Oppstart av babysvømming
Me er to nyutdanna babysvømmeinstruktørar som ynskjer å tilby kurs for babyar i kommunen.
Kurset vert halde i bassenget ved Skare skule på onsdagar.
- Oppstart: onsdag 12. februar 2025
- Kl. 16.00-16.45 for babyar 3 – 7 mnd
- Kl. 17.00-17.45 for babyar 8 mnd – 1,5 år
- Pris: kr. 1200,- for 8 gonger (inkl. eit born og ein forelder)
- Påmelding: etter «førstemann-til-mølla”- prinsippet. 8 plassar på kvart kurs.
Bindande påmelding til e-post: babysvomming@ullensvang.kommune.no. Merk med namn og alder.
De vil få eit detaljert informasjonsskriv i forkant av kursstart.
Me håpar å høyre frå dykk!