Kultur og levekår

Tildeling av kulturprisen 2023

Det er ei stor glede å gratulerar Jan Gravdal og Gunn Gravdal Elton med tildeling av kulturprisen for Ullensvang kommune 2023.

Grunngjeving

Far og dotter Jan Gravdal og Gunn Gravdal Elton er begge dyktige journalistar og historieforteljarar. Dei er markante kulturpersonligheter, og har i ei årrekke levert store kulturelle opplevingar i fleire sjangrar og med stor breidde, som bøker og artiklar, musikalar og konsertar, tekstar og musikk knytt til viktig kulturhistorie og forteljarkunst som speglar både industrihistorie i Odda og Tyssedal, den unike kulturarva rundt pilegrimsvandringane til stavkyrja i Røldal, og no historia om skarprettar Samson Isberg frå Isberg i Sørfjorden.

Jan Gravdal har gjennom svært mange år vore ein meister i å lyfta fram folk og forteljingar av alle slag, både i rollen som journalist, i mange dokumentariske bøker, og i det lokalhistoriske tekstverket Arven som det blei komponert musikk til og sett opp av Tyssedalskoret. Han har også teke i bruk moderne plattformer som blogg i sitt stadig aktuelle formidlingsarbeid, trass sviktande helsa.

Gunn Gravdal Elton har gjennom svært mange år markert seg som konsertprodusent, og etter kvart skapar av fleire store musikalske førestellingar av høg kvalitet basert på lokalhistorisk materiale, som Albert og Leonie, Røldalsspelet Den lange vegen, og no musikalen Samson. Ho har lyfta fram lokale artistar og amatørar i alle aldrar, og fått til unikt samarbeid med nasjonale artistar og musikarar.

 

Utval for kultur og levekår er svært glade for å kunne dela ut Kulturprisen i Ullensvang kommune for 2023 til to så verdige kandidater og gratulerer Jan Gravdal og Gunn Gravdal Elton med tildelinga.

Kulturprisen vert delt ut ved eigna høve i samråd med kulturprisvinnarane.

Foto: Eivind Dahle Sjåstad / Hardanger FolkebladFoto: Eivind Dahle Sjåstad / Hardanger Folkeblad