Flodbølgjesituasjon i Sørfjorden – Rettleiing i byggesaker

I mars 2022 tokUllensvang kommune i mot aktsemdskart for flodbølge etter fjellskred. Dette får konsekvensar for store byggeprosjekt som ligg innanfor aktsemdssona. Innanfor aktsemdssona må såleis bruksendringar og nybygg dokumenterast å vere i sikkerheitsklasse S1 eller S2. jf. pbl § 28-1, jf. TEK17 § 7-3. Tiltak i sikkerheitsklasse S3 kan ikkje byggjast.

Teknisk forskrift er nyleg endra slik at det er mogleg å utrede og opne for S3-tiltak innanfor aktsemdsområdet. Utgreiinga må gjerast gjennom ein planprosess, evt. mindre endring av reguleringsplan.

Under ligg ei kort rettleiing til ansvarlege søkjarar. Denne gjev råd i høve korleis vurdere personopphald og bygning opp mot sikkerheitsklassane i dagens Teknisk Forskrift.