Vel gjennomført "Sykle til jobben-kampanje"

Vi er veldig fornøgde med at 119 deltakere var med i årets “Sykle til jobben-kampanje”. Kampanjen vart arrangert av Bedriftsidretten og Friluftshovudstaden Ullensvang har i år spandert deltaking på alle kommunen sine deltakarar. 

8 bedrifter i kommunen var representert i kampanjen og det var til saman 28 lag som gjennomførte 3865 økter som bestod av 212 701 minutter og 14 408 km. I følge kampanjen sin statistikk har det spart miljøet for 2003 kg CO2.

Mange deltakarar har vore aktive gjennom heile perioden og det var heile 14 stykk i Ullensvang som fekk full uttelling på poeng. Linn Ulevik-Kvåle vart vinnar av årets førstepremie gjennom loddtrekning av alle med full pott.

Friluftshovudstaden gratulerer Linn med ein fin kampanje og ny sykkel som var hovudpremie.

Laget “ Avdeling for forvaltning og koordinering 1” tok førsteplassen og fekk utdelt flotte premiar frå Friluftshovudstaden som kan nyttast i trening og aktivitet.

Andreplassen gikk til "2B-gjengen" og tredjeplass til "Cashflow queens"

Det er og trekt premiar blant alle deltakarane, som vert kontakta av Dag Endre Opedal iløpet av dei komande dagane.

Vel gjennomført alle som har delteke!