Høyring av justert søknad for nye kraftverk i Røldal- Suldalsvassdraget

NVE har mottatt endra søknad frå Lyse Kraft DA på vegne av RSK DA. De søker om løyve til bygging av Røldal 2 pumpekraftverk, Kvanndal 2 pumpekraftverk, Suldal 2B kraftverk og Nordmork kraftverk i Ullensvang- og Suldal kommune.

NVE viser til tidlegare søknad for dei same kraftverka, men også inkludert Novle 2 kraftverk, som saman med revisjonsdokument blei sendt på høyring 23.04.2024. Vi viser også til tilleggsutgreiing for villrein som blei sendt på høyring 03.11.2025.

Endra søknad med vedlegg sendast no på høyring til rørte partar med høyringsfrist 20.09.2026.

Søknaden med vedlegg er tilgjengeleg på NVE si nettside.

Søknaden skal handsamast etter reglane i vassdragsreguleringslova § 12. Etter delegeringsvedtak frå Energidepartementet av 29. august 2025, vil NVE fatte vedtak i saken.

RSK DA søker framleis om løyve til ekspropriasjon etter oreigningslova for naudsynte grunn og rettar til å bygge og drive kraftverka. Grunn- og rettshavarar som blir rørt av ekspropriasjonssøknaden, kan finne relevant informasjon om kva det inneber på nettsidene til NVE om grunneierinfo.

Kva vi ønsker fråsegner om

Gjennom høyringa ønsker NVE å få grunna synspunkt på om dei endra planane bør gjennomførast.

De treng ikkje sende inn fråsegner som de har sendt inn tidlegare.

Vi ber Statsforvalteren gjere ei konkret vurdering av om tiltaka treng løyve etter forureiningslova for både anleggsfasen og driftsfasen.

Slik sender du inn fråsegn

Fråsegner kan sendast inn på éin av følgande måtar:

  • via skjema for fråsegn (uttalelser), som de finn på saka si nettsidevia 
  • e-post til nve@nve.no (merk e-posten med «Fråsegn» og saksnummer [P360 saksnummer] i emnefeltet, og oppgi namn og organisasjonsnummer i innleiinga om du representerer ei verksemd)
  • via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO (merk brevet med «Fråsegn» og saksnummer 202320330 i emnefeltet, og oppgi namn og organisasjonsnummer i innleiinga om du representerer ei verksemd)

Frist for å sende fråsegn er 20.09.2026. Ein kan ikkje rekne med forlenga frist.

Fråsegner eller deler av fråsegner vil bli referert i saka. Om fråsegna er lang, er det derfor ein fordel om det lagast eit samandrag som kan nyttast til slik referering. Fråsegnene er offentlege dokument, og sentrale saksdokument leggast ut på NVE sine nettsider.