldsjeler i grendahus, lag og organisasjonar som søkjer om skjenkeløyve for einskildhøve.Målet er å gje dykk tryggleik på regelverket, gode verktøy for førebygging og praktiske råd som gjer det enklare å arrangera trygge og kjekke festar for heile bygda.Kva tek vi opp på kurset?Alkohollova i praksis: Kva plikter og ansvar har du som arrangør og skjenkestyrar?Bygdafestar og aldersblanding: Korleis handterer vi arrangement der både vaksne og ungdom under 18 år (ofte frå 15 år) er til stades samstundes?Vakthald og kontroll: Gode rutinar for aldersgrenser, innslepp, berusing og handtering av medbrakt alkohol.Samarbeid: Kva ser skjenkekontrollen etter når dei kjem på tilsyn, og korleis samarbeider vi best mogleg?Spørsmål og dialog rundt konkrete utfordringar de møter lokalt.Praktisk informasjonTid: Onsdag 11. november 2026 kl. 18.00 (varer i om lag 2 timar)Stad: Skare grendahusArrangør: Ullensvang kommune i samarbeid med skjenkekontrollen i KvamMålgruppe: Grendahusstyre, vaktansvarlege, arrangørar av bygdafestar og andre som søkjer eller vurderer å søkje om skjenkeløyve for eit einskild arrangement.Pris: GratisPåmelding: Kontakt sakshandsamar for skjenkeløyver i Ullensvang kommune på e-post: aslaug.akre@ullensvang.kommune.no eller pr. tlf. 46 78 50 67Vel møtt til ein nyttig kveld!