Kva skjer kultur?

Ullensvang kommune er ein rik og mangfoldig kulturkommune med variert organisasjonsliv og nasjonale kulturminne. Vi har ein sterk kulturell identitet og festivalar innan alle sjangrar. Det er tett mellom opplevingane i kommunen som legg stor vekt på at kultur, idrett og friluftsliv skal vera inkluderande og nå flest mogleg.

Alt på ein plass

Kva skjer kultur? er kommunen sin digitale kulturkalender der vi freistar å samle alt som skjer av aktivitetar rundt i kommunen.

Alle lag og organisasjonar samt kulturarrangørar i kommunen kan få sine aktivitetar lagt inn i programoversikten på Kva skjer kultur?

Alt du treng å gjera er å sende ein e-post til frivillig@ullensvang.kommune.no med den informasjonen som skal inn på arrangement.

 

Vi ynskjer følgjande frå deg:

  • Namn på aktivitet
  • Dato
  • Tid
  • Stad
  • Kort tekst om aktivitet/arrangement
  • Link til ekstern nettstad (om det er aktuelt)

Legg du ved bilete som skal nyttast på nettsida til Kva skjer kultur? må dette vera eit bilete du har tillatelse til å bruke. Om ikkje legg vi til ein passande illustrasjon.

 

Deling av arrangement

Frivilligsentralen deler kvar måndag innhaldet i vekas kulturkalender i sosiale media.

Dette er ein god måte å få ut informasjon om ditt arrangement til innbyggjarane og setja søkjelyset på din organisasjon. Vidare er det flott for nyinnflytta sambygdingar å ha ein stad der ein kan finne opplevingar og sosiale møteplassar. Vi oppfordrar difor alle i heile kommunen til å dra nytte av kalenderen slik at den alltid er mest mogeleg oppdatert og syner alt det flotte som skjer her.

 

img-fluid portrait