USPN - 042/26 Vedtak:
“Forslag til forskrift om hundehald i Ullensvang kommune, Vestland vert sendt på høyring i ein periode på 8 veker, med følgande tillegg: At det i tillegg til den ordinære bandtvangen frå 1. april - 20. august, blir utvida bandtvang i tida frå 21. august - 31. oktober av omsyn til beitande bufe. Utvida bandtvang gjeld i dei område av kommunen kor bufe har rett til å beite og faktisk beitar.”
Bakgrunn
Forslag til forskrift om hundehald i Ullensvang kommune, Vestland har som mål å samordne gjeldande forskrifter og fremja eit godt og forsvarleg hundehald. Den lokale forskrifta skal utfylle føresegn om hundehald som er gjeve i hundelova, og må sjåast i samanheng med denne. Forskrifta er heimla i hundelova §§ 6 og 11.
Vedlegg til sak
Høyring
Forslag til forskrift om utvida bandtvang med kartvedlegg og saksframlegg følgjer vedlagt dette høyringsbrevet.
- Frist for å kome med innspel: 12.08.2026.
Innspel og merknadar kan sendast til kommunen gjennom digitalt skjema, på e-post eller per brev. Merk då innspel med saksnummer 26/805.
Send innspel digitalt
Innspel per e-post eller brev
Ullensvang kommune