Formannskapet

Formannskapet blir ofte sett på kommunen sitt nest høgaste organ etter kommunestyret og fungerer på mange måtar som kommunestyret sitt arbeidsutval. Det fattar vedtak på vegne av kommunen i dei tilfelle der myndet er delegert frå kommunestyret. Formannskapet si kanskje viktigaste oppgåve er rolla som kommunen sitt utval med ansvar for kommuneøkonomien.

 

Mynde til formannskapet

Formannskapet har vedtaksmynde innan sine ansvarsområde, og i alle saker der vedtaksmynde ikkje er tildelt andre, jf. Administrasjonsutval og valstyre.

Formannskapet kan uttala seg i alle saker som har noko å seia for oppgåver og verksemder innan sitt ansvarsområdet, herunder gje høyringfråsegn.

Formannskapet sitt delegerte vedtaksmynde kjem fram av Ullensvang kommune sitt delegeringsreglement, vedteke av Fellesnemnda.

Formannskapet kan omdisponera beløp mellom verksemder og formål innan ansvarsområdet sitt, i samsvar med reglane i økonomireglementet til Ullensvang kommune, vedteke av kommunestyret.

I saker formannskapet sjølv ikkje kan fatte vedtak, innstiller formannskapet til kommunestyret.

I saker der formannskapet har vedtaksmynde, har det instruksjonsmynde overfor rådmann. Dette mynde blir utøvd i form av vedtak i formannskapet.

 

Administrasjonsutval og valstyre

Administrasjonsutvalet består av 5 politikarar frå formannskapet (4 i tillegg til ordførar), saman med tillitsvalde i kommunen, jf. kommunelova § 5-11.

Dei andre 4 politikarane frå formannskapet som ikkje er medlem i administrasjonsutvalet utgjer valstyret i kommunen, jf valglova § 4-1. Ordføraren er medlem i begge desse utvala

 

Sakshandsaming

Kommunelova sitt kapittel 11, og reglement for sakshandsaming i folkevalde organ, vedteke av kommunestyret, gjeld for formannskapet sitt virke.

Formannskapet har rett til innsyn i alle kommunale saksdokument innanfor sitt ansvarsområde, med dei avgrensingane som følgjer av kommunelova § 11-13.

 

Reglement og medlemer

Kommunelova gjev ikkje formannskapet avgjerslemynde i enkeltsaker, slikt mynde må i tilfelle
gjevast av kommunestyret.

 

Delegeringssperre

Det er likevel ei lovpålagt plikt etter kommunelova at formannskapet behandlar og gjev tilråding i nokre
bestemte saker.

  • skal behandle og gje tilråding i sak om økonomiplan, jf. § 8 nr.3 og § 44 nr. 6
  • skal behandle og gje tilråding i sak om årsbudsjett, jf. § 8 nr.3 og § 45 nr. 2.
  • skal behandle og gje tilråding i sak om skattevedtak. jf. § 8 nr.3
  • skal behandle og gje tilråding i sak om årsrekneskap og årsmelding, jf. § 48 nr. 3

 

Formannskapet sitt ansvarsområde ut over det som er lovpålagt gjeld følgjande:
Arbeid med saksfelt som ligg inn under følgjande særlover

  • Anskaffelseslova
  • Arkivlova
  • Diskriminerings- og tilgjengelighetslova
  • Diskrimineringslova om etnisitet
  • Diskrimineringslova om seksuell orientering
  • Domstollova
  • Eigedomsskattelova
  • Finansavtalelova
  • Flagglova
  • Folkeregisterlova
  • Forsikringsverksemdslova
  • Forsinkelsesrentelova
  • Forsøk i offentleg forvaltning
  • Forvaltningslova
  • Interkommunale selskapslova
  • Kyrkjelova
  • Kommunal forkjøpsrett til leigegardar
  • Kommunelova
  • Konfliktrådslova
  • Konsesjonslova
  • Industrikonsesjonslova
  • Inndelingslova
  • Krigspensjon for sivile
  • Krigspensjon for militærpersonar
  • Krigsskadeerstaningslova
  • Krigsskadestønadslova
  • Likningslova
  • Likestillingslova
  • Merverdiavgifts- kompensasjonslova
  • Offentleglova
  • Pantelova
  • Partilova
  • Personopplysningslova
  • Plan- og bygningslova (kommuneplanen)
  • Pliktavleveringslova
  • Politilova
  • Rekneskapslova
  • Rekvisisjonslova
  • Sikkerheitslova
  • Sivilbeskyttelseslova
  • Sjømannspensjonstrygdlova
  • Merverdiavgiftlova
  • Mållova
  • Skattebetalingslova
  • Skattelova
  • Skjønnsprosesslova
  • Statens Pensjonskasselov
  • Stiftingslova
  • Straffelova
  • Straffeprosesslov
  • Strålevernlova
  • Trudomssamfunnslova
  • Tvangsfullbyrdingslova
  • Tvistelova