Norske pengeseddler i ein haug

Sende faktura til Ullensvang kommune

Alle fakturaar til Ullensvang kommune må sendast elektronisk i EHF-format.

Det er svært viktig at du stilar fakturaen til Ullensvang kommune med riktig organisasjonsnummer, 920 500 633. Fakturaen skal òg innehalde bestillingsnummer eller rekvirentnummer på fem siffer i referansefeltet.

 

  • Elektroniske fakturaadresse: 9908:920500633
  • Aksesspunkt: Visma

 

Nettbasert fakturaportal

Mange små og mellomstore bedrifter har ikkje eit eige fakturasystem som kan produsere elektronisk faktura direkte. Eit alternativ er å registrere faktura i ein nettbasert fakturaportal. Oversikt over ulike portalar finn du på Difi sine sider: Fakturasystem som kan levere elektriske handelsformat EHF

 

Merking av faktura

Fakturaen skal merkast med eit femsifra ressursnummer oppgitt av bestillar. Dette skal plasserast i feltet «Deres referanse», som er eit obligatorisk felt i EHF-standarden.

«Deres referanse» i xml-fila: cbc:AccountingCost eller cbc:BuyerReference

NB! Ingen tilleggsinformasjon skal plasserast i desse felta, berre desse siffera.

 

Betalingsvilkår

Vi har betalingsfrist på 30 dagar frå fakturadato. I dei tilfella der vi ikkje har motteke EHF-faktura, skal krav om rente og gebyr dokumenterast med ei leveringskvittering frå dykkar aksesspunkt. Der må dato og tidspunkt for overføringa vere stadfesta.

 

Har du spørsmål?

Kontakt fakturamottak på fakturamottak@ullensvang.kommune.no