Ringar i vatn av vassdråpar.

Ekstremt mykje nedbør i vente

Meteorologisk Institutt har oppdatert  sine varsel til raudt nivå.

Ekstremt mykje regn, raudt nivå (MET)

  • Fare aukar: torsdag 31. oktober 2024, kl.01:00
  • Fare minkar: fredag 1. november 2024, kl. 03:00

Torsdag er det venta ekstremt mykje regn, lokalt 120-180mm/24t. Natt til fredag vil nedbøren gå over til byger og minka, først i nord.

Fare for overvatn i tettbygde område. Stor fare for stengde vegar og/eller overvatn ved bekke- og elveløp. Mange reiser kan få lengre reisetid. Vanskelege køyreforhold på grunn av overvatn og fare for vassplaning. Ein del stader vil mellombels kunna mista vegsambandet, gjerne fleire dagar. Fare for lengre straumbrot.

Les heile varselet på varsom.no

 

Varsel om jord- og flaumskredfare, rødt nivå

Svært mange skredhendingar er forventa. Fleire kan få store konsekvensar. Store hendingar kan nå busetnad, veg eller jernbane. Flaumskred har lang rekkjevidd og kan gå ned i dalbotnen sjølv om det blir løyst ut høgt i terrenget.

Det er svært venta store nedbørsmengder, stadvis opp mot 120-180 mm/døgn. Grunnvasstanden i bakken er allereie høg, og temperaturstigning i kombinasjon med sterk vind i fjellet vil bidra til snøsmelting. Det er stor fare for jord- og flaumskred i varslingsområdet. Bratte skråningar, og dessutan bekker og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett.

Les heile varselet om jord- og flaumnskred på varsom.no