Rapport frå kartlegging av frivillige organisasjonar i kommunen
Frivillig sektor er ein av dei tre store samfunnssektorane i Norge, saman med offentleg sektor og næringslivet. I vår kommune er frivillig sektor mangfaldig og sterk.
I desember 2020 fatta kommunestyret vedtak om at det skulle verta utarbeidd ein frivillig- og samspelstrategi som skal leggja til rette for vekst og utvikling for frivilligheita som ein uavhengig samfunnssektor. Frivilligsentralane i Ullensvang fekk oppgåva med å leia dette arbeidet.
Formålet med å kartleggja frivillige organisasjonar i kommunen var å leggja grunnlaget for ein lokalt tilpassa strategi som reflekterer lokale behov og moglegheiter.
Gjennom kartlegginga vart alle frivillige lag og organisasjonar invitert med inn i arbeidet, og på den måten kunne dei påverke og bidra til det vidare arbeidet med strategien. Hausten 2023 vart ein stor spørjeundersøking rulla ut, og i desember hadde vi tre folkemøter for frivillig sektor i Odda, Kinsarvik og Jondal.
Vi takkar frivillig sektor for alle gode innspel og for at dei har delteke i kartlegginga – dette gjer at vi no har eit godt grunnlagsmateriale til frivillig- og samspelstrategien!
No skal arbeidet med utarbeiding av strategien i gang i samarbeid med representantar frå kommune og frivillig sektor, og den er planlagt å vera ferdig innan april 2025.