Informasjon per 13. juli
Onsdag 15.07 kl. 07.00 startar arbeidet med akutt sikring på Valldalsvegen.
Sikringsarbeidet vil gå føre seg døgnkontinuerleg, og det vil ikkje vere mogleg å passere for verken køyrande eller gåande. Det vil berre bli gjort tilpassingar ved akutte behov i samråd med naudetatane. Vegen er, som tidlegare, heilt stengd.
Entreprenøren som skal utføre sikringsarbeidet, har funne ei optimal løysing for gjennomføringa. Dette vil ha stor betydning for framdrifta. Dersom alt går etter planen, og det ikkje oppstår nye akutte og ustabile parti undervegs i arbeidet, vil entreprenøren gjere sitt beste for å ferdigstille sikringsarbeidet innan utgangen av veke 30. Det må likevel takast atterhald.
I løpet av veke 31 eller 32 vil det bli behov for ei ny totalstenging av vegen på dagtid. Dato og tidsrom er enno ikkje avklart.
Nærare informasjon om status vil bli gitt mot slutten av denne veka, veke 29.