Gratulerer til Sigbjørn Kambestad med Frivilligprisen 2024
Under eit strålande julearrangement i Bygdahallen på Nå fekk årets prisvinnar Sigbjørn Kambestad overrekt Frivilligprisen 2024.
På FN’s dag for frivillighet, 5. desember, vart frivilligprisen til Ullensvang kommune delt ut til ein beskjeden og takknemleg vinnar.
Leiar for Utval for kultur og levekår, Marit Jensen Måkestad, stod for sjølve utdelinga. Bygdahallen på Nå oste av julestemning og samhald. Mange innbyggjarar i alle aldrar deltok på julafesten, og når vinnaren vart avslørt var det jubel, fanfare og dundrande applaus i hallen.
Bygdafolket veit alt som Sigbjørn driv på med til glede og nytte for andre rundt seg og syna sin einigheit i at prisen var kome i hendene til ein velfortent vinnar.
Nå musikklag stod for den framifrå underhaldninga, og spelte alle dei kjære julesongane etter tur og orden medan bygdafolket gjekk rundt juletreet. Ein praktfull fanfare vart og spela av dirigent Mihai Sorohan når vinnaren blei ropt ut.
Juryen si grunngjeving
Årets prisvinnar er verkeleg ei eldsjel med stor E.
Gjennom mange tiår har vinnaren vore, og er fortsatt, ein stor bidragsytar i Ullensvang generelt og i Vikebygdkrinsen spesielt. Det å jobba dugnad er ein livstil og ein grunnleggjande haldning hos prisvinnaren, og gjennom å sjå folk, ta ansvar og utføra oppgåver og tiltak, har fellesskapet i samfunnet rundt blitt endå sterkare.
Smålåten, blir han kalla. Ikkje oppteken av merksemd rundt eigen person, meir oppteken av dei rundt seg. Men vi skal ikkje vera smålåtne i omtalen om han. For denne karen veit å stilla opp. Han er kreativ, hendig, nevenyttig, finn praktiske løysingar på dei fleste utfordringar – og er altfor lett å be om ei teneste, eit stykke arbeid, eller ei oppgåve.
Listene er lange over alt som vinnaren har bidrege med i nærmiljøet. Vi skal ikkje nemna alt, men vi kan gje nokre stikkord:
- Bygdavaktmeister med alt som det inneber.
- Jolagran-kontraktør med bindande samfunnskontrakt.
Sjefsarkitekt, entreprenør og vedlikehaldsansvarleg med spesialkompetanse innan blant anna benkar og blomakassar. - Steinparkentusiast og viktig bidragsytar der.
- Lagersjef for utstyr som må vedlikehaldast for neste sesong.
- Fleire år med stor innsats for å restaurera jakta Gurine i Rosendal.
- Spesialist-restauratør av færingar/oselvingar.
- Og så har vi Buførevegen – delaktig i det meste frå starten og fram til dagens vedlikehald.
Og det er meir. Mykje meir. Vinnaren er engasjert i det meste og i dei fleste rundt seg. I frå dei yngste til dei mest vaksne. I laglandet, til fjells og på fjorden. I samfunnet og nærmiljøet, i lag og i enkeltmenneske.
Du er ein uvurderlig ressurs for Vikebygdkrinsen, for vestsida og for Ullensvang.
Frivilligprisen
Frivilligprisen består av ei innramma utmerking og blomar. I tillegg får vinnaren ein gåvesjekk på 25.000 kroner som ein kan dela ut til ein eller fleire frivillige organisasjonar. Sigbjørn valde å dela pengane i to, og delte dei mellom Bygdahallen og Vikebygdkrinsen, som er dei naturlege treffpunkta for alle i lokalmiljøet. I tillegg fekk vinnaren ein kasse med godbitar å kosa seg med i førjulstida. Vel unt, og vel blåst, kjære Sigbjørn!
Elles ynskjer vi å takka:
- Kåre og Elias saman med sine gode hjelparar som sytte for eit stemningsfullt arrangement der lokalbefolkninga fekk møtas og hylla vinnaren i fellesskap.
- Nå musikklag for nydeleg musikk og julastemning til fingerspissane.
- Juryen for frivilligprisen, som består av tre medlemmer frå Utval for kultur og levekår og fem medlemmer høvesvis frå Ullensvang kommune sitt eldreråd, ungdomsråd, idrettsråd, råd for personar med nedsett funksjonsevne og frivilligrepresentant frå friviligsentralane sitt rådgjevande organ.