Tiltakspakke ved kognitiv svikt/demens
Eit tilbod i heile kommunen – tettare oppfølging av heimebuande personar med kognitiv svikt/demensjukdom.
Informasjon
Hukommelsesteamet i Ullensvang kommune har sett at det er behov for tettare oppfølging av heimebuande personar med kognitiv svikt/demenssjukdom.
Erfaringar viser at systematisk samarbeid med pårørande er viktig for å få til god oppfølging av personar med demens.
Ei tettare og meir strukturert oppfølging av personen kan førebyggja sjukdom og bidra til auka livskvalitet.
Intensjonen er også at me tidleg skal kunna fanga opp endringar i den fysiske og psykiske helsetilstanden til personen, og sette i verk aktuelle tiltak.
Det er ynskjeleg at flest mogleg eldre skal få bu heime så lenge som mogleg – då er det viktig å legge til rette for det. Ved å tilby ”Tiltakspakke ved kognitiv svikt/demens”, ynskjer Ullensvang kommune å bidra til denne utviklinga.
I første del av sjukdomsforløpet vil Tiltakspakke ved kognitiv svikt/demens ofte vera pasientens og pårørandes einaste kontakt med det kommunale hjelpeapparatet. Etter kvart som sjukdommen utviklar seg og hjelpebehovet aukar, vil Tiltakspakken komma i tillegg til andre kommunale tenester. Tiltakspakke er aktuell for heimebuande personar med demens fram til pasienten ikkje lenger kan bu heime.
Mål
Ullensvang kommune ynskjer at personar med kognitiv svikt/demenssjukdom skal ha det best mogleg i eigen heim lengst mogleg. Det er viktig å kunne føresjå når hjelpa må aukast, og sette inn rette hjelpetiltak til rett tid.
Målet med tiltaket er at personar med demens skal få bu lengst mogleg i eigen heim, og at pasient og pårørande skal oppleve tryggleik og støtte gjennom det samla tenestetilbodet. Modellen byggjer på prinsippa for personsentrert omsorg.
Innhald
Tiltakspakke demens er ein modell som inneber ein strukturert, fagleg og individuelt tilpassa oppfølging av heimebuande personar med kognitiv svikt/demens og pårørande deira.
Tilbodet inneheld oppfølging frå oppnemnt primærkontakt i heimetenesta éin gong per månad med heimebesøk og samtale. Under besøket vil det bli vurdert om hjelpetilbodet til personen er tilstrekkeleg. Primærkontakten din vil kunne kontakte pårørande i forkant av kvart besøk, dersom du samtykker til dette.
- Primærkontakten gjennomfører månadlege oppfølgingsbesøk til personen med demens. Desse besøka kjem i tillegg til ordinær oppfølging frå heimebaserte tenester og har ein times varigheit .
- Pårørande blir inviterte til å delta på dei månadlege oppfølgingsbesøka etter samtykke frå personen. Pårørande bør så langt det er mogleg å være med på det første besøket.
- På første heimebesøk begynner ein å fylle ut eit skjema kalla «Min histore». En kan og oppretta ein profil i MinMemoria , dette for å samla informasjon om livshistoria til pasienten.
- Ved kvart oppfølgingsbesøk blir ei sjekkliste nytta for å kartlegge endringar i helsetilstanden til personen og demensforløpet.
- Pasientens fastlege blir informert om endringar i helsetilstand via kommunens og fastleges elektroniske journalsystem.
Hensikt
- Gje personar med demens eller kognitiv svikt størst mogleg grad av tryggleik i eigen heim.
- Førebyggja underernæring og dehydrering (lite drikke), noko som ofte er årsak til innlegging i sjukehus.
- Vidare kunne oppdage infeksjonar tidleg i sjukdomsforløpet og dermed kunne sette i gang rask behandling.
Administrativ gjennomføring
Tildelingskontoret vil tildela ”Tiltakspakke ved kognitiv svikt/demens” etter søknad om denne tenesta. Du søkjer på tenesta i samme skjema som du søkjer om andre Helse- og omsorgstenester.