Veteranplan 2024-2027
Veteranplan 2024-2027 vart vedteke i Ullensvang kommunestyre 16.10.24.
Norge har tradisjon for å spele ei aktiv rolle i det fredsbevarande arbeidet i verda.
Dette har mellom anna si forklaring ved at Noreg er ein ettertrakta samarbeidspartnar som fredsbevarande aktør i internasjonale konfliktar. Sidan 1947 har 100 000 nordmenn gjort teneste i internasjonale operasjonar. Dette omfattar 100 operasjonar på fire kontinent. Sidan oppstarten av FN-operasjonen i Libanon i 1978 har meir enn 40 000 bidratt i teneste for Noreg og det internasjonale samfunnet, i freden si teneste. Det er i dag kring 80 000 veteranar i Norge.
Merksemda om å ivareta og følgje opp dei som har gjort teneste under krevjande
forhold i internasjonale operasjonar, har auka dei siste åra. Staten har lagt føringar for at desse skal bli anerkjent, iveretatt og få den oppfølginga dei har behov for. Det vert forventa at kommunane gjennom ein eigen veteranplan, har ei bevisst og systematisk tilnærming til dette oppdraget. For samfunnet og kommunen er det viktig både å sjå og nytte den kompetansen som veteranane representerer, samtidig som det må finnast eit støtteapparat som kan stille opp for dei som treng det.