Snikker som vatrer reisverk på altan

Diverse bygg/tiltak

Alle endringar er søknadspliktige og du kan søkje sjølv.

Merk at dersom du ynskjer å bruka ein del av din bustad som hybel, må alle opphaldsromma vera godkjent som rom for varig opphald. Om dei ikkje er godkjent, kan du søkja om bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel

Om du skal anlegga, endra eller utvida eksisterande avkøyring må du søkja om løyve til det. Dette gjeld uavhengig av om avkjøringa er frå riksveg, fylkesveg eller kommunal veg.

 

Søk om å anlegga, endra eller utvida avkøyring

Intern veg på tomt er tilkomstveg eller veg mellom bygg på same tomt.

 

Du treng ikkje søkja

Dersom du skal byggja intern veg eller biloppstillingsplass på tomt, der det er minst 1 meter til nabogrensa. Merk at vegen må vera til eigedomen sitt bruk, og bygging av vegen kan ikkje medføra vesentleg terrenginngrep.

 

Fagfolk må søkja for deg

Dersom du skal byggja veg som ikkje er omfatta av unntaket frå søknadsplikta

 

Finn føretak med sentral godkjenning

Kva er forskjellen?

  • Gjerde er ein delvis åpen kontruksjon som skil to områder frå kvarandre. Eit gjerde kan bestå av ulike material, og dei opne delane bør utgjera minst 50 % av konstruksjonen.
  • Levegg er ein tett skjerm som hindrar innsyn og gjev le for blant anna støy og vind. Ein levegg kan vera frittståande eller i tilknyting til ein bygning.
  • Støyskjerm er en tett skjerm som hindrar innsyn og støy, og gjev le for vind. Støyskjermen er ofte lengre enn ein levegg og har lyddempande material.

 

Du treng ikkje søkja

  • Dersom tiltaket er i samsvar med gjeldande reguleringsplan
  • Dersom gjerde er åpent og luftig til nabogrensa, og høgda er maksimalt 1,5 meter
  • Dersom gjerde på grensa til regulert veg er lågare enn 0,5 meter og ikkje hindrar siktforhalda
  • Dersom leveggen er inntil 1,8 meter høg og inntil 10 meter lang, samstundes som den vert plassert inntil 1 meter frå nabogrensa. Den må òg plasserast med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg.

Dersom leveggen er inntil 1,8 meter høg og inntil 5 meter lang, plassert i nabogrensa og med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg. Rettleiar for plassering av byggverk nær offentleg veg

 

Slik søkjer du

 

Fagfolk må søkja for deg

Dersom du skal setja opp eller riva ein støyskjerm.

 

Finn føretak med sentral godkjenning

Dersom du skal gjennomføra eit større VA-tiltak er dette søknadspliktig, og du må få fagfolk til å søkja for deg.

Merk at også stikkleidningar til einskilde tomter og påkopling på eksisterande anlegg er søknadspliktig. Søknad om sanitærabonnement skal sendast som eige skjema (ikkje leggjast ved byggjesøknad) – digitalt søknadsskjema finn du her.

Finn føretak med sentral godkjenning

Du må søkja om løyve til graving, legging, flytting, reparasjon og fjerning av kablar og leidningar over, under og langs offentleg veg.

Dette fylgjer av reglar i veglova §§ 32 og 57 og ledningsforskriften

Meir informasjon om graveløyve og arbeidsvarslingsplanar finn du her på nettsida vår.

Ved tiltak i riks- eller fylkesveg er det krav om løyve til arbeidsvarslingsplan. Eit slikt løyve er det Statens vegvesen som gjer. Les om arbeidsvarsling på Statens vegvesen sine heimesider.

Ein forstøtningsmur er ein konstruksjon i samband med sikring eller opparbeiding av terreng.

 

Du treng ikkje å søkja

  • Dersom tiltaket er i samsvar med gjeldande reguleringsplanar
  • Dersom muren er lågare enn 0,5 meter. Den kan i slike tilfeller byggjast inntil nabogrensa, men me tilrår at du avklarar plassering med nabo.
  • Dersom muren er inntil 1,0 meter høg og minst 1 meter fra nabogrensa.
  • Dersom muren er inntil 1,5 meter og minst 4 meter fra nabogrensa
  • Dersom muren vert bygd med tilstrekkeleg avstand fra offentleg regulert veg, og ikkje er i konflikt med offentlege vatn- og avlaupsleidningar
  • Dersom det er fri sikt mot avkjøring til veg og gang- og sykkelstiar

 

Fagfolk må søkja for deg

  • Dersom du skal byggja ein forstøtningsmur på over 1,5 meter

 

Finn føretak med sentral godkjenning