Informasjon til ansvarlege søkjarar innan byggesak, kart og oppmåling

I mange saker bruker me mykje tid på å etterlysa manglar i søknadar om tiltak etter plan- og bygningslova. Me ynskjer å ha god dialog med innbyggjarar, og legg av den grunn ut denne informasjonen.

Føremålet med informasjonen

  • å opplysa dykk om kva me ser ofte er mangelfullt
  • at de kan levera betre søknader
  • at me som sakshandsamarar kan bruka tida vår til raskare handsaming, heller enn å bruka tid på å etterlysa manglar

 

Nokre manglar me ser går igjen i fleire søknadar

 

1. Gjennomføringsplan

Gjennomføringsplanen skal vera eit levande dokument. De som ansvarlege søkjarar skal senda inn planen fleire gonger til kommunen, i ulike versjonar. Dei vanlegaste manglane er:

  • Ved søknad om rammeløyve:
    • det er ikkje vist oversikt over alle ansvarsområde som ansvarleg søkjar reknar med å ha inn. T.d. om det skal vera uavhengig kontroll.
    • der prosjekteringstilhøve blir avklara i rammesøknad, skal det erklærast ansvarsrett for prosjektering allereie i rammesøknad.
  • Ved søknad om igangsetjing eller søknad i eitt trinn:
    • det skal vera erklært ansvarsrett for alle prosjekterande føretak
  • Seinast ved søknad om mellombels bruksløyve og ferdigattest skal gjennomføringsplanen vera oppdatert med datoar frå samsvarserklæringane.

Me har lånt ein rettleiar frå Sarpsborg kommune, utarbeidd av Inger Elin Aftret, som me syns forklarer godt, samt har med døme på utfylling ved dei ulike stadium i prosessen.

 

2. Teikningar og situasjonsplan

I dag arbeider me stort sett berre digitalt. Det er difor viktigare enn før at teikningane er godt målsett, i tillegg til at dei er i målestokk.

Det me oftast ser at manglar ved teikningane, er innteikning av eksisterande og framtidig terreng på snitt- og fasadeteikningar. Me har lyst ut å synfara, men har ikkje tid. Difor er terrenget viktig i teikningsgrunnlaget, slik at me får eit klart inntrykk av plassen og tiltaket.

Situasjonsplanen må ha innteikna avstandar t.d. til nabogrense, veg og andre bygningar. I tillegg bør situasjonsplanen vera teikna på kart som har rutenett, eller andre kjente punkt, t.d. nøyaktige eigedomsgrenser eller eksisterande bygningar. Dette fordi me bruker situasjonsplanen til innpassing i matrikkelen.

 

3. Farevurdering

I store deler av kommunen vår er det skred- eller flaumfare. Me ber dykk vera merksame på dette, allereie frå de startar ein dialog med tiltakshavar. Kartportalen vår www.kommunekart.com skal vera oppdatert med faresonekart, og aktsemdskart. Diverre er
det av og til litt treigheit i oppdateringar, så den beste, og alltid oppdaterte, portalen å nytta er NVE Atlas.

I aktsemdsområde, må ein eventuell fare og sannsyn for fare vera dokumentert i søknaden. Dersom de hjelper tiltakshavar med å få tak i ein farerapport, ber me om at de er merksame på fylgjande:

  • føretaket som lager rapporten bør ha ansvarsforsikring og sidemannskontroll.
  • rapporten må vera tydeleg og eintydig i konklusjonen sin, anten:
    • ved at området er trygt nok mot fare for tryggleiksklassen etter TEK17 § 7-2 eller § 7-3, eller
    • at byggestaden vil bli trygg nok ved konkret sikring.

NVE kom i oktober med ein rettleiar for tinging av skredfarerapportar. NVE – Hvordan bestille en skredfareutredning

Me gjer dykk og merksame på at sjølv om eit område er regulert, er det ikkje alltid skredfaren er vurdert. Dette gjeld særleg planar som hadde oppstart før 2010, men kan og gjelda planar med seinare plan-ID.

 

4. Areal

I nokre planar er grad av utnytting knytt til bebygd areal (BYA), og i andre er det knytt til bruksareal (BRA). Me ber om at de alltid fyller ut både BYA og BRA. Dette fordi me treng begge deler ved føring av tiltaket i Matrikkelen etter det er gjeve løyve. I Matrikkelen skal me mellom anna føra:

  • BYA for tiltaket,
  • BRA for heile tiltaket,
  • BRA på etasjenivå og
  • BRA på brukseiningsnivå.

Me set difor stor pris på at de opplyser om dette i søknaden, så slepp me å etterlysa informasjonen. Ein måte kan vera å fylla ut skjemaet “bustadspesifikasjon i matrikkelen”. For andre typar bygningar kan de opplysa om dette i eit følgeskriv.

 

5. Scanning av pdf

Me ser at mange av dykk nyttar digitale søknadsløysingar. Det set me pris på! Dibk: Digitale løysingar for byggesøknader finn de her.

Dette punktet gjeld i hovudsak dei av dykk som sender inn søknad på e-post, men kan og gjelda søknader som vert sendt digitalt på andre måtar. Me ynskjer at søknad og vedlegg til søknaden vert scanna og gruppert som vist i vedleggslista på søknadsskjemaet. Til dømes:

  • gjennomføringsplan og erklæringar av ansvarsrettar er lagt ved som ein (eller fleire) pdf og namngjeve med G først
  • eksisterande og nye teikningar er som to pdf-ar, namngjeve med E eksisterande og E tiltak

Dette vil spara postmottak og sakshandsamarane mykje tid i føring av søknaden og i leiting
i dokument.

 

Vedlegg: Veiledning gjennomforingsplan med vedlegg Sarpsborg kommune