
Fare for usikker is i område Ståvatn – Kjelavatn
Statkraft byggjer Nye Kjela dammar ved Kjelavatn i Vinje kommune. I samband byggjearbeida er det i perioden 24. februar til 28. april 2025 nødvendig å halda låg vasstand i Kjelavatn. Ståvatn vil i same periode stiga gradvis og isforholda på både Kjelavatn og Ståvatn vil vera svekka ut sesongen.
NVE har i brev av 3. februar 2025 gjæve løyve til dette, inkl. mellombels fråvik frå
manøvreringsreglementet for vassdraget med fastsetja vilkår.
Me gjer merksam på at effekten av dette vil vara lengre enn tidfest periode avhengig av vêrforholda vidare utover vinteren. Viser til NVEs iskart.no der finn du fleire opplysningar om områda.
Ståvatn
Som følgje av at vasstand hevar seg gradvis i perioden svekkast isforholda. Det er sett opp informasjon lokalt som me ber alle om å respektera. Me tilrår spesielt vaksne å halde oppsyn med born.
Kjelavatn
I samband med arbeid vil Kjelavatn tappase ned. Her vil det i perioden vera høg
byggjeaktivitet.
Generell aktsemd
All ferdsel på regulerte vassdrag er inneber risiko. Spesielt i område kring inntak, i kanalar og ved inn- og utløp av overføringstunnellar. Varierande vasstand fører generelt til svak is langs land. Ved låg magasinfylling kan det vera fare for ras av isblokker, og at isen langs land sprekk opp. Desse sprekkane er ofte gøymde av eit snølag, og det må difor utøvast stor aktsemd ved passering inn og ut på isen.
Me ber om at dykk viser respekt for inngjerding og skilting og hugs på at forholda kan endra seg raskt så meld gjerne frå om usikre forhold knytt til reguleringa.
Ynskjer du ytterlegare informasjon kan du ta kontakt med Statkraft:
- Hallgeir Kleiv – Kraftverkssjef, tlf. 90 57 86 92 eller
- Hallgeir Aarbakk – Produksjonssjef, tlf. 91 63 83 45.
- Statkraft Energi AS, Storvegen 119, 3880 Dalen.
For meir informasjon og dei nyaste oppdateringane sjå statskraft.no